onsdag 29. april 2020

Hei du! Velkommen på fastlege-kontoret!

Ikkje akkurat trangt om plassen hjå fastlegen i desse dagar.


Koss skal det gå med desse fastlegane våre? Eg var hjå min i dag. Sjokket har ikkje lagt seg ennå. Kor skal dette enda henne? Eg blei behandla som ein superkunde! 

- Eit øyeblikk, sa kontordama bak plexiglasset. - Øyeblikk er av dei tinga eg har allverda av i min alder, svara eg og trur du ikkje dama smilte. 

Eg prøvde meg med fødselsdato og nummer då ho gløtta opp. Men ho avbraut meg. - Jone Laugaland, du har time klokka ni, sa ho. Omtrent som ho venta litt på meg. Litt kjekt med ei dama som brydde seg. Omtrent som med damene på Prixen på Tasta. Dei også smiler og tullar litt når dei har dagen og god tid.   

På venterommet var eg nesten aleina. Tomt og kjedeligt. Ei stund sat det ein mann på ein stol på andre sida av rommet og kikka usikkert på meg. Han forsvann og etter det sat eg og venta til fastlegen henta meg. Forresten var det ikkje fastlegen min, men ein vikar. Kor min fastlege var, veit eg ikkje, men borte var han. Har dei begynt å permittera?

Og håndsprit var det nesten på kvart hjørna. Eg kom ikkje på desse spritgreiene før det kom ein kvinneleg pasient som forsynte seg av godsakene. Det var nesten for mykje av det gode. 

Vikaren for fastlegen var ein hyggeleg mann. Eg kjenner faren som stammar frå Hjelmeland. Me snakka om mange interessante ting. Om helsa mi og. Ikkje nok med det. Denne legen avslørte sterkt menneskelege sider. Han fekk ikkje datamaskinen sin til å virka skikkeleg. Er det ikkje herleg når dei unge også slit litt med dessse data-greiene?

Besøket på legekontoret blei avlutta med at eg avgav ein blodprøve. Tenk det du! Ein mann tok blodprøven. Har eg opplevd det før?

Heilt spesielt i dag. Ingen køar for å melda sin ankomst. Ingen høytalar-etterlysning av pasientar og ei skrankedama som hadde tid både til eit smil og en oppmuntrande ord til ein gammal kall. Men kor var pasientane henne?

Då kom eg på ein historie frå Jøsenfjorden. Ein gong på 1970-talet fekk Distriktslækjaren i Hjelmeland ein fast kontordag ein gong i månaden i Jøsenfjorden. Heile bygda møtte opp på den fyrste kontordagen til dokteren. Nei, forresten. Det mangla ein mann?? Han var sjuk.

Helsevesenet er ikkje heilt seg sjøl for tida. Lar oss håpa at alt blir bra igjen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar