mandag 19. september 2016

Hallo Erfjord! "Kløver" kjem heim i dag!

Paul Sverre Fyljesvoll og Olav Erfjord hadde sin siste pølsemiddag i Tananger
i går kveld. Dei ventar seg ein festmiddag i Erfjord i kveld. Og ein god dusj. 
Hald utkikk etter ein gammal kjenning i fjordane i dag. Etter 50 år i utlendighet kjem den gamle melkebåten "Kløver" endeleg heim til Erfjord i ettermiddag. Ein gong etter klokka 16 vil den klappa til kai på Erøy der båten hadde heimehavn frå 1955 til 1966. På den siste delen av ferda inn Erfjorden skal "Kløver" eskorterast av skøyta "Gerda Olava". Alt ligg til rette for ein storstilt gjensynsfest i Erfjord i kveld.

"Kløver" blei bygd i Erfjord i 1955. I 10 år frakta den mjølk, varer og folk mellom Erfjord, Jelsa og Sand. I 1966 var Ryfylkevegen ferdig. Då blei melkebåten"Kløver" arbeidslaus. Sjølv om den blei seldt til Sverige, har den aldri blitt gløymd i heimbygda. Nå er "Kløver" snart heime igjen.   

Det er to veker sidan erfjordbuane Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord og Tor Olav Følgesvold drog til Lysekil på den svenske vestkysten for å henta båten som Olav Erfjord hadde fått tilbod om å overta vederlagsfritt frå den nåverande eigaren Bjarne Isaksen. Han er den fjerde eigaren av "Kløver" sidan den forlet Norge for 50 år sidan. Erfjord hadde ei skøyte frå før. Difor let han "Kløver" gå vidare til Paul Sverre Fyljesvoll som nå er blitt båteigar. Det er desse to karane som nå har segla "Kløver" heim til Norge igjen. Assistent Tor Olav Følgesvold fungerte som sjåfør og returnerte heim med bil då dei to andre kasta loss etter ei vekes jobbing for å få ting til å fungera. 

Dette er ikkje dagen for ein grundig gjennomgang av den tekniske tilstanden til "Kløver". Men erfjordbuane har teke seg av vatn i olja på motoren, ein lekkasje i baugen og diverse anna førefallande småreparasjonar før dei kunne setja kursen vestover med båten som måtte handterast med stor forsiktighet. 

Planen om å gå frå Lysekil direkte til Risør blei raskt skringlagt. Dermed gjekk fyrste etappe frå Lysekil til Nord-Koster utanfor Strømstad tysdag for ei veke sidan. Dagen etterpå styrte dei mot Norge, men kom ikkje lenger enn til Sandefjord på grunn av tjukk skodd. Neste stopp var rett utanfor Kragerø. Då var det sjøgang som tvinga dei til å stoppa. Grimstad blei neste havn før Mandal utpå søndagen.

"Kløver" vel i havn i Tananger i går kveld. Den gamle Lyse-båten er næraste nabo. I dag går turen heim til Erfjord. 


Klokka halv seks mandag morgon heiv dei laust i Mandal og gjekk i eitt fram til Tananger der dei fortøyde rett ved den tidlegare skyssbåten til Lyse Kraft ved 19-tida i går kveld. 

Det var to smørblide karar bloggaren møtte der. Då var middagen akkurat klar. - Kosten har vore variert, Eine dagen har det vore pølser og bacon, neste dag har det vore bacon og pølser. Pluss ein dag med fiskepinnar, fortel redar og kokk Paul Sverre. 

- Kva planar har du for "Kløver"?

- Me får sjå. Eg fekk tilbod om å overta båten gratis. Far min hadde fiskeskøyta "Ragnhild" i mange år. Nå får eg ein liknande båt sjøl. Det er mykje arbeid som må gjerast før den er ship shape, men eg er så heldig å ha ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar, seier redaren med eit smil. Sjølv er Paul Sverre Fyljesvoll (68) utdanna maskinist. Han har fleire års fartstid på gamle "Jøsenfjord". Olav Erfjord (69) var i 28 år skipper på "Vølaren" som tilhøyrde Statens Vegvesen. Han har også fartstid på melkebåten "Kløver".

"Kløver" på veg inn i Tananger havn i går.
 (Foto: Stig Erfjord)
"Når "Kløver" nå er vel heime og godt fortøyd, skal det byggjast ei solid slippvogn før båten blir dregen opp på land på eigedommen til Olav Erfjord. Dei to karane reknar med at "Kløver" veg 25 - 30 tonn når den blir dregen på land. Der står det mykje arbeid for tur før båten kjem på sjøen igjen. Kva tid det blir, er det ingen som vil meina noko sikkert om i dag. 

Tippar det blir mange godt vaksne erfjordbuar å sjå på Erøy i kveld etter klokka 17. "Kløver" har mange venner i den fjorden.

"Kløver"-interesserte i Stavanger må vera på vakt i føremiddag. Båten kan plutseleg liggja i Børevika eller ein annan stad sentralt i Stavanger. Dei to erfjord-buane planlegg ein liten stopp i byen før heimturen.

Eg skreiv den fyrste bloggen om "Kløver" 30. august. Den finn du ved klikka deg tilbake nokre får hakk her på bloggen min.

"Kløver"-karane i båtprat i Børevigå i Stavanger i dag. Frå venstre: Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord, Jan Skaar,
Hans Petter Dyrseth og Jørgen Dyrseth. 





  







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar