mandag 21. februar 2022

Kåre Palmer Holm fekk tre års fengsel for sine meritter

 

Tittelen i Aftenbladet 16. desember 1959.


Det gjekk eit lettelsens drag over skapsprengar Kåre Palmer Holm sitt ansikt då sorenskrivaren i Ryfylke, Kåre Høyland, les opp dommen på tre års fengsel for hans meritter sommaren 1959, sto det på førstesida på Aftenbladet 16. desember same året. Årsaka til lettelsen var at retten ikkje hadde tatt hensyn til statsadvokatens påstand om tre års forvaring i tillegg til fengselsstraffa.


Dermed var Holm funnen skuldig i skapsprengningane både på Sola postkontor og i Finnøy sparebank. Han blei også dømt til å betala ein erstatning på 60.000 kroner til postverket. I skjerpande retning blei det lagt vekt på Holm sine tidlegare forgåelsar og at tjuveria hadde foregått i tida før han begynte soninga for den tidlegare skapsprengninga på Randaberg.


Kåre Palmer Holm fekk snakka
nokså fritt i rettssalen. 

Retten trudde ikkje på at Holm hadde somla vekk utbyttet frå Sola postkontor. Det var heller ingenting i saka som talde i formildande retning.


Men retten meinte at Holm sitt innbrot i ei hytte ved Bråsteinsvatnet ikkje kunne karakteriserast som grovt. Der hadde forresten Holm skreve i hytteboka og takka for opphaldet.


Kåre Palmer Holm blånekta i retten på at han hadde vore på Finnøy. Han hevda at dei hadde vore på Aubøsund i Sjernarøyane. Han skulda hendinga på Finnøy på båteigaren som hadde tatt han med på turen til Ryfylke. Men dette trudde ikkje dommarane på.


- Det var jo Holm som var fagmannen, meinte dei. Forresten blei skapspreninga på Finnøy mislukka på alle måtar. Dei greidde ikkje å få opp skapdøra. Det greidde heller ikkje dei tilsette i banken dagen etterpå. Fagfolk frå byen måtte tilkallast for å åpna den skadde døra.


Statsadvokat Oftedal anka dommen mot Holm til Høyesterett, sidan han ikkje fekk herredsretten med seg på å gi han verken forvaring eller sikring. Men han fekk ikkje medhald.


Rettssaka mot Holm var ein spesiell forestilling. I Rogalands Avis står det at tiltalte var godt forberedt til dysten i retten. Han greip stadig inn i forhandlingane når han meinte ting var feil framstilt. Dommar Høyland var snill og let Holm få ganske fritt spelerom. Men av og til måtte dommaren bruka klubba når det blei altfor mykje lått og løye mellom tilhøyrarane.

To uniformerte politimenn passa på i salen og ellers var ein mengde politifolk møtte som vitne. Utanfor rettssalen fekk Holm prata både med vitne og pressefolk og virka tilsynelatande godt opplagt.


Er det rart at så mange hadde sympati for Kåre Palmer Holm? Han var jo ein fargeklatt på sin måte.


Dette var blogg nr. 10 om den skapsprengaren som var kriminelt sjarmerande.


















lørdag 19. februar 2022

Kjell - den fromme broren til Kåre Palmer Holm

 

Kjell Holm sto ikkje bare langs vegane med budskapet sitt. Her er han på Gladmat i 
Stavanger. Foto: Arnt Olav Klippenberg. 


- Omvend dere, for Jesus kommer snart, sto det på plakaten til Kjell Holm. Eit kjent fjes for dei fleste. I mange år sto han langs vegane og forkynte sitt budskap til bilistane i Sør-Rogaland.


Alle visste kven denne mannen var, men dei færraste visste kva han hette. Kjell Holm var ein sju år yngre bror av Kåre Palmer Holm. Mens storebror i si tid var kjent som skapsprengar og rømningsekspert, jobba Kjell for å forkynna om Jesus og informera om at dommedag ikkje var langt unna.


Mange blei provosert av måten Kjell Holm forkynte budskapet på, men med åra var det fleire som smilte og vinka til han når dei passerte, fortalte han i eit intervju med Aftenbladet i 1996.


Stort intervju med Kjell Holm på By-siå i Aftenbladet 4. mai 1996.



- Folk tror de kjenner meg bare fordi de har sett meg ved veien. Men det skal mye til å bli skikkelig kjent med meg, sa han til Aftenbladet i dette intervjuet.


Kjell Holm hadde gått på skule i 17 år. Både på gymnas og handelsskule. Etterpå blei han immatrikulert ved Universitetet i Oslo, men han avslutta studiene etter eit år ved Misjonshøgskolen i Stavanger.


I sju år var han bussjåfør. Seinare var han menighetsarbeidar og klokkar på Hundvåg og hadde ansvaret for deler av konfirmant-undervisninga der.


Han reiste rundt som talar på bedehusa i Sør-Rogaland, men så fekk han klar beskjed av Vårherre om å gå ut og treffa folk der dei var. I begynnelsen var han ein hyppig gjest på pubar og utestader om kveldane, men det blei for dramatisk.


- Eg provoserte folk med skiltet mitt. Når folk hadde fått seg ein for mye på tånnå, hadde dei ikkje kontroll over seg sjøl, fortalde han.


To gonger ble skiltet hans øydelagt og ein gong blei han nesten kasta på sjøen.


Sjøl om Kjell Holm hadde drukke litt i sin ungdom, blei han seinare totalavholdsmann. Han blei ganske provosert viss folk sette tomme ølflasker utanfor huset hans for at det skulle sjå ut som han drakk.


Men Kjell Holm lova Aftenbladet i 1996 at han ville bli å sjå langs vegane med skiltet sitt i framtida også. Det gjorde han så lenge han hadde helsa til det.


Han døde i 2016, 85 år gammal.


fredag 18. februar 2022

Kåre Palmer Holm stakk av med Fanakofta mi!

 

Kåre Palmer Holm hadde Fana-kofta mi på seg då han stakk av frå Hundvåg, seier Astri Lunde.
Ho hadde sommarjobb på Ideal hermetikkfabrikk då rømlingen var innom der. Den heldt til 
i bygningen er vertshuset Galeien held til i dag.


- Rømlingen hadde laga seg eit reir på høgaloftet på hermetikkfabrikken Ideal i Galeivågen på Hundvåg. Der låg han truleg heilt i ro på dagtid mens eg sat i etasjen under og sorterte på iddisar. Då eg kom på jobb onsdag 22. juli 1959, var det oppstyr på fabrikken med både politi og pressefolk på plass. Utpå dagen oppdaga eg at Fana-kofta mi var borte. Eg gjorde store auer då eg såg bildet av rømlingen med kofta mi i Rogalands Avis dagen etterpå, fortel 80 år gamle Astri Lunde i dag.


I juli 1959 var Astri 17 år gammal og hadde sommarjobb på hermetikkfabrikken som heldt til i huset der vertshuset Galeien har sine lokaler i dag. Den unge jenta skulle begynna på fire-årig lærarskule til hausten og hadde sommarjobb på fabrikken der mora hennar også jobba.


Iddis frå hermetikkfabrikken Ideal.

Brevet som Kåre Palmer Holm hadde sendt til Aftenbladet, låg på lokket på eit melkespann rett utanfor hermetikkfabrikken. Då politiet kom, oppdaga dei fort at rømlingen hadde vore på loftet på fabrikken i fleire dagar. Der var det eit godt utstyrt proviantlager. Brød, smør, pålegg, poteter og sjokolade låg det igjen etter han. Matvarene hadde han stole ved å bryta seg inn i Lunde kolonial som heldt til i eit nabohus i Galeivågen.


Rømlingen hadde tatt med seg ein halv kasse med hermetikk då han stakk om morgonen. Ei snekke som låg ved Bjørnevik slipp i Galeivågen, var borte. Den var nå truleg på veg mot Ryfylke med Kåre Palmer Holm om bord. Snekka tilhøyrte Martin Husebø som var onkel til Torbjørn Kindingstad som var journalist i Aftenbladet i mange år.


Då Kåre Palmer Holm ringte til redaktør Per Thomsen i Aftenbladet denne morgonen, brukte han telefonen på kontoret på hermetikkfabrikken. Bestyrarinna på fabrikken, Anna Nystrøm hadde eit biapparat i huset sitt rett over vegen. Ho høyrte eit klikk i telefonen på det aktuelle tidspunktet. Hadde ho løfta av røyret, ville ho truleg ha høyrt samtalen mellom rømlingen og redaktøren.


Eit spann med kvitmaling og ei oljehyre var også forsvunne frå fabrikken. Var det planen å kamuflera snekka?


Då ein politimann og ein Aftenblad-journalist reiste med båt frå byen til Buøy ved halv-seks-tida på morgonen, såg dei ei snekka som var heilt inne ved Skansekaien. Var det Kåre Palmer Holm som hadde tatt seg ein svipptur innom byen før han stakk vidare innover fjordane?


- Dette var ein ganske dramatisk dag. Eg har aldri gløymt hendinga. Det var jo sjelden med den slags røvarshistorier i den tida. Me hadde ikkje TV då. Men alle hadde jo høyrt om rømlingen som leika katt og mus med politiet. Men det var jo litt spesielt å havna midt opp i dramatikken, seier Astri Lunde.


Heldigvis var rømlingen ein ufarleg mann. Han hadde gjort forholdsvis liten skade der han var innom.


Astri Lunde var lærar på Hundvåg i 40 år fram til ho var 62 år. Ho runda nyleg 80 år og er i fin form.


Dette var åttende bloggen om Kåre Palmer Holm. Det kjem meir snart.



torsdag 17. februar 2022

Kåre Palmer Holm ringte Aftenblad-redaktøren og sende brev til avisa

 


Rømlingen sin telefon til redaktøren og brevet til avisa var
toppsak i Aftenbladet onsdag 22. juli 1959.

Klokka 4 på natta ringte telefonen heime hjå redaktør Per Thomsen på Gausel natt til onsdag 22. juli 1959. Mannen som ringte, presenterte seg som Kåre Palmer Holm. Han hadde skreve brev til Aftenbladet. Brevet låg klar til henting, plassert på eit lokk på eit melkespann på brygga i Galeivågen på Hundvåg.


Kåre Palmer Holm sa til redaktør Thomsen at han rekna med å bli tatt snart. Men då Thomsen sa at han like godt kunne melda seg for politiet med ein gong, var rømlingen uenig. Politiet ville bli varsla straks, sa Thomsen. Rømlingen blei ikkje skremt. Han sa han ringte frå ein telefonkiosk og var umulig å spora opp. Dessutan kunne ein venn av Holm komma ille ut viss redaktøren varsla politiet.



Då samtalen var slutt, la redaktøren telefonrøyret på sida av telefon og ringte politiet frå eit anna telefon-apparat. Håpet var at ein kanskje kunne finna ut kor samtalen kom frå. Men i den tida gjekk telefonane til Gausel, via Hinna bisentral og forbindelsen blei kutta då samtalen var slutt.


20 minutt seinare var ein sivil politiman og ein journalist frå Aftenbladet på veg til Buøy med ekstrabåt. Dei tok vegen vidare til kaien innerst i Galeivågen. Der låg brevet frå Kåre Palmer Holm. Då var det berre gått ein time sidan han hadde ringt til redaktør Thomsen.


I dette brevet skreiv Holm at han trudde pengane som han hadde tatt på Sola postkontor, truleg var mista på motorbåtturen langs Jærkysten i april. Han hadde også ein del kritikk mot politiet. Mellom anna etterlyste han 200 kroner frå ein navngitt politimann. Dei to hadde inngått eit veddemål om Kåre Palmer Holm ville greia å rømma frå fengslet.


Telefonen og brevet frå rømlingen kom på eit heilt ideelt tidspunkt for

Aftenbladet som på den tida var middagsavis med trykkestart klokka tolv på dagen. Det blei eit stort oppslag på fyrstesida og eit langt utdrag av brevet sto også i avisa. Det har eg nå skreve av etter beste evne:


TIL PRESSEN!


Enten man vil tro meg – eller ei – blev jeg uskyldig dømt i Randabergsaken. Etter dette måtte jeg altså belage meg på å sone idømte 18 måneder.


Uansett skyldig eller ikke, så hadde nok dette vært det eneste riktige, men pga hele den lange depresjonsperioden jeg hadde vært i, fra lagmannsrettsavgjørelsen og til spørsmålet om soning med mye misbruk av alkohol, var min dømmekraft blitt så svekket at jeg begikk den dumheten på Sola.


Under min varetektsarrest kom jeg til at det eneste riktige var å skaffe de saknede penger til rette igjen. Jeg forsøkte på alle mulige vis å bevege politiet til å løslate meg i 24 timer for å kunne hente pengene, men mine beveg-grunner var ikke sterke nok. Jeg tok saken i min egen hånd og rømte fra fengslet.


Når det gjelder lakenet som brast for rømling nr. 2, forstår jeg ikke dette på annen måte enn at lakenet har vært utsatt for stort rykk. Jeg veide 8 – 10 kilo mer enn nr. 2, men meg holdt det. Jeg la heller ikke merke til at lakenet brast – dertil var jeg for opptatt, og dessuten kunne jeg vel ikke godt gå hen å spjelke låret hans?


Rømningen var nok kjedelig for vaktmester og betjent, og at det nettopp skulle være disse som både er humane, greie og påpasselige. Men at de begge ikke kan lastes får en forståelsen av når det ikke tok mer enn ca 30 – 40 sekunder fra jeg gikk fra WC og til jeg var ved Våland skole.

De mennesker som jeg har vært i kontakt med under rømningsforsøket har som regel vært hjelpsomme og elskverdige. Den beste var nå likevel bonden som påtraff meg i hans hønsehus (hvor hønene holdt et sånt spetakkel bare fordi jeg flyttet litt på dem for å lete etter 2 – 3 egg), som så meg, men som ikke så meg, som gav meg en svær matpakke, men som ikke gav meg noe mat osv.


Well nu er det snart på tide at jeg lar politiet få tak i meg igjen. Det har vært noen hektiske og spennende dager, og det beste av alt: Jeg har lagt på meg 2-3 kg.


Vær hilset


Kaare Holm


Aftenbladet 22. juli 1959


Holm i snekke? Dette var tittelen på ei sak på fyrstesida rett under oppslaget om  rømlingen. Politiet opplyste at ei snekke var stolen frå Bjørnevik Slipp i Galeivågen. Meldinga fekk forventningane til å stiga innover i fjordane. Var Kåre Palmer Holm på veg til nye eventyr i Ryfylke?


Dette var blogg nr. 7 om den skapsprengar-sjarmøren frå Stavanger. Heng på! Det er mykje å blogga om ennå. Veldig kjekt når folk deler bloggen med andre!



onsdag 16. februar 2022

Kåre Palmer Holm blei spesialist på pengeskap i Ålesund

 



Kåre Palmer Holm blei spesialist på pengeskrin og pengeskap i Ålesund. Der lærte han seg å dirka opp pengeskap som hadde gått i vrangslås. Var rømlingen frå Stavanger på veg til gamle tomter på Sunnmøre?


Stavanger-avisene var fulle av Holm-stoff i desse julidagane i 1959 då han var på frifot. Kjærkomment for journalistane. Dette var midt i agurkt-tida. Ingenting skjedde. Folk var på ferie og i avisene hadde dei eit svare strev med å fylla avisene sine med lesbart stoff. Då rømte 36-årige Kåre Palmer Holm på spektakulært vis frå fengsel. Folk var heilt ville etter å lesa siste nytt om sjarmør-banditten.


Aftenbladet skreiv følgande 16 juli: "Folk vet nok at Kåre Palmer Holm er en dreven forbryter, men siden han aldri har øvd vold mot mennesker, regner de fleste med at han er ufarlig å komme ut for. Selv om han streifer fri omkring, nøyer folk flest seg med å låse døren, og de sover godt. - Det gjelder alle, unntatt banksjefene, var det en mann på Revheim-veien som sa i går kveld."


Tittel i RA 21-7-1959.



Folk i Haugesund meinte også dei hadde sett Kåre Palmer Holm, meldte Rogalands Avis. Politiet fekk telefonar frå folk som skulle ha sett han på Haglandsbussen. Politiet rykka ut, men då var den påståtte rømlingen borte.


Ein mann frå Skjold skulle ha sett Stavanger-mannen på Haukeliveien. Då hadde han fått haik med ein bil med svenske turistar på veg austover. "At det gjaldt en svensk bil, skulle bare bestyrke mistanken om at Holm satt i den. Hvis han har prøvd å haike, ville det naturligvis være større risiko ved å forsøke seg på en norsk bil. En svensk turist vet neppe om at Holm eksisterer i det hele tatt. Hvis det virkelig var den ettersøkte skapsprengeren som satt i bilen, vil han være over alle hauger nå, kanskje i Oslo eller på Sørlandet eller over grensen", skreiv RA.


Tittel i RA 22-7-1959.



Mest spennande var melding frå Ålesund: "Sunnmøre Arbeideravis har tilfeldigvis kommet over opplysninger som tyder på at Kåre Palmer Holm er godt kjent på Sunnmøre og at han bent ut har utdannet seg her til sitt senere virke.


En Kåre Palmer Holm ble i 1950 tilsatt ved en metallvarefabrikk i nærheten av Ålesund og beskjeftiget seg da bl a med reparasjon av pengeskrin. Han var også behjelpelig på legal måte å dirke opp pengeskap som hadde gått i vranglås. Han skal også ha hjulpet til med forskjellig annet finmekanikk-arbeide.


Under sitt opphold i distriktet fra 1950 til april 1952, da han flyttet til Stavanger, skrev han seg i folkeregisteret med tittelen ingeniør, men har også ved andre anledninger titulert seg som bedriftsleder.


En har drøftet om Kåre Palmer Holm forsøker å komme til gamle tomter, og undersøkelse har vært i gang, men ingen har sett noe til ham her oppe.


Politiet i Ålesund opplyser at etter de undersøkelser som er foretatt, foreligger det ikke noe om at denne Kåre Palmer Holm har foretatt seg noe straffbart under oppholdet i Ålesundsdistriktet."


Ei spennande tid i Stavanger. Dette var blogg nummer seks. Ennå har eg mykje igjen å blogga om. Hald ut viss du tykker dette er spennande.

tirsdag 15. februar 2022

Vidar fant Kåre Palmer Holm i høyet

 

Politiet på leit etter rømlingen i potetåkeren på Madla.

Kåre Palmer Holm-feberen gjekk rett i taket i Rogaland fredag 17. juli 1959. Rømlingen hadde overnatta i ei løa på Madla og Rogalands Avis (RA) hadde intervju med den unge Vidar Revheim som fant han på låven. Holm hadde rømt frå fengslet i Stavanger søndagen før. Alle var spente på kva han nå ville finna på.


Og politiet stakkar. Dei blei avbilda i RA mens dei rota rundt i potetåkeren på Madla. Men då var hovedpersonen sjølv over alle haugar. Den same fredagen publiserte Aftenbladet Imsland-teikningen der politiet er tildelt klovna-rollen. Ikkje rart at rømlingen blei ein slags lokal Gjest Bårdsen-figur.


Vidar Revheim fann Holm i 
høyet. I dag er han 84 år og
hugsar dette godt.Foto frå RA.

- Eg drøste med Holm i ein halv time. Ein koselege kar, men han ville ikkje seia kor han gøymer pengene, sa Vidar Revheim til RA. Han hadde fått seg ein alvorlege støkk då han plutseleg dumpa på ein fremmande kar i høyet. Holm stokk, han også. Men var først til å summa seg.


Han smilte til Vidar og sa: Ta det roleg, farr. Eg er Kåre Palmer Holm.

Dette var uventa, men etter at presentasjonen var unnagjort, sette Vidar seg ned i høyet og drøste med rømlingen i ein halv times tid. Til slutt sa Vidar at nå måtte skapsprengaren ta beina fatt før han varsla politiet.


Rømlingen var ubarbert, men hadde skifta til tørre klede på låven.


- Det var ein rektigt koselege kar. Det var nesten vondt å melda han. Ikkje for det, han fortalte at det var løye å driva ap med politiet, sa Vidar til RA.


Aftenblad-teiknar Henry Imsland mora seg også på politiet sin bekostning.



- Kan du ikkje i det minsta gi meg ein halvtime før du ringer til politiet, spurte Holm. Men dette avviste Vidar Revheim. Då tok han beina fatt.  Politiet kom til garden på Krossberg eit kvarter seinare.  Dei var for seine. Rømlingen var som sunken i jorda.


I dag er Vidar Revheim 84 år, men han hugsar godt då han fann Kåre Palmer Holm i høyet. Forresten fortalde han ikkje heile sanninga til avis for 63 år sidan. Han og mora gav rømlingen mat før han stakk av. Revheim hugsar stadig Holm som ein kjekk kar. 


Politiet rykka ut med store styrker til garden Solberg ved Krossberg på Madla. I tre timar finkjemma dei terrenget. Dei brukte sporhund også. Men det tok tid før hunden var på plass.


 Og dessuten var det andre som tok Kåre Palmer Holms parti. Kyrne på garden blei heilt rebelske då hunden nærma seg. Hundeføraren blei redd både for hunden og seg sjølv. Dermed mista dei sporet av rømlingen.


I tida som kom, strøymde det inn med meldingar frå folk som meinte dei hadde sett den etterlyste skapsprengaren. 


Ein mann som påsto han kjente Kåre Palmer Holmer sa til Rogalands Avis at hadde sett han på denne  ettermiddagen på Misjonsmarka i Stavanger. Han hadde nikka og smilt og såg ut til å vera i god form. Det gjekk tre timar frå mannen meinte han hadde sett den etterlyste, til han varsla politiet.


Dette var femte blogg om Kåre Palmer Holm. Eg har mykje stoff på lager. Det er berre å stålsetja seg for fleire opprivande opplysningar i dagane som kjem.

mandag 14. februar 2022

Kåre Palmer Holm med speedbåt til Austlandet

 

Med denne speedbåten skulle Kåre Palmer Holm til 
Austlandet på nye eventyr. Men han stranda på Jærkysten.
Bildet er frå Aftenbladet.

                           


Søkklasta med kontanter, 67 000 kroner, og med politiet i hælane. Ka gjørr du då? Då kjøper du speedbåt og stikk til Austlandet.


Det var truleg slik han tenkte, Kåre Palmer Holm, i april 1959. Han hadde skaffa seg flust med pengar etter å tømt pengeskapet på Sola postkontor. Men det var ingen fred å få på våre kanter. Han var etterlyst både for skapsprengninga på Sola og ein mindre vellukka sprengningsjobb på Finnøy.


Ka nytta det med mykje 
pengar, når du har politiet
etter deg, tenkte Kåre 
Palmer Holm.

Den raske kvitlakkerte speedbåten på 14 fot, kjøpte han i Sandnes for 6500 kroner. Den gjekk 25 knop. Lørdag 18 april la han ut frå Hafrsfjord i båten. Ifølge Aftenbladet var han godt utstyrt med klede, mat og brennevin. Han hadde også ein ryggsekk med verktøy og borar til mulige jobbar på veg til Austlandet.


Han hadde drukke nesten to flasker brennevin då han gjekk frå Hafrsfjord.


- Eg hugsar så vidt at eg gjekk frå Hafrsfjord utan å venta på ein sovepose som ein slektning skulle skaffa meg, fortalte han i Ryfylke herredsrett i desember 1959, ifølge Rogalands Avis.


Stavanger-politiet hadde fått greie på at rømlingen var på veg sørover med båt. Politiet i Egersund blei varsla og dei gjekk ut med to båtar med fire politifolk om bord.


Men Kåre Palmer Holm kom ikkje så langt at han møtte politifolka frå Egersund. Någe gjekk gale. Han og speedbåten enda i strandsteinane på Nærland på Jæren. Sjølv hugsa han lite og ingenting frå heile turen.


På  Nærland vassa Holm i land. Det draup både vatn og blod av mannen då han kom inn i det første og beste huset han såg seint på laurdagskvelden. Der ville han låna telefon.


Mannen i huset, Arne T. Nærland, fortalte til Aftenbladet dagen etterpå at han hadde høyrt i radioen om ein mann som var etterlyst og fatta mistanke.


Holm sa at han var på week-end-tur. Han pleide å ta seg ein tur i helgene enten på båt-tur eller i fjellet.


Nå måtte turisten ha drosje og han fekk låna telefonen. Då han skulle betala for seg drog han opp ei klype med pengesedlar, både 50- og 100-krone-sedlar.


Drosje-sjåfør Erling Salte kom til Nærland og henta Holm. Sjåføren tenkte at dette var ein bymann som hadde dradd på fisketur og hadde fått litt for mykje sterke saker innabords.


- Karen var ikkje snakkesalig lenger då han hadde sett seg til rette i bilen og duppa av.


Drosjesjåfør Salte fekk ein mistanke om at det var ugler i mosen. Kunden hadde ikkje oppgitt kor han ville hen i byen. Difor tenkte sjåføren at han kunne avlevera Holm til ein politi på Torget i Stavanger. Men han kom ikkje så langt. Politiet stoppa drosjen i Hillevåg. Store politistyrkar var ute på jakt etter rømlingen.


Nå var Kåre Palmer Holm forkommen. Han hadde hatt eit betydeleg blodtap og måtte på sykehus før han kunne puttast i fengsel igjen. Han var ikkje i stand til nye sprell på ei stund.


Det gjekk tre månader før han han rømte igjen i slutten av juli.


Dette var fjerde bloggen, men langt frå siste, om Kåre Palmer Holm. Ein heilt spesiell type som mange stadig hugsar. Eg har brukt reportasjane som sto i Aftenbladet og Rogalands Avis om denne mannen i 1959, som kjelde til mine skriverier.