tirsdag 31. januar 2023

Då Aftenbladet fekk vindu mot Ryfylke

 

Aftenbladet fekk orkesterplass til Sauda sentrum.

Brøytekantane var høge som hus. Fjordisen var metertjukk. Det var svinkaldt. Kvikksølvet gøymde seg så godt det kunne heilt nederst i gradestokken. Omtrent slik var vinteren 1962 då den ferske Aftenblad-journalisten, Oddvar Lavold, hadde sin fyrste vinter ved Ryfylke-kontoret i Sauda.


Ryfylke-kontoret blei åpna i september året før. Oddvar Lavold var den fyrste journalisten og Sigvart Løland var kontorist. Ryfylke og Sauda, ikkje minst, skulle få ein dekning og ein service dei berre hadde drøymt om før.

Dei åpna Sauda-kontoret saman. Journalist Oddvar Lavold, til venstre, og kontorist
 Sigvart Løland. 


Journalisten var både energisk og produktiv og dei indre deler av Ryfylke var jomfrueleg terreng. Her var det berre til å skriva i veg og fotografera i vilden sky.


Rogaland opplevde ein tøff vinter med snø og is. I Sauda sprengde dei alle tidlegare vêrrekordar. Aftenbladet var fullt av snø- og is-reportasjar frå Sauda  og all slags utrulege bilete av folk som kava på for å halda samfunnet i gang. Dollarvegen langs Saudafjorden mellom Sauda og Ropeid var stengt gong på gong. Den tjukke fjordisen hindra rutebåt-trafikken. Berre nokre få rutebåtar var i stand til å ta seg fram gjennom isen.

Metervis med snø møtte Oddvar Lavold når han åpna kontordøra ut mot gata.


Ikkje lett for ein avisjournalist som skulle senda sine tekstar og bilde til Stavanger når vegen var stengt og fjorden islagt. Tekst gjekk det jo an å diktera til hovedreaksjonen i Stavanger via telefon. Bilda var det verre med. Men når vegen åpna, kunne han senda konvoluttar med bussen frå Sauda til Ølen på ettermiddagen. Derfrå gjekk sendinga med rutebåt til Leirvik på Stord. Midt på natta kom nattruta mellom Bergen og Stavanger innom Stord og henta posten som skulle sørover.  Dermed havna sendinga frå Sauda i hovedredaksjonen i god tid før trykking klokka 12. Same kvelden kom det fersk avis til Sauda med Lavold-reportasjen.


Når du går inn i Aftenblad-arkivet så finn du Lavold-reportasjar i søkk og kav. Frå Sauda, Hylsfjorden, Suldal, Sand, Jelsa og Vindafjord. Mykje artig lesestoff og mange kjekke bilde.


Men kor blei alle dei kjekke bilda av etter at dei hadde stått på trykk i avisa? Stavanger Aftenblad hadde ikkje noko redaksjonsarkiv på den tida. Korkje original-bilda og filmane blei arkivert. Det meste er sporlaust vekke. Etter det eg forstår kan folk ha fått kjøpa bilde som dei var interesserte i og dei som var avbilda fekk ofte desse bilda av fotografen. Oddvar Lavold var ein raus mann.


Difor trur eg at det kan finnast ein god del av dei gamle original-bilda i skuffer og skap rundt omkring.


Planen min nå er å blogga i veg i den kommande tida med utgangspunkt i gamle Lavold-reportasjar. Kanskje det kunne dukka opp flotte bilde med stor historisk verdi på den måten. Fint viss folk som har originale bilde, tek kontakt.


Oddvar Lavold døde i fjor. Han blei 88 år gammal. Ein unik skribent og fotograf. Journalistane kom og gjekk ved Sauda-kontoret. Sigvart Løland arbeidde her til han blei pensjonist. Han døde i 2020, 91 år gammal.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar