tirsdag 24. april 2018

Brennevinsflaska som aldri kom fram!

Med ei herrelaus brennevinsflaskeom bord gjekk «Strand» fram og tilbake
 over Hidlefjorden sommaren 1967.


- Hei, kan du hjelpa meg? Eg lova kameraten min å senda denne flaska til Tau, men fann ingen kjenningar som kunne ta den med. Han står på kaien på Tau og ventar.

Matrosen på «Strand» var i ferd med å stengja ferjeportane forut på bildekket. Klokka var 11.45 ein travel laurdag i juli 1967. Han blei litt paff av det uventa spørsmålet. Det var ikkje vanleg å hjelpa folk med transport av drikkevarer. Dessutan var det ulovleg også å driva med den slags service. 

Men akkurat denne gongen tok matrosen flaska med seg. 

Han såg vel for seg ein ung strandbu med urein hud, dårleg skjeggvekst og ditto sjølbilde som hadde planar om å dra til Heiå på dans på kvelden. Ein tår for å styrkja motet kunne kanskje hjelpa ein stakkars gut til å våga seg ut på dansegolvet. Kven veit kva som låg bak denne hendinga for snart 51 år sidan. 

Sola skein på Hidlefjorden. Alt tyda på at det ville bli ei strålande helg. «Strand» kom til Tau i rute klokka 12.30. Folk og bilar fôr på land og nye reisande kom om bord. Alt gjekk som planlagt.

Men brennevinsflaska, ei halvflaske med 60 prosent brennevin, var det ingen som spurte etter. 

Ikkje neste tur heller. 

«Strand» gjekk fram og tilbake mellom Tau og byen heile laurdagen og heile søndagen. Ingen eigar dukka opp.

Søndagskvelden blei innhaldet i halvflaska fortært i matroslugaren forut på ferja. Brennevinet blei blanda ut med leskedrikken Solo og fordelt på tre matrosar, ein styrmann og ei trisa. Då flaska var tom, var det tid for å hoppa til køys. Ved middagstider mandag gjekk helgeskiftet på to dagars fri.

Matrosen som hadde tatt mot brennevinsflaska, tok ansvar. På onsdagen var han innom på polet før han kom på jobb. Han hadde ei ny halvflaske med seksti med seg i veska si. 

«Strand» gjekk og gjekk heile sommaren. Det kom aldri eit einaste spørsmål om kor det var blitt av flaska.

Slikt kunne skje i ei tid utan mobiltelefonar og pol på Jørpeland. 

- Ein oppdikta historie, seier du kanskje. Nei, dette er sanninga.

Matrosen som tok mot flaska denne dagen, er ikkje mellom oss lenger. Men eg var matros på «Strand» denne dagen. Det var Jan Eie også. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar