fredag 13. januar 2023

Heller Lotto-gevinst enn ishockey-puck i øyra!

 

Her ser du beviset! Me har vore på ishockey-kamp.

Kvar einaste lørdag morgon vaknar eg med ein herleg følelse: I dag er det min tur til å vinna topp-gevinsten i Lotto. Slik har eg hatt det i åravis. Og like mange år har eg blitt like skuffa ut på kvelden. Ei og anna rekka med fire rette og ein femtilapp i premie har det rett nok blitt, men gamblinga mi har vore eit tapsprosjekt, så langt.


Sist lørdag vakna eg med den vanlege, gode følelsen. Denne kvelden skulle det blir min tur! Eg kjende det på meg.


Men denne dagen hadde eg meir program enn vanleg i mitt pensjonist-prega lørdagsliv. For fyrste gong i mitt liv skulle eg på ishockey-kamp. Kona mi og eg hadde fått gavkort frå familien til jul: Kamp i DnB Arena mellom Oilers og Vålerenga.


For å vera heilt ærleg. Dette var ein presang eg aldri har ønska meg. - Klart me ska gå, sa kånå. - Javel då, svara eg.


Dermed enda me opp på tribunen i ishallen på Tjensvoll. Eg hadde informert min bedre halvdel om at ishockey-kampar ikkje er slutt etter to omgangar. I denne sporten er det tre periodar. Koss lange dei var, visst eg ikkje, men det ville me jo finna ut når den fyrste var slutt, sa eg.


Frå mi yrkesaktive tid som journalist i Aftenbladet, var eg godt kjent med historia om den gamle sportsredaktøren i avisa som var på sin fyrste ishocky-kamp etter at denne nye sporten kom til byen: Han trudde det var som i fotball, to omgangar, og gjekk glipp av den tredje perioden.


Kånå hadde høyrt diverse historiar om tilskuerar som nesten var blitt truffe av denne pucken som dei brukar i staden for ball, men dette berre blåste eg av.


- Sjansen for å bli truffen av ein puck er vel omtrent like stor som å vinna toppgevinsten i Lotto, sa eg og viste kånå at det hang eit nett mellom oss og isen. Her var ingenting å vera redd for.


På rad tre hadde me rigga oss til med ein gjeng med ytterst siviliserte VIF-supporterar rundt oss. Ein av dei beklaga at me kom så nær dei, men eg tok den tolerante tonen: Me har ingenting mot austlandske Viffarar.


Kampen starta og eg oppdaga at sonen til vår tidlegar nabo på Byhaugen, Erik Paulsen, spelte på Oilers. Sjølv om me aldri har interessert oss for hockey, var me omgitt av ishockey-folk på Byhaugen. Det som fascinerte meg med dei, var at sjøl om dei dreiv med det eg såg på som ein bøllesport, var dei utelukkande både kjekke og veloppdragne.


Så sat med der og kikka på kampen. Ikkje mål, men spelarane dreiv nå på utpå isen. Me sat så nær banen at det høge vantet skjulte litt av isen. Derfor sat eg med blikket festa på Oilers-keeperen. Tenk viss han slapp inn eit mål.


Plutseleg sa det bang! Alle tilskuerane kikka mot meg. Eg var litt håve-tumla.


- Du blei truffen av pucken! Du blør frå øyra! Folk gjorde store auer og plutseleg kom to vakter stormande. Dei ville hjelpa meg ut.


Ein mindre-årig VIF-supporter var også truffen. Koss alvorlege skader han fekk, veit eg ingenting om. Eg hadde nok med meg sjøl.


Vaktene ville at eg skulle dra på legevakta. Dei kunne ringa etter drosje for meg, men dei ville ikkje betala drosjerekningen.


Eg blei ståande og kjenna godt etter. Kånå inspiserte øyra.


- Det ser ikkje ut til at det komme blod ut av øyregangen. Blodet kjem frå øyreflippen, meldt ho.


Me hadde sett 17 minutt med ishockey. Å sitta tre timar på legevakta og sjå på sjuke folk som trong legehjelp, var lite fristande. Me tok bussen heim.


Sidan eg er ein gammal mann som brukar blodfortynnande tabletter, blei det ein del blod før det roa seg. Men alt i alt var vel blødninga bagatell-messig. Eg hadde kanskje hell i uhellet. Viss pucken hadde truffe brillene, nasen eller tennene, kunne det blitt ein meir alvorleg smell. - Eller tinningen, seier kånå.


Me kom til oss sjøl, både meg og kånå, og rigga oss til i sofaen framfor TV-apparatet. Då det var leggetid, hadde me kosa oss med sju episodar av "Evy frå Sandnes".


Tre rette og null gevinst i Lotto. Sjansen for å vinna i Lotto er veldig liten, veit eg etter alle desse åra med gambling. Etter det eg nå forstår, er sjansen for å få ein puck i håvet på ditt livs einaste ishockey-kamp mykje større!


Men eg gir ikkje opp Lotto. Ishockey trur eg ikkje er noko for meg,


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar