lørdag 25. mars 2017

Svære svimaneter, verkebyllar og norgesglas med penicillin-pillar på "Stordøy"

På landlov på Island i låge skor. Frå venstre: Johan Knutsvik, Åsmund
Torp, Trygve Høivik og Torstein Stensland. Foto. Anders Vaage.


Store, verkande byllar på hender og armar var ei plage for mange av islandsfiskarane. Dei lange garnlenkene kunne vera fulle av svære, ekle svimaneter. Hanskane og oljekleda greidde ikkje hindra at manetene kom i kontakt med hendene og armane. Det blei store, gule svullar som kunne føra til feber og blodforgiftning.

Opptil fleire norgesglas fylte til randa med penicillin-tablettar var med i medisin-kista om bord i "Stordøy" då snurparen var på islandsfisket i 1950-åra. Skipper Erling Bøen var ikkje berre navigatør og sjefsfiskar. Han var apotekar og fungerande lege om bord også. Han sørga for nødvendig medisinsk behandling.

Penicillin blei oppdaga i mellomkrigstida og kom i bruk under andre verdenskrigen. Dette legemidlet reduserte allierte tapstal, men det blei ikkje produsert nok penicillin til å dekka behovet. Fyrst på 1950-talet kom penicillin i vanleg bruk og var jo reine vidunder-medisinen på denne tida.

- Det var tungt å trekkja garn. Men det verste var svimanetene som rauk mot oss. Me håpa alltid at det var sild og ikkje maneter på dei fyrste garna me drog om bord. Var det sild, fekk med eit lag av risp og blod i fjeset. Det hjelpte mot sviinga, fortel den tidlegare islandsfiskaren Jan Eskedal.

Anders Vaage og Trygve Høivik hadde sjøstøvlar på då dei gjekk i land på Grimsøy. Dei kom i kontakt med
 ein gild islending og sønnene hans. Trygve Høivik fekk god kontakt med den tamme måken.


Ein treng ikkje vera verken lege eller fiskar for å forstå at hender og armar kunne bli vonde når dei blei utsette for denne blandinga av svimaneter, fiskeblod, salt, krydder og sjøvatn dag etter dag. Det var nok heller ikkje råd til å vaska seg og halda seg rein på same måte som ein kan gjera på ein moderne fiskebåt.

Av loggboka frå "Stordøy" frå sommaren 1951 går det fram at ein av karane om bord hadde fått så pass kraftig blodforgiftning at skipperen bestemte seg for å gå inn til Seydisfjord 7. august for å få mannen innlagt på sjukehus. Ei vekes tid seinare då fiskaren hadde komme seg til hektene, blei han henta og kom om bord igjen.

Om denne mannen var i stand til å delta i det vanlege, tunge arbeidet om bord, står det ingenting om i loggboka. Folk reagerte ulikt på manet-plaga.

- Eg var heldig og slapp unna blodforgiftningar, seier Torstein Stensland som var med "Stordøy"  på islandsfisket seks-sju år på 1950-talet.

- Ein dag spurte eg ein av kameratane mine om han hadde mange svullar på hender og armar. I går fann eg 40 i alt, sa han, fortel Torstein Stensland.

Eit norsk marinefarty var med då den store norske fiskeflåten var på islandsfisket på 1950-talet. Dette skipet fungerte også som "hospitalskip".

- Eg rodde ein av skipskameratane mine over til marinefartyet som eg meiner hadde navnet "Nordkyn". Der var det lege om bord som skulle sjå på hendene hans som var blitt skikkeleg vonde. Han fekk behandling, men kunne ikkje vera med på å dra garn etterpå på ei stund, fortel Trygve Høivik som var med på "Stordøy" på islandsfiske sommaren 1953.

Islandsfiskarane var ikkje mykje på landlov. Dei norske fiskarane gjekk berre til havn når det var heilt nødvendig. Viss vêret blei for gale, hende det at dei gjekk til land. Det skjedde også at dei måtte bunkra drivstoff eller ferskvatn.

 Det var strengt forbode å arbeida med fangsten eller fiskereiskapen når dei var under land på Island. Den slags måtte føregå i rom sjø.

Grimsøy ligg rett nord for Island. Sjå raud pil. Google Maps.
Ein dag sommaren 1953 gjekk "Stordøy"-fiskarane i land på Grimsøy, ei lita, forblåst øy på nordsida av Island. Heldigvis hadde Anders Vaage fotografi-apparatet med seg.

Det gjorde inntrykk på ryfylkingane å sjå korleis husa var delvis nedgravde for at dei skulle tåla vêr og vind.

Her kom dei i prat med ein av dei fastbuande islendingane som fortalde om dagleglivet på øya. Dei nytta alt som havet gav på ein heilt anna måte enn ein var vane med i Norge.

- Dei brukte ikkje slipestein. Dei kvesste ljåar og knivar på smidjeste (ambolten), fortel Trygve Høivik som inviterte islendingen til å komma om bord i "Stordøy"  og prøva slipesteinen der. Men han var ikkje interessert i det.

Det kjem meir om "Stordøy" på islandsfisket om eit par dagar. Så snart eg har greidd å tyda alle notatene mine om dette emnet.





















1 kommentar: