- Suldal billag kan ikkje konkurrera om buss-anbud med dei store aktørane, seier Per Arne Fisketjøn, dagleg leiar i Suldal billag. Foto: Næringsforeningen Haugalandet. |
- Toget har gått for dei små lokale busselskapa i rutebuss-transporten. Etter mitt syn er det dei store landsdekkande selskapa som vil vinna alle anbud i åra som kjem.
Dette seier Per Arne Fisketjøn. 57-åringen er dagleg leiar og medeigar i Suldal billag. I tillegg er han eigar av turbuss-selskapet Suldalsbussen.
I 2018 mista Suldal billag jobben med å driva all rutebuss-transport i det meste av Suldal kommune, deler av Hjelmeland kommune og Røldal. Selskapet hadde då 30 tilsette og 25 bussar med stort og smått.
Alle sjåførane fekk tilbod om ny jobb i Tide Buss som nå hadde fått anbudet på all rutebuss-transport for Kolumbus i nordre deler av Ryfylke. Mellom 20 og 25 av sjåførane i Suldal billag takka ja og kjører nå dei same bussrutene med ny arbeidsgjevar.
To gode suldalsbussar. Tidlegare distriktslege Bjarne Bråtveit i prat med busseigar Per Arne Fisketjøn. Foto: Terje Bråtveit. |
- I Suldal billag hadde me også turbussar. Då me mista rute-kjøringa, var det planen min å driva turkjøring med ein buss. Men det blei større enn som så. I dag har Suldalsbussen fire store turbussar og to små. Me er to faste sjåførar og opptil ti sjåførar som kjører for oss ved behov, seier Per Arne Fisketjøn som nå i tillegg har bygd seg opp som turbuss-aktør i Haugesund-området. Dei fleste fotballklubbane på Haugalandet brukar Suldalsbussen når dei skal av garde på kampar i distriktet og resten av landet.
Utsiktene såg strålande ut for eit år sidan, men så kom korona-elendigheta og dermed har det blitt knalltøffe tider. Men den entusiastiske suldølen har ikkje mista motet.
Han har dessutan fleire bein å stå på. For Suldal billag er stadig i live. Dette selskapet står som eigar av bygget på Suldalsosen som var hovedkvarteret for drifta i Suldal bllag i tidlegare år. Selskapet leiger ut kontorlokale og vaskehall til Tide Buss. Men det er Suldal billag som driv bilverkstaden og bensinstasjonen og har fem tilsette her.
Per Arne Fisketjøn eig 60 prosent av Suldal billag. Rune Furseth eig resten av selskapet.
I dag er det fire av dei store busselskapa som tek seg av rutebuss-kjøringa i Rogaland for det fylkeskommunale kollektiv-selskapet Kolumbus.
Norgesbuss har anbudet på kjøringa på Nord-Jæren med 3600 turar og 223 bussar. Vy Buss har to anbud: Jæren og Dalane med 930 turar og 102 bussar og Haugalandet med 700 turar og 86 bussar. Tide Buss har anbudet for Ryfylke Nord med 140 turar og 34 bussar. Boreal har anbudet for Ryfylke Sør med 310 turar og 42 bussar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar