![]() |
| Her er Landkunne-boka mi frå folkeskulen. |
Eg er så glad for at eg gjorde meg ferdig med fokeskulen før alle desse pedagogane og politikarane begynte å herja med skulesystemet vårt. Det er derfor eg klarte å komma med gjennom heile skule-systemet i 1969 og kunne krona meg med studenthua på håvet hjå fotografen i byen til slutt.
I den tida starta ein utdanninga som sju-åring. I dei innerste avkrokar vil det seia to-delt skule annankvar dag. Fyrst var det småskule, fyrste, andre og tredje klasse, deretter storskule ut sjuande. Storskulen møtte måndag, onsdag og fredag. Småskulen tysdag, torsdag og laurdag.
![]() |
| Vormedalen skule. Halvparten var skulestova og resten lærarbustad. |
På 1950-talet blei det lærarmangel. Lærarane med utdanning kunne velja og vraka i stillingar. Dermed blei det litt varierande kvalifikasjonar på dei lærarane eg og jamaldringane mine opplevde på skulen.
Men me kom oss gjennom og lærte både det eine og det andre. Det viktigaste: Å sitja roleg og halda kjeft i timane. Viss ikkje kunne ikkje ein enkelt lærar greidd å læra frå seg dei nødvendige ting til elevar på ulike trinn i same skulestova. Me hadde respekt for lærarar og lærerinner som me sa i den tida.
Av og til tenkjer eg på kva eg lærte. Det var jo litt av kvart. Landkunna var jo eit fascinerande fag. Eg gleda meg til å begynna i storskulen for då fekk me det faget som dei kalla geografi i byen.
![]() |
| Rogaland-sida i Landkunna. |
- Aursunden hugsar eg ennå. Du veit om den. Ikkje? Det er fjellvatnet der Glåma, Norges lengste elv, renn ut i frå og veks seg større breiare til den renn ut i havet ved Fredrikstad.
Å teikna kart og utstyra dei med navn på innsjøar og byar og fylkesnavn var ein viktig del av landkunna. Kanskje derfor det blei så lett å gå rundt og hugsa all slags løgne navn som Bandak og Totak den dag i dag.
Og i Landkunna sto der at det var 52 000 innbyggjarar i Stavanger. Må vedgå at eg aldri har fått eit oppdatert tal til å sitja. Slik blei det.
Uff! Dette blei jo eit langt epos. Berre ein opplysning til om skulegang i gamle dagar. Eg begynte på skulen i 1956 og starta i storskulen i 1959. Då var Hjelmeland ein fattig kommune. Dei nye lærebøkene som me trong i storskulen, måtte foreldrene våre skaffa viss det ikkje var eldre sysken å arva bøker av. Eg var eldst hjå oss og me måtte til byen og kjøpa lærebøker i Torgersen bokhandel i Kirkegata eller Tjørkjegadå som det blei uttalt i Vormedalen.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar