mandag 17. juni 2019

Sjøl me som gjekk i småskulen blei store!

Småskulen i Vormedalen skuleåret 1958 - 1959 med lærar Åse Nøkling. Fyrste
 rekke frå venstre: Dag Laugaland, Jan Laugaland, Hans Ove Mæland, Andre
rekke: Helga Tytlandsvik med kusina med same navn, Anne Brit Laugaland, Siri
Mæland, Marit Mæland og John Laugaland. Bak: Brita Tytlandsvik,
 Astrid Vormeland, Jone Laugaland og Ingvar Helland (Bjørnhus). 


Småskulen. Det fyrste trinnet på stigen opp til vaksenlivet. Me måtte læra å lesa og skriva. Rekna og, forresten. Det var ingen spøk. Livsens alvor, skulle me heller ikkje gløyma. Det fekk me inn med teskeier i kristendomstimen som var starten på kvar einaste skuledag.

Likevel smilte me til fotografen som hadde stilt oss opp utanfor Vormedalen skule ein solskinsdag hausten 1958 eller våren 1959. Dette veit eg fordi det var Åse Nøkling som var lærar eller skulte - som dei sa - i heimbygda mi den vinteren då eg gjekk i tredje klasse.

Åse Nøkling frå Hjelmelandsvågen var ikkje utdanna lærar i 1958. Ho hadde gått ut av gymnaset eit par år tidlegare og hadde litt lærarpraksis då ho overtok ansvaret for skulen i Vormedalen. Seinare tok ho lærarutdanning og var lærar på Hjelmeland i aldri så mange år.

Vormedalen skule slik den såg ut i mi tid. Lærar Muri og kona budde i den eine enden av skulehuset. Muri var
lærar her på 1930-talet. Foto: Digitalt Museum.


Annankvar dag gjekk me på skulen. Småskulen - fyrste, andre og tredje klasse,  gjekk på tysdag, torsdag og laurdag. Storskulen, fjerde, femte, sjette og sjuande klasse, hadde måndag, onsdag og fredag. Sjøl om me hadde ein del heimelekser, var det mykje tid til andre ting. Dei som kom frå gardane, fekk tidleg vera med i arbeidet heime. Me som ikkje kom frå gard, hadde vel betre tid til å farta rundt og sjå på kva som føregjekk i bygda.

Eg hugsar med glede tilbake på dette skuleåret med Åse Nøkling som lærar. Ho var smilande og glad. Dei to fyrste åra hadde eg streva med å læra med å lesa. Eg følte meg utrygg. Alt i andre klasse måtte med læra avsnitt av bibelsoga utanåt. Desse kunne eg på rams før eg gjekk på skulen, men alt gjekk i svart då eg skulle framføra desse setningane. Uff og atter uff!

Men med Åse Nøkling bak kateteret gjekk det betre. Eg tok meg igjen og greidde meg betre. Det var både ups and downs i dei skuleåra som kom, men eg kom meg gjennom på eit vis.

Utsyn over Vormedalen i april 2019.


Statistikken hadde me mot oss, fann eg ut då eg gjekk på pedagogisk seminar for å kvalifisera meg til å bli adjunkt med opprykk, som det blei kalla.

I ei av lærebøkene på seminaret kom det fram at elevar som hadde foreldre med låg inntekt, lite utdanning og i tillegg budde langt borte frå utdanningsinstitusjonane, var underrepresenterte mellom elevane som tok vidaregåande utdanning. I denne småskule-klassen frå Vormedalen, nesten to mil frå kommune-hovudstaden i Hjelmelandsvågen, var det ingen av ungane som kunne skilta med foreldre med utdanning av betydning. Pengar var det heller ikkje all verden av. Ingen rike, men heller ingen som kunne kallast fattige. Av dei 12 elevane var det likevel minst fire som tok artium.

 I 1959 hadde ikkje Hjelmeland kommune råd til å halda elevane med lærebøker. Dette måtte foreldra syta for. Dei eldste i familien fekk nye bøker som så gjekk i arv i familien. Berre nokon ganske få år seinare blei denne ordninga avskaffa. Etter den tid fekk elevane utdelt lærebøker på skulen.

Men me i småskulen smilte til verda og fotografen. Det gjekk jo ganske godt.

Bildet er tatt av ein sønnene til lærar Olav Østerhus som var læraren min i fyrste klasse. Han døydde sommaren 1957, men familien blei buande nokre år i lærarbustaden som låg i ein enden av skulebygninga. På bildet er det ein gjeste-elev med. Helga Tytlandsvik hadde med seg kusina med same navn! på skulen denne dagen. Bildet fekk eg frå Helga.

1 kommentar:

  1. Kjenner denne skulesoga frå eige liv, men havna på Bryne gjorde mange av oss!

    SvarSlett