onsdag 15. mars 2017

Han fiska sild og fotograferte

Anders Vaage var med "Stordøy" både på storsildfisket
og på islandsfisket. Dette bildet av frå 1950 limte han inn
i albumet sitt. 


Då unge Anders Vaage hadde vore med på å gjera opp bruk og båt etter vintersildfisket i 1950 og islandsfisket i 1953, gjekk han første til Erfjord Sparebank med pengane han hadde tjent på fisket. Deretter leverte han inn filmane han  hadde hatt med seg på turen og fekk dei framkalla. Til slutt tok han fram fotoalbumen og limte bildene inn og skreiv under navna på dei som var med.

Ein fantastisk interessant album for ein som vil sjå for seg livet på "Stordøy" på fiskefeltet. Den unge erfjordbuen hadde tydelegvis skaffa seg eit godt kamera og lært seg å bruka det. Hatten av for Anders Vaage som var sildefiskar i sin ungdom på 1950-talet. Seinare var han landhandlar og postopnar i Hålandsosen i mange år. Sin siste runde i arbeidslivet kjørte han som landpostbod i Erfjord fram til 1990 då han blei pensjonist. Anders Vaage døde i 1994, 71 år gammal.

"Stordøy" på veg til Florø vinteren 1950. Foto: Anders Vaage.


Dottera Anna som bur på Sand, har arva den gamle albumen etter faren. Den fekk Terje Bråtveit i Suldal sogelag låna og skanna. Både Bråtveiten og eg var imponerte av bilda.

Den gamle fiskebåten frå Erfjord med ei fortid både som tysk, engelsk og haugesundsk, blei oppgradert og fornya i etterkrigstida. Etter det som eg har forstått, blei "Stordøy" forlengd i 1949 og i 1951 blei dampmaskinen erstatta med ein ny, dansk dieselmotor på 340 hestekrefter.

Anders Vaage var med på storsildfisket vinteren 1950. Han har fotografert dampsnurparen, fullasta med sild i Haugesund.

"Stordøy" med full last med storsild  i Haugesund vinteren 1950. Foto: Anders Vaage.

Sommaren 1953 var Anders Vaage med "Stordøy" på islandsfisket. Ved å studera desse bilda fann eg tre fiskarkameratar som stadig er friske og raske og kunne fortelja om sine opplevingar på Island: Torstein Stensland, Trygve Høivik og Nils Helgeland.

Torstein Stensland på landlov på Island.

Torstein Stensland fylte 16 år den fyrste sommaren han var med til Island i 1951. Då han drog vestover sommaren 1953, hadde han skaffa seg ein heil del erfaring som fiskar. Dessutan hadde han vore på opptaksprøve på landsgymnaset på Bryne sommaren før og hadde sikta seg inn på å ta student-eksamen med tida.

Men det tok litt tid å gjera seg ferdig på Bryne. Ikkje så rart det. Som islandsfiskar kom han vekevis for seint etter sommarferiane. "Stordøy" var ikkje tilbake i Erfjord før langt ut i september. Bryne-eleven kunne ikkje stikka av før sildetønnene var leverte og han hadde fått oppgjeret for turen. Han trong pengene for å skula seg. Derfor valde han å gå om igjen andre året på gymnaset for å ta igjen ein del av det han hadde mista på grunn av sein skulestart om haustane.

Nå i sommar fyller Torstein Stensland 82 år. Han har med glede fortalt meg om "Stordøy" og islandsfisket.





Trygve Høivik med dikselen framføre seg på tønnelokket.
Trygve Høivik frå Israelsneset i Sandsfjorden har nå vore høgt og lågt i meir enn 90 år. Han dukka opp i fotoalbumen til Anders Vaage. Sin fiskarkarriere starta han som kokk på "Forglem-migei" ein vinter etter krigen. Poteter kunne han koka og var freidig nok til spørja andre til råds dersom koke-oppgåvene gjekk utover hans kunnskaper og kompetanse. Han reid stormen av då han var med "Forglem-migei" på bommen som det heitte på fiskarfagspråket i den tida..

På Israelsneset dreiv dei med bøkring i stor stil. Dei leverte tønner i alle variantar. Trygve kunne handtera dikselen då han kom om bord i "Stordøy". Det er dokumentert i fotoalbummen.

Forresten ikkje så rart kanskje at det var bilde av Høiviken her. Fotografen blei gift med søstera hans, Haldis. I alt hadde han tre søstre som blei gifte i Erfjord.

Eg var på besøk hjå Trygve og kona hans, Valborg, før eg begynte å skriva desse  "Stordøy"-bloggane. Valborg kjem frå Erfjord. Dei to hadde mykje å fortelja.

Nils Helgeland og Anders Vaage på veg heim frå Island september 1953.


Nils Helgeland var ein av min barndomsheltar. Han dukka opp i Hjelmeland i slutten av 1950-åra som maskinentreprenør.

Meinar bestemt at han hadde ein blå Fordson Major traktor med ein gul gravemaskin på akterenden. Han grov opp veiter og husgrunnar.

Avtroppande skytebas Nils Helgeland.i 2008.
 Foto:Tor Inge Jøssang

Erfjordbuen bygde seg hus på Hjelmeland tvers over den nåverande bensinsstasjonen. Eg hugsar til og med kva privatbil han hadde: Ein blå Vauxhall Victor. 1958-modell?

Etter ein del år som hjelmelandsbu, flytta Nils Helgeland og kona til Jørpeland der dei framleis bur.

19. februar 2008 dukkar Nils Helgeland opp i hovedoppslag på Ryfylkesida til Aftenbladet. Då har 81-åringen bestemt seg for å slutta som skytebas!

Dei gamle islandsfiskarane har vore brukande til litt av kvart.

- Eg starta fiskarkarrieren min som 14-åring på brislingfiske om bord i "Forglem-migei" i 1941. Me var i Hardanger og fiska. Eit svært tysk krigsskip låg for anker utanfor Stord, kan eg hugsa. Eg var to år på islandsfiske om bord i "Stordøy". Der var eg sildesaltar. Dei to siste åra på vintersildfisket var eg lettbåt-roar. Det var eg som rodde basen, fortel Nils Helgeland på telefonen frå Jørpeland.























2 kommentarer: