torsdag 26. april 2018

Fyrste fødselen på Tau-ferja

Hallvard Livastøl, den prektige gutten som Aftenbladet skreiv, og mora Anne Marie i dag, 54 år etter den vellukka
fødselen i sykelugaren på Tau-ferja. Foto: Jone Laugaland.


Fødselen blei fyrsteside-stoff i
Aftenbladet  22. oktober 1963.
Plutseleg var fødselen i gang. Fleire veker tidlegare enn venta. Her var det berre ein ting å gjera: Komma seg til byen på sykehuset i Stavanger raskast mulig. 21år gamle Anne Marie Livastøl og mora hennar, Gunhild Gauthun, blei kjørte i drosje frå Hjelmeland til Tau. Drosjebilen kjørte rett om bord i ferja som sette kursen mot byen.

Raskt blei det klart at fødselen gjekk fortare enn ferja. Anne Marie Livastøl blei flytta over i sykelugaren der Gunhild Gauthun måtte fungera som jordmor og tok mot sitt første barnebarn. På kaien i Stavanger venta det både ambulanse og jordmor som kunne slå fast at alt sto bra til med mor og barn. Ambulansen kjørte mor og barn til Rogaland sykehus.

Einar Livastøl, ektemann og nybakt far, var uvitande om familie-dramaet. Han jobba som bilmekaniker på Stavanger Bilservice i Muségata i Stavanger og fekk fyrst telefon då kone og barn var komne fram til sykehuset.



På Bretten fekk du lesa resten av fyrsteside-stoffet
i Aftenbladet før i tida.
21. oktober 1963 kan dermed kryssast av i kalenderen som ein litt spesiell dag i historien om Tau-ferja. Det skal ha vore fleire fødslar på ferja mellom Tau og Stavanger, men dette var den fyrste.
Dagen etterpå var ferje-fødselen fyrsteside-stoff i Aftenbladet. Hallvard Livastøl, oppkalla etter farfaren i Årdal, blei fødd då ferja var i Lindøysundet. Som guttunge blei han og dei fire syskena orienterte om kva som kunne skje i Lindøysundet viss dei ikkje var snille. Tau-ferja kunne stoppa å setja dei av på Lindøynå. Der havna ungar som ikkje var snille, fekk dei fleste høyra før i tida.

Dei fire neste Livastøl-barna, Gunnar, Laila, Gunnbjørn og Sondre, blei alle fødde i ordna former på sykehuset.

- Då Hallvard skreiv i ein skulestil at han var fødd på Tau-ferja, var læraren imponert over fantasien til eleven, fortel Anne Marie som seier at 54-åringen alltid har vore snill mot mor si.  Hallvar er gift, busett på Garborg i Time og har to barn.

Anne Marie frå Hjelmeland og Einar Livastøl frå Årdal blei kjærastar som tenåringar og gifta seg i ein fart då dei blei 20 som så mange av sine jamaldringar. Dei jobba begge i Stavanger då dei tok ut lysing som det hette i den tida, i mai 1963. Bryllupet sto litt seinare litt seinare på sommaren.

Utpå hausten, då fødselen nærma seg, slutta Anne Marie i jobben på Matstova i Stavanger sentrum og budde heime hjå foreldra på Hjelmeland. Einar budde på hybel i byen.

Gunhild Gauthun var rask til å ringja etter drosje då ho forsto at dottera kunne bli mor når som helst. Og kven kjørte drosjen som dukka opp? Johan Livastøl, bror til Einar, kom frå Årdal for å henta dei. Han jobba som bilmekaniker på bilverkstedet til Lars Bjørkeland, men tok også ekstra-oppdrag for drosjeeigar Jone Skaar.

- Gunhild var ei kyndige dama. Ho tok styringa då me kom på ferja, og sørga for å få plassert Anne Marie i sykelugaren. Eg deltok ikkje i det som skjedde der, seier Johan Livastøl som karakteriserer dette som den mest spesielle opplevinga han hadde som drosjesjåfør.

Styrmann Kristian Vervik hadde undersøkt om det var passasjerar som kunne hjelpa til. Slik kom Ingeborg Tilseth frå Strand til å hjelp for fru Gauthun. - Eg hugsar det godt, men det var ikkje mykje eg gjorde, seier Ingeborg Tilseth som blir 90 år til hausten.

Styrmann Vervik sørga for det som trongst av handkle og laken i sykelugaren.

54 år etter denne hendinga er det berre den handekraftige mormora av dei involverte som ikkje er i live lenger.

Den unge Livastøl-familien flytta kort tid etter fødselen inn i ein leilighet på Madlatuå. Frå 1969 har dei budd i eige hus på Sola.

Anne Marie og Einar Livastøl har 13 barnebarn og eit oldebarn.

Anne Marie og Einar Livastøl har fem barn, 13 barnebarn og eit oldebarn. 











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar