fredag 7. juni 2019

Prostata-politiet er ute etter meg!


Her var eg blitt pasient CD 29. Ikkje noko rusk!


Kaffor akku rat meg?I fleire år nå har eg vore på vill flukt frå prostata-politiet som vil prakka prostata-kreft på meg. Til denne tid har eg klart å gå klar, men koss lenge kan ein stakkars utflytta hjelmelandsbu klara seg mot alle desse kvitkledde fagfolka som meiner eg har noko å skjula.

Litt ansvar for denne greia må eg ta sjøl. Far min døydde av prostatakreft. Han hadde det vondt det siste året han levde. Dette fortalte eg til fastlegen min ein gong han tilfeldigvis såg opp frå dataskjermen sin. Han forsto godt at eg ville sleppa mest mulig pine på mine gamle dagar.

- Ikkje noko problem. Me tek ein PSA-test. Då vil det visa seg om du er i faresonen, sa fastlegen.

Eg likar ikkje sjukdomsprat. Alltid har eg prøvd å unngå det. Men eg hugsar PSA av ein enkelt grunn. I min barndom interesserte eg meg litt for motorsykkel-merke. BSA var eit av dei. Viss eg absolutt må vita navnet på denne prostata-testen, tenkjer eg berre på motorsyklar frå 1950-talet:
Tempo, Puch, Jawa og BSA.

Ikkje stress med denne SMS-en. Tidsnok til hausten. 


PSA-testen gjekk fint. Fleire år gjekk det heilt fint. PSA'en var som den skulle vera.

Men akk og ve. For nokre år sidan sat eg i saksa. Testen hadde slått ut. 

Eg blei sendt til Sandnes. Der blei eg kjørt gjennom ein MR-maskin som bråka noko aldeles forferdeleg. For å gjera det ekstra grusomt, hadde dei kvitkledde sett på meg eit headset som spelte kristleg nærradio så lenge er var i maskinen. Kva som var tanken bak dette? Skulle det gjera dødsangsten større eller mindre? Eg veit ikkje. 

Nokre veker seinare gjekk turen til Egersund. Der skulle eg ta vevsprøve av prostata. Eg skal ikkje gå i detaljer om akkurat denne hendinga. Men for å seia det enkelt: Det var ingen fornøyelse.


I Egersund blei dei ikkje imponert.

- Du har ikkje kreft. Ikkje vis deg her igjen før PSA-verdien din er skikkeleg høg, var meldinga eg fekk eit par veker seinare.

Men eg fekk ikkje fred så lenge sjølv om fastlegen min pensjonerte seg. Arvtakaren introduserte nye måtar å granska meg på. Stokholmstesten. Dei sende ein prøve av blodet mitt til Sverige. Etter det blei det tyst. 

Meir oppstyr blei det likevel då eg spurte etter koss det hadde gått med prøven i Sverige. Det gjekk ei stund før svaret frå Sverige dukka opp på legekontoret. Men då det låg på bordet, blei eg send til spesialist på Hinna og til helvedesmaskinen på Sandnes på ny. 

Deretter måtte eg avleggja ny vevsprøve på Hinna. Det var like lite festleg som i Egersund. 

Spesialisten innkalte meg ekstra for å orientera meg om sine funn.

Han hadde ikkje funne nokon ting. Men ville ikkje gje seg. PSA'en var så høg, meinte han.

Sist onsdag var eg på urologisk avdeling på sjukehuset og blei sjekka og undersøkt av ein urolog. Ein urolog er ikkje urmakar, tvertimot ein lege som mellom anna er spesialist på mannens underliv. Ein lite pirrande jobb etter mitt syn, men likevel.

Eg har ikkje fått dommen frå sjukehuset. Den kjem eg ikkje til å blogga om, uansett. Men eg gjekk likevel oppglødd ut frå sjukehuset.

Kvifor det? Jo, nå skal du høyra.

Onsdag morgonen peip det i mobiltelefonen. SMS frå Sjukehuset. - Når du kjem inn på sjukehuset, skal du trykka på den vedlagte lenka. Ikkje før!

Då eg kom i pasient- og pårørande-mylderet på sjukehuset, trykte eg på lenka på telefonen.

Eit minutt seinare peip det i telefonen. - Du er registrert og er nå blitt til pasient CD 29.

CD betyr corps diplomatique, sånn cirka. Eg var ikkje nokon kemsomhelst lenger.

Telefonen peip igjen.

- Gå til sone F og vent ved rom 222 eller noko slikt. 

Ikkje lenge etter på var eg inne på rommet med ei kjekke dama som gav meg piller og ba meg å komma tilbake om ein time. 

Ein time seinare møtte eg opp omtrent på same plassen. CD 29 skulle inn på U044 kl 12.30. Sto det på ei lystavla nå. Eg venta. Det skjedde ikkje noko kl 12.30. Men den var maksimalt blitt 12.36 då eg blei henta av ei kjekk dama (pleiar) som tok meg inn på eit rom som rett nok hadde eit anna nummer enn det som sto på lystavla. 

Som sagt. Det som skjedde på rommet skal eg ikkje skildra. Men før legen, som var ein hyggeleg, utanlandsk mann, forlet meg, bøyde han seg over meg og sa han skulle skriva ut piller til meg. Dei kunne eg henta på apoteket.

Ein halvtime seinare var eg på apoteket på Tasta og henta pille-eska.

Denne dagen hadde eg vore på sjukehuset og gjennomgått ein prøve. Eg var ikkje innom ein skranke eller snakka med nokon utanom dei kvitkledde som skulle ta seg av meg. Datamaskinen styrte meg rett gjennom heile systemet. 

MEN! På korridorveggen sto det eit oppslag om at eg skulle dra rett heim frå syehuset utan å betala. Eg skulle få rekning på SMS og deretter betala med Vipps. Den har eg ikkje sett noko til. Ja, ja. Det er ikkje mitt problem.

Kunne ikkje dy meg på torsdag. Eg ringte til eks-naboen min og fortalde om koss avansert og digitalt det er blitt på sjukehuset. Han fekk sjokk. - Viss det er blitt slik, tek ikkje eg sjansen på å å bli sjuk, sa han.






1 kommentar:

  1. Det der Helse"Vesenet" er noe svineri. Har drevet på med det der Prostatahelvetet i snart 25 år nå.

    SvarSlett