fredag 19. februar 2021

Mange ledige bussjåfør-jobbar. Men svindyrt førarkort!

 

Sjåføropplæring-bussen har vore ofte på farten i Stavanger-området det siste året.



Viss du vil bli bussjåfør, får du jobb på dagen. Det er ein skrikande mangel på sjåførar. Men førarkortet er svindyrt! Nærare 100.000 kroner.


Norgesbuss som driv alle Kolumbus-rutene i Stavanger-området og på Rennesøy, har tilsett 50 nye sjåførar i løpet av det siste året. Behovet for sjåførar auka etter at ruteproduksjonen blei større i løpet av fjoråret.


Problemet er å finna sjåførar med førarkort for buss. For tida er 10 spanjolar under opplæring på Norgesbuss. Når dei er sjekka ut og slepp ut i trafikken, har dette buss-selskapet omlag 20 spanske sjåførar i arbeid. Totalt er det 30 nasjonaliter mellom dei 450 sjåførane som soknar til Norgesbuss-avdelinga som held til på Kolumbus sitt garasje-anlegg på Forus.


- Omlag halvparten av dei nye sjåførane kjem frå utlandet. Dei har førarkort for buss med seg frå heimlandet og treng berre ei forholdsvis kort opplæringstid før dei kan begynne i ordinær rutekjøring, opplyser driftsjef Jon Nordmark i Norgesbuss avdeling Rogaland.


Dei aller fleste norske ungdommar som er interesserte i å kjøra tunge kjøretøy, blir lastebilsjåførar. Busssjåfør-yrket er ikke særleg attraktivt for nordmenn i dag sjølv om det er ein sikker jobb. Men for mange utlendingar er det stadig attraktivt å reisa til Norge for å kjøra buss.


Ein annan viktig årsak til bussjåfør-mangelen: Det er svindyrt å bli sjåfør. Oppimot 100.000 kroner kostar heile utdanning med teori-opplæring, kjøretimar og eit obligatiorisk YSK-kurs før du kan setja deg i sjåførsetet.


Teori-opplæringa kostar 27.000 kroner. Ein kjøretime kostar 1400 kroner. Til slutt må du gå på eit fire vekers obligatiorisk YSK-kurs til 40.000 kroner, får eg opplyst på ein sjåførskule her i distriktet.


NAV betaler sjåfør-utdanninga for enkelte av elevane. Andre får støtte frå Statens lånekasse for utdanning.


Sidan opplæringa av sjåførar i stor grad er sett bort til privat-eigde trafikkskular og det offentlege har engasjert seg lite i denne typen yrkesopplæring, er det konstant sjåfør-mangel. Dette har ført til at mange eldre sjåførar stadig er i full sving på rutebussane sjølv om dei er langt over vanleg pensjonsalder. Aldersgrensa for å kjøra buss, er 75 år for dei som har godkjent helseattest.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar