mandag 8. mars 2021

Hesten på garden åt opp såpa til påskaturistane

 

Hesten Bruno blei kjæledeggen til byturistane etter at den åt opp såpa deira. Eg veit ikkje
kven av turdeltakarane som poserer med hesten. 


Hesten Bruno på Stuarhaugen kjende lukta av ferskt brød frå gardshuset der byturistane hadde installert seg. Då blei den nærgåande og snusa både her og der utan resultat. Men der oppdaga han såpa så lett tilgjengeleg i vindfanget. Før nokon fekk sukk for seg, var såpa i hestemagen.


Å du så synd byasane tykte det var for hesten. Dei gav han både brød og vatn for å kvikka han opp. Og kvikk blei gampen igjen. Resten av påskaferien blei den reine kjæledeggen for gjestene på garden på Fundingsland.


Såpe-saka er med i minne-albumen som blei laga etter at fire Stavanger-par drog på påskatur til Fundingsland i Hjelmeland i 1918. Deltarane på turen: Waline og Wilhelm Bøe, Ellen og Julius Seim, Margit og Erik Lunde, Ida og Jon Bøe og Harriet og Arthur Bøe. Fyrste del av reiseskildringa blei publisert på denne bloggen for tre-fire dagar sidan.


Det var ikkje kven som helst i Stavanger som hadde forbindelsar og pengar til å kunna rusta seg ut til ein skikkeleg, fleire dagars påskaferie i 1918. Fyrste verdenskrig rasa i Europa. Det var jobbetid, dyrtid og rasjonering på mange slags matvarer.


Ut frå det eg les i minneboka, var brørne John og Wilhelm Bøe krumtappane i opplegget.


Brørne Bøe dreiv 
Corona Canning

Eg siterer direkte frå minneboka: John Bøe var utrættelig i sin virken for at skaffe proviant, og der lykkedes ham – foruten kaffe, svedsker og aprikoser m. m. - at tilveiebringe 30 (tredive) landsbrød, og, man tør nesten ikke uttale det, altsammen uten kort. Det var derfor med beklagelse at man ved de forskjellige maaltider måtte konstaterte at han ikke spiste sig mæt, og vor deltagelse kulminerte da han senere fortalte, at han først var blit mæt 3 dage efter hjemkomsten.


Om broren Wilhelm og kona Waline står det følgande: Wilh og Waline Bøe lurte sig til at reise ind 8 dage forut og fik samtidig tilladelse til at sørge for proviantens rigtige framkomst . - Parret gjorde omegnen uskikket til handel med smør i de 3 kommende maaneder ved deres store indkjøp.



Kva slags jobbar brørne Bøe hadde i 1918, står det ingen ting om i reiseskildringa. Men dei markerte seg seinare som hermetikkfabrikantar i Stavanger. I 1922 starta dei Corona Canning som etterkvart fekk eit stort fabrikkbygg i Hillevåg. Dette aksjeselskapet blei fyrst avvikla i 1967.


For vertsfolket på Stuarhaugen i Fundingsland var det gull verdt å få påskegjester i hus. Som nevnt var dette ei tid med pengemangel og matmangel. Dei pengane dei fekk for å innlosjera byfolka var viktige i ei tid då korkje alderstrygd eller landbrukssubsidier var oppfunne.


Slik eg forstår det, var det to hus på Stuarhaugen: Gardshuset pluss eit ekstra hus. Dei leigde vekk både huset og det meste av gardshuset. Sjølv trykte vertsfolket seg saman så godt dei kunne desse dagane. Dei kunne ha overnatta i høyet i løa for det eg veit. Dei hadde god timeløn for det, kan du skjøna.


Tjerand Stuarhaug fekk fin omtale i 
Aftenbladet då han var 75 år i mai 1954.


Ekteparet Anna og Albert Stuarhaug, dottera Inger og sonen Kjerand budde på Stuarhaugen. Foreldra døydde i løpet 1920-åra. Anna og Kjerand selde garden sin til Lars Sandvik frå Suldal i 1932.Barnebarnet hans, Lars Strøm, bur på Stuarhaugen i dag.


Inger og Kjerand flytta til Kleppa rett utanfor Hjelmeland sentrum.


Tjerand var ein spesiell type. Hundrevis av hermer har levd etter han. Han tok avskjed med naboane i fjellbygda for å flytta til den frodige fjordbygda på Kleppa med orda: Dokke må komma og sjå om oss pinsti. Då er plommå monte!


Inger Stuarhaug døydde i 1943, 60 år gammal. Tjerand døydde i 1954. Han blei 75 år.

torsdag 4. mars 2021

Frå møblert Stavanger-hjem til villmarka i Hjelmeland

 

Turdeltakarane samla til planlegging heime hjå Ida og John Bøe i Niels Juels gate i Stavanger.


Matvarene var rasjonert. Vegane var ikkje bygde. Skiferdighetene var mangelfulle. Berre dei modigaste byfolka kunne drista seg til å leggja ut på ein slik påsketur for over 100 år sidan.

Ellen Julie Lycke Bodal har tatt vare på
tur-albumen frå påske 1918.

Skildringa av den omstendelege fjellturen i påskehelga 1918 er henta frå ein album som ligg i familiehytta til Ellen Julie Lycke Bodal på Laugaland. Ho er barnebarnet til turdeltakarane  Ellen og Julius Seim.

  Ikkje nok med at dei fem Stavanger-para planla og rusta seg ut til påsketur til det veglause Fundingsland der dei styrte på med skiturar og all slags fornøyelsar. I tillegg blei det laga ein flott album med tekst og bilder frå turen.

Deltakarane på turen: Waline og Wilhelm Bøe, Ellen og Julius Seim, Margit og Erik Lunde, Ida og Jon Bøe og Harriet og Arthur Bøe.

For over 100 år sidan var det ikkje kven som helst som kunne ha laga ein slik album med så gode bilde og trykt skrift. Enten måtte du ha vore usedvanlig velståande eller så kunne det vera ein i dette selskapet som hadde kontakter og kunne sørga for dette. Eg trur at eg har funne ut kven som har laga albumen.

Fundingslandsvandet.


Arthur Bøe er mannen vil eg påstå etter å ha søkt i Aftenblad-arkivet. I 1949 var ein ansatt i avisa på studietur til Berlingske Tidende i København. Der blei han presentert for Stavanger-mannen Arthur Bøe som hadde vore tilsett i Dreyer Trykkeri i Stavanger. Han hadde slutta der 25 år tidlegare og reist til København. På arbeidsplassen sin på Dreyer kunne han heilt sikkert hatt muligheter for å kunna laga ein så fin album og gitt den til turdeltakarane etterpå.


Påskeferien før i tida starta tidlegast onsdag før skjærtorsdag. Deltakarane våre  reiste med den fullstappa dampbåten "Hjelmeland" frå Stavanger klokka 7 om morgonen og dei var framme i Tøtlandsvik klokka ett. Der blei dei møtt av Mandius Mæland og Tore Laugaland med hest og vogn som skulle hjelpa dei med å transportera damene og bagasjen til Fundingsland. Mennene måtte gå. Klokka sju på kvelden var dei framme.

Turdeltakarane var mellom 30 og 40 år og fleire av para var småbarnsforeldre. Ungane fekk ikkje vera med på den strabasiøse påsketuren. Dei blei nok plassert hjå andre i familien heime i Stavanger.

Eg har laga ei rein avskrift at skildringa av planleggingsmøtet. Om språket her er gjeldande rettskriving i 1918 er eg ikkje sikker på. Det er mulig at det er lagt inn ein litt gammaldags schwung for å få fram smilet hjå turdeltakarane når dei skulle lesa om påske-strabasane sine.

Eg kjem med meir frå påsketuren 1918 så snart eg får tid!


Paasketuren 1918


Deltagere: Waline og Wilhelm Bøe, Ellen og Julius Seim, Margit og Erik Lunde, Ida og John Bøe og Harriet og Arthur Bøe.

Ellen og Julius Seim mødte som sedvanlig med smilende aasyn ved avreisen – Fruen aabenbarede ( som sedvanlig) sit hjertensgode sindelag og var ( som sedvanlig) altid i godt humør; var i aar særlig flink på ski og passede sine huslige pligter til vistnok alles tilfredshet. Seim befandt sig sikkert udmerket og skaanede sig ikke, han hadde fordreiet den gode leveregel "tidlig til køis og tidlig op" til "først til køis og sidst op", men det kunde der heldigvis rådes bod for. Hadde god greie paa de forskjellige med mer eller mindre velklingende navne beliggende tinder ( som vi ikke her skal nævne) og kunde aldrig komme høit nok tilveirs og lufte sine officersmustacher. Var utrættelig i sin virken for at skaffe damerne og bagagen hjem på en pen måte.

Harriet og Arthur Bøe hadde deres force i at underholde selskapet. Fruen utviste iaar en færdighet paa ski som virkede forbausende, og der konstatertes ingen huller i isen eller knekkede skistokke, behøvede iaar ikke bakken alene og gjorde seg bemerket ved opfindelsen av en ny maate at sagtne farten paa ( onde tunger paastaar at farten forøkedes).

Fruen holdt sig iøvrig, ikke meget indendørs og satte vistnok stor pris paa frisk luft, - Manden hendes, som forøvrig ikke gir fruen meget efter i godt humør, blev dekorert med en merskumspipe. Han hadde likesom sidste aar tendenser som gaar i retning av det huslige og gjorde sig bemerket ved sine gymnastiske øvelser paa ski (jfr. "sommerveien")


John og Ida Bøe udmerkede sig likesom sidste aar paa forskjellig maate. --- John Bøe var utrættelig i sin virken for at skaffe proviant, og der lykkedes ham – foruten kaffe, svedsker og aprikoser m. m. - at tilveiebringe 30 (tredive) landsbrød, og, man tør nesten ikke uttale det, altsammen uten kort. Det var derfor med beklagelse at man ved de forskjellige maaltider måtte konstaterte at han ikke spiste sig mæt, og vor deltagelse kulminerte han senere fortalte, at han først var blit mæt 3 dage efter hjemkomsten. - Fruen spiste vist heller ikke meget, det bemerkedes flere gange ved opvasken ( kun den ene tallerken var brukt). Fruen hadde bevart sin kendte holdning og stod iaar udmærket på ski(stok).

Margit og Erik Lunde sluttede sig til selskapet i saagodtsom 11te time, naar der skal tas hensyn til den tid der medgik som fruen ødslede bort

(ifølge paalidelig kilde) foran speilet for at vænne seg til den nye sportsdres (der taltes om kropsvridninger m. m. flere timer om dagen). De var begge overordentlig elskelige og utviste forbløffende færdighet paa ski, aabenbarede mange gode egenskaper som dog ikke alle kan nedskrives, men den fornemste var den lyst og villighet hvormed de utførte sine pligter (vist nok til den største glæde for de resp. Lidelsesfæller), vi haaper det holder sig gjennem aarene. - Fruen hadde den stygge vane at være vaat om føtterne ....... hvorfra det end stammede. Lunde derimot var altid tørskoet.

Wilh og Waline Bøe lurte sig til at reise ind 8 dage forut og fik samtidig tilladelse til at sørge for proviantens rigtige framkomst . - Parret gjorde omegnen uskikket til handel med smør i de 3 kommende maaneder ved deres store indkjøp. Det var de øvrige deltagere en trøst at avreisen skede med saa stort forsprang, man hadde erfaringer fra proviantpakningen (1 1/2 time forsent for ca. 10 min. gang), man skulde jo helst være samlede naar man kom frem – og de var virkelig kommet. Paa ski utviste parret samme færdighet som sidste aar, for fruens vedkommende helst mere. Var ikke bange for at gaa paa glatis, hvilket ikke kan sies om alle.


onsdag 24. februar 2021

Små lokale selskap er ute av rutebuss-dansen!

 

- Suldal billag kan ikkje konkurrera om buss-anbud med dei store aktørane, seier Per Arne
Fisketjøn, dagleg leiar i Suldal billag. Foto: Næringsforeningen Haugalandet.


- Toget har gått for dei små lokale busselskapa i rutebuss-transporten. Etter mitt syn er det dei store landsdekkande selskapa som vil vinna alle anbud i åra som kjem.


Dette seier Per Arne Fisketjøn. 57-åringen er dagleg leiar og medeigar i Suldal billag. I tillegg er han eigar av turbuss-selskapet Suldalsbussen.


I 2018 mista Suldal billag jobben med å driva all rutebuss-transport i det meste av Suldal kommune, deler av Hjelmeland kommune og Røldal. Selskapet hadde då 30 tilsette og 25 bussar med stort og smått.


Alle sjåførane fekk tilbod om ny jobb i Tide Buss som nå hadde fått anbudet på all rutebuss-transport for Kolumbus i nordre deler av Ryfylke. Mellom 20 og 25 av sjåførane i Suldal billag takka ja og kjører nå dei same bussrutene med ny arbeidsgjevar.

To gode suldalsbussar. Tidlegare distriktslege Bjarne Bråtveit i prat med busseigar Per Arne
Fisketjøn. Foto: Terje Bråtveit.


- I Suldal billag hadde me også turbussar. Då me mista rute-kjøringa, var det planen min å driva turkjøring med ein buss. Men det blei større enn som så. I dag har Suldalsbussen fire store turbussar og to små. Me er to faste sjåførar og opptil ti sjåførar som kjører for oss ved behov, seier Per Arne Fisketjøn som nå i tillegg har bygd seg opp som turbuss-aktør i Haugesund-området. Dei fleste fotballklubbane på Haugalandet brukar Suldalsbussen når dei skal av garde på kampar i distriktet og resten av landet.


Utsiktene såg strålande ut for eit år sidan, men så kom korona-elendigheta og dermed har det blitt knalltøffe tider. Men den entusiastiske suldølen har ikkje mista motet.


Han har dessutan fleire bein å stå på. For Suldal billag er stadig i live. Dette selskapet står som eigar av bygget på Suldalsosen som var hovedkvarteret for drifta i Suldal bllag i tidlegare år. Selskapet leiger ut kontorlokale og vaskehall til Tide Buss. Men det er Suldal billag som driv bilverkstaden og bensinstasjonen og har fem tilsette her.


Per Arne Fisketjøn eig 60 prosent av Suldal billag. Rune Furseth eig resten av selskapet.



I dag er det fire av dei store busselskapa som tek seg av rutebuss-kjøringa i Rogaland for det fylkeskommunale kollektiv-selskapet Kolumbus.


Norgesbuss har anbudet på kjøringa på Nord-Jæren med 3600 turar og 223 bussar. Vy Buss har to anbud: Jæren og Dalane med 930 turar og 102 bussar og Haugalandet med 700 turar og 86 bussar. Tide Buss har anbudet for Ryfylke Nord med 140 turar og 34 bussar. Boreal har anbudet for Ryfylke Sør med 310 turar og 42 bussar.

tirsdag 23. februar 2021

Flest polakkar blant Vybuss-sjåførane i Sør-Rogaland

 

Rutebuss frå Kolumbus i Egersund sentrum. Du ser den gamle meieri-pipa bak bussen.
 Det er Vybuss-avdelinga i Sandnes som har ansvar for rutekjøringa her.
 Foto: Arnt Olav Klippenberg, Aftenbladet. 

Polakkane utgjer 60 prosent av dei totalt 150 faste sjåførane i Sandnes-avdelinga av Vybuss. Her har dei ansvaret for alle Kolumbus-rutene frå Sandnes og ut i distriktet, Jæren og Dalane. 110 av sjåførane er stasjonert i Sandnes og 40 i Egersund.


Mange av polakkane kom til Stavanger-området som buss-sjåførar alt i 2008 og har busett seg i distriktet og blitt gode å snakka norsk. Men det er også betydeleg andel med eldre norske sjåførar som kjører for Vybuss-avdelinga. Dette er pensjonistar som ikkje har fast turnus, men kjører når det passar for dei.


Å rekruttera yngre nordmenn har vist seg vanskeleg for Vybuss Sandnes. Når søkarane forstår at dei må på jobb både tidleg og seint, jobba delte skift og i helgene, er det mange som takkar nei. Det har faktisk hendt at det er folk som har bakka ut i sjølve jobb-intervjuet, blir eg fortalt.


I og med at Vybussane kjører mest på bygdene, blir det mykje kjøring av skule-elevar morgon og kveld. Midt på dagen er det ikkje mange rutebussar på vegane her. Dermed er det ikkje bruk for så mange sjåførar på denne tida og dei fleste må ta seg ein pause midt på dagen.


Dei lange skifta utan pause, blir det dermed sjåførane med lengst ansiennitet som får. Nybegynnarane må ta til takke med dei delte skifta.


Då Vybuss lyste ut to ledige sjåfør-jobbar før jul, var det 60-70 søkarar som meldte seg. Dei fleste var utlendingar som kjørte buss andre plasser i landet, men nå var interessert i å prøva seg på ein ny plass. Vybuss-avdelinga på Sandnes vender seg ikkje til utlandet for å sjåførar.


Så i dag er dørene stengde for folk som vil prøva seg i yrket?


Nei, er svaret. Folk som kan tenkja seg å kjøra som avløysarar og vikarar vil alltid bli godt mottekne, er svaret eg fekk.

fredag 19. februar 2021

Mange ledige bussjåfør-jobbar. Men svindyrt førarkort!

 

Sjåføropplæring-bussen har vore ofte på farten i Stavanger-området det siste året.



Viss du vil bli bussjåfør, får du jobb på dagen. Det er ein skrikande mangel på sjåførar. Men førarkortet er svindyrt! Nærare 100.000 kroner.


Norgesbuss som driv alle Kolumbus-rutene i Stavanger-området og på Rennesøy, har tilsett 50 nye sjåførar i løpet av det siste året. Behovet for sjåførar auka etter at ruteproduksjonen blei større i løpet av fjoråret.


Problemet er å finna sjåførar med førarkort for buss. For tida er 10 spanjolar under opplæring på Norgesbuss. Når dei er sjekka ut og slepp ut i trafikken, har dette buss-selskapet omlag 20 spanske sjåførar i arbeid. Totalt er det 30 nasjonaliter mellom dei 450 sjåførane som soknar til Norgesbuss-avdelinga som held til på Kolumbus sitt garasje-anlegg på Forus.


- Omlag halvparten av dei nye sjåførane kjem frå utlandet. Dei har førarkort for buss med seg frå heimlandet og treng berre ei forholdsvis kort opplæringstid før dei kan begynne i ordinær rutekjøring, opplyser driftsjef Jon Nordmark i Norgesbuss avdeling Rogaland.


Dei aller fleste norske ungdommar som er interesserte i å kjøra tunge kjøretøy, blir lastebilsjåførar. Busssjåfør-yrket er ikke særleg attraktivt for nordmenn i dag sjølv om det er ein sikker jobb. Men for mange utlendingar er det stadig attraktivt å reisa til Norge for å kjøra buss.


Ein annan viktig årsak til bussjåfør-mangelen: Det er svindyrt å bli sjåfør. Oppimot 100.000 kroner kostar heile utdanning med teori-opplæring, kjøretimar og eit obligatiorisk YSK-kurs før du kan setja deg i sjåførsetet.


Teori-opplæringa kostar 27.000 kroner. Ein kjøretime kostar 1400 kroner. Til slutt må du gå på eit fire vekers obligatiorisk YSK-kurs til 40.000 kroner, får eg opplyst på ein sjåførskule her i distriktet.


NAV betaler sjåfør-utdanninga for enkelte av elevane. Andre får støtte frå Statens lånekasse for utdanning.


Sidan opplæringa av sjåførar i stor grad er sett bort til privat-eigde trafikkskular og det offentlege har engasjert seg lite i denne typen yrkesopplæring, er det konstant sjåfør-mangel. Dette har ført til at mange eldre sjåførar stadig er i full sving på rutebussane sjølv om dei er langt over vanleg pensjonsalder. Aldersgrensa for å kjøra buss, er 75 år for dei som har godkjent helseattest.


torsdag 18. februar 2021

Hoggjen – ein hardfør heiamann og jeger frå Hjelmeland

 

Hoggjen i unge år. Navnet var Johannes P. Tøtland, men han skifta
etternavn til Øvrabø etter at han kjøpte eige gardsbruk.


Han skaut jervar, revar og ørn. Ein gong skaut han 12 – 13 ryper i eit skot. Johannes P. Tøtland var det offisielle navnet, men i daglegtalen sa folk i bygda Hoggjen. Han var fødd i 1867 på husmannsmannsplassen Hogget under garden Tøtland i Vormedalen. Mellom mannfolka i bygda blei han omtala med respekt. Ein jeger og heiamann utan sidestykke!


Varden på Fjellsenden. Foto: UT.no

Han kom frå enkle kår, men hadde gode evner og vilje til å utnytta dei sjansane det var i denne bygda til å arbeida seg opp og fram. Ein flink murar blei han som vaksen. Det står ennå fine, forseggjorde gråsteinsmurar igjen etter han. Den flotte steinvarden på Fjellsenden i Vormedalsheia, 1101 meter over havet, var det Hoggjen og medhjelparane hans som har æra for. Den blei sett opp i 1917 på oppdrag frå Statens Kartverk. Byggjesteinen var sprengt ut på staden.


Ved å søka i Aftenblad-arkivet finn du navnet til Hoggjen fleire gonger. Han skaut jerv og rev kvart einaste år. Og desse jakthistoriene havna i avisa av og til.


Aftenblad-meldar Bjarne Fosså frå Hjelmeland skreiv om Hoggjen i februar 1967.

 -Ein av dei flinkaste skyttarane i Hjelmeland i eldre tid. Han lika godt å ferdast i skog og mark med børsa og var ein glup veidemann, skriv Fosså og held fram:

Ein vinter under fyrste verdenskrig tok Hoggjen livet av fire jervar. Den eine skaut han. Han oppdaga fotefara etter jerven og følgde dei til dei enda i ei ur ved Fjellsenden i heietraktene aust for Vormedalen. Han lada børsa og la seg på vakt. Då jerven synte seg, fyrte han av og jerven blei liggjande daud. Dei andre jervane tok han i saks.

 Ifølge sonen Gunvald Øvrabø tok faren tilsaman sju jervar i si tid.

Forresten snakka dei ikkje om jerven i Vormedalen. Dei sa "arven"!

Kleivalandsmoen som Hoggjen kjøpte og kalla Øvrabø. Foto: Harald Liebich.


Jegeren fekk over1000 kroner i skotpremie for å fella ein jerv for 100 år sidan. 1000 kroner i 1920 tilsvarar 20.204 kroner i dag, ifølgje priskalkulatoren til Norges Bank. For Hoggjen var dette ei viktig inntekt, kan du skjøna. Dei brukte han til å kjøpa seg eige bruk på Kleivalandsmoen og busette seg der. Dette er den øverste garden på Kleivaland som Hoggjen gav navnet Øvrabø. Fotturistar som parkerar på Kleivaland for å gå til fjells, passerer husa på veg oppover mot høgheia.


Ingen veit koss mange revar Hoggjen skaut eller tok i fellene sine. Men ein gong blei han lurt av ein rev. Han kom heim med reven som han anten hadde skote eller tatt i saksa. Den trudde han var daud og la den frå seg i vedaskuten. Litt seinare kom han ut igjen, men då var reven vekke. Den var ikkje så daud som Hoggjen trudde.


- Betre lukke hadde han med seg ein gong han fekk skyta 12-13 ryper i eit skot. Dei sat i ein vier-runne, skriv Fosså.


Hoggjen dreiv også med jakt på småvilt. Han hadde skote ein hare ein gong og let den liggja på berget medan han ladde børsa på ny. Akkurat då han var omtrent ferdig med ladinga, kom det ei ørn og ville ta haren, men jegeren reagerte kjapt og skaut ørna også.


Vinteren 1936 var Hoggjen ille ute. Ikkje på jakt i høgheia, men nede i Vormedalen. I Aftenbladet frå 25. januar 1936 står det om dramaet:


Måndag var det eit fælande snørôk i Vormedalen. Den kjende veidaren og heiekaren Johannes Tøtland – Hoggjen som han til dagleg vert kalla – hadde vore nede i Vika (Tøtlandsvik). Men på heimvegen vart han overfallen av snøstormen og fekk så vidt berga seg i hus hjå Johannes Tøtland d.y. Dit hadde han lote krabba eit langt stykke. Folke hans tok ut på leit og var glade då dei fann han velberga.


Koss kunne det ha seg at den gamle heiamannen heldt på å bli overmanna av snørôk nede i Vormedalen? På denne tida var Hoggjen 69 år. På sine eldre dagar blei synet hans dårleg og då han døydde i 1948, var han blind. Han har nok hatt problem med å sjå seg føre i uvêret.

Eg skal ikkje gi meg ut for å vera nokon Hoggjen-historiker. Denne bloggen er basert på dei opplysningane eg har funne i Aftenblad-arkivet og det som Ingvar Bjørnhus og Norvall Tytland har skrive om denne særmerkte mannen. 




torsdag 28. januar 2021

Sola kom og hanen skeit!


Klokka 10.05 i dag 28. januar vann sola over fjellet hjå oss.


Brått fekk eg den skarpa sola rett i trynet. Klokkå 10.05 hadde den krabba over fjella og skein inn glaset vårt i Hjelmelandsvågen. Sjøl om fjellet gjekk oppover der sola skulle vidare, greidde den å halda seg høgt nok til å skina ned på oss alle på denne kalde januar-dagen då me hadde sett ti kalde grader på gradestokken. Det er svinkaldt her i elvatrekken på slike dagar.


Her inne i Ryfylke er folk vane med at sola er vekke opptil mange veker før og etter jul. Eit samtale-emne: - Tenk, ti veker er solå vekke hjå dei, kunne folk seia før i tida og dei gjer det vel kanskje ennå. Og det blei sagt på fleip at visse plasser var det så høge fjell at det skein verken sol eller måne. Onnesolt er eit velkjent omgrep innigjønå. Og han Johannes Vigane inne ved Breilandsvatnet var ikkje lite kry av garden sin: - Vigane, sol heila året, sa han og flirte nesten heilt rundt.


Hima hjå oss på Laugaland meiner eg at sola var vekke seks veker kvar vinter. Mor mi var heilt oppi vêret når dei fyrste solstrålene greidde å pressa seg gjennom den gresne furuskogen oppå Bjørkehaugen og skein gjennom glaset rett på veggen mellom stovå og bestastovå. Ein dag slik passeleg ut i januar.


Dagane blei lenger utover vinteren. Veit du koss eg fyrst lærte meg det? Jo, du ser det at søskenbarnet mitt, Magne, fekk lommalykt av vår felles bestemor til jul. Eg var kjempe-missunnelege. Og eg gjorde det klart for bestemor at eg ynskte meg lommalykt til geburtsdagen min i slutten av februar.


- Du har ikkje bruk for lommalykt då. På den tida er du ikkje ute etter at det er mørkt. Kveldane er blitt så lange at det nesten er leggetid for deg før du treng kunstig lys, sa bestemor. Trur du eg gav meg. Nei, eg maste om dette kvar dag. Eg fekk lommalykt som eg omtrent ikkje fekk bruk for før hausten etterpå. Gløymte aldri den leksa.


Utover i mars og april studerte mor mi sola som greidde å halda seg over himlaleite lenger og lenger for kvar dag. Og veit du kva ho presterte å seia: - Sola greier et hanefjed lenger for kvar dag som går. Ho brukte ein del løgne ord og vendingar, mor mi.


Min to år yngre bror, Dag, hadde notert seg dette. - Tenk solå går eit hanasjed lenger i dag, sa han. Han var ikkje så gammale, men visste at hanane skeit av og til, dei også.


Før eg sette meg til å skriva dette, googla eg sol og hanefjed. Trur du ikkje det var opptil fleire treff på sola som tok desse hanafjeda. Slik er det. Viss det blir så fint vêr som yr.no lovar framover, kan me sjå koss sola strekkjer seg den vegen hanen skite. Det blir kjekt i desse tider.


I dag forsvann sola bakom åsane i sør nøyaktig klokka 15.25. Då hadde me fått vår dose for i dag. Men ho hadde seg ein pause bakom Hjelmen mellom 12 og 13. Hu må kvila litt på denne tida. Men berre vent. Det er ikkje lenge før solå greier Hjelmen. Ei veke kanskje. Me får sjå!


OBS: Eit fjed er gammeldags dansk for skritt.