torsdag 12. april 2018

DSD-direktøren sørga for at «Tau» fekk radar



Stavangerske-direktør Erling Aanensen var ein mektig mann. Han styrte
selskapet frå 1947 til 1972.
- Er det ikke radar om bord i denne flotte ferja?

Stavangerske-direktør Erling Aanensen var overraska då han blei klar over at «Tau» ikkje var utstyrt med radar. Han kom heilt uventa om bord som passasjer og gjekk opp på brua for å helsa på kaptein Johan Johnsen. Aanensen var direktøren med stor D og styrte selskapet frå 1947 til 1972. Han inntok sjefstolen rett før  flaggskipet «Haugesund» blei sett inn i rute og gjekk av med pensjon då westamaranen «Sauda» blei presentert.

«Tau» var eit spesielt prosjekt som Stavangerske-sjefen personleg  hadde engasjert seg i. Han hadde sørga for at dette var den største, flottaste og raskaste ferja i landet då den blei sett inn i ruta over Hidlefjorden.

På brua på «Tau» oppsto det ein diskusjon mellom direktør og kaptein om ruta over Hidlefjorden. Direktøren spurte om det ikkje hadde vore best for sikkerheten at «Tau» og dei andre rutebåtane gjekk på den eine sida av holmen Horje midt i Hidlefjorden på vei inn til Tau og på andre sida når dei gjekk til byen. Kaptein Johnsen påpeika at det ville ta litt lengre tid å gå på nordsida av Horje. For sikkerheten hadde det vore mykje betre med ein radar om bord. 
Aftenbladet 3. januar 1962.


På «Tau» navigerte dei i 1961 på den gammeldagse måten. Dei gjekk på klokke og kompass når det var skodd og snøtjukna. Full  fart, åpne dører og vindu for å kunna sjå og høyra best mulig. Kursane hadde dei gått opp i full fart med god sikt. Viss dei sakka på farten, kunne dei ikkje vera sikre på kor dei var etterkvart som tida gjekk. 

- «Tau» skal selvsagt ha radar. Send en søknad til kontoret. Jeg skal personlig sørge for at den blir innvilget, sa direktør Erling Åanensen før han gjekk frå styrehuset på «Tau».  Og han heldt det han lova. 

Kristian Vervik var styrmann på «Tau» frå den var ny i 1961. Det var han som fortalde meg om Aanensen sitt personlege engasjement i denne saka. 

- Eg hugsar godt  då radaren blei installert. Så vidt eg hugsar heitte montøren Krogedal og kom frå Landor Larsen. Han plundra fælt med alle ledningane som skulle på plass mellom antennen og apparaturen inne i styrehuset. Men han fekk det til å virka. Vips, var det radar på «Tau», seier Jan Eie som  var matros om bord då radaren blei montert. 



Nokre dagar seinare reiste kaptein Johannes Langvik på Jøsenfjord-båten «Erfjord» med ferja til Tau. Han blei straks invitert på brua for å sjå radar-vindunderet i bruk. 


Kaptein Johannes Langvik
Jan Eie som sto til rors hugsar ennå kor imponert Johannes Langvik var av radaren. 

Johannes Langvik var ombobu, men budde på Tau i mange år. Sonen hans, Jan Langvik, var ordførar i Strand. 

Til nå har eg ikkje funne ut når radaren kom på plass. Men det skjedde tidlegast i 1962. Eg har funne ein artikkel i Aftenbladet i januar 1962 der fjordabåtane med radar er opprekna med navn: «Fjordsol», «Sand» og «Skudenes». «Fjordsol» gjekk i Sauda-ruta. I den lange og smale fjorden innover frå  Jelsa til Sauda, kom det sikkert godt med å ha radar i skodd og tjukk fabrikkrøyk. «Sand» gjekk sikkert i Haugesund-ruta på denne tida. «Skudenes» hadde også ei spesielt krevande ruta. 

Jan Eie som seier at han var om bord da radaren kom, var på «Tau» sommar-sesongen 1962. Då kan radaren ha blitt montert. Radar-antennen er godt synleg på eit bilde av «Tau» ved kai på Tau sommaren 1964. Viss det finst folk som veit eksakt tidspunkt, vil eg gjerne vita det. 


Radaren på «Tau» er godt synleg på styrehus-taket på dette bildet som skal vera frå 1964. Foto: Aftenbladet.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar