mandag 16. januar 2017

Hjelmelandsgriser, Erfjord-matros og styrmann frå Sand på "Sand"

Rutebåten "Sand" på Hjelmeland ein dag tidleg i 1950-åra.

Rutebåten "Sand" var ikkje eit dagleg syn i Hjelmelandsvågen. Men på sommarstid kom den kvite båten med tre raude ringer rundt den gule skorsteinen innom på veg til Sand eller Sandeid eller andre stader der Stavangerske hadde sine ruter. Alle dei tre fjordabåtane var opprinneleg bygde i England under krigen som landgangsbåtar. "Sand" blei ikkje levert frå verftet i Hull i England før i september 1945 fleire månader etter at krigen var slutt.

Det tok litt tid før "Sand" var ferdig ombygd og sett i fart. Fyrst i mars 1953 blei den sett i fart på fjordane. "Sand" likna på "Sauda" men hadde større salongvinduer og tok seg betre ut på fjorden. Mange meiner at "Sand" var den vakraste av dei tre båtane. 

Den kvitmalte, nye fjordabåten, låg ved kaien på Hjelmeland ein føremiddag då eit fly som dreiv med flyfoto kom durande over Hjelmelandsvågen. Bildet av båten og bygda selde godt på Hjelmeland. Det havna på mange vegger. 

For eit par dagar sidan var eg ein tur hjå Terje Bråtveit på Sand for å studera gamle bilete av båtar i alle variantar.

- Dette bilete skal vera frå Hjelmeland. Veit du navnet på nokon av dei, spurde Bråtveiten.


Hjelmelandsbonden Einar Sæbø på landgangen leverer slaktegriser om bord
i rutebåten "Sand"sommaren 1958. Matrosen, til venstre er Sigvald Helgeland frå Sjernarøy, matrosen til høgre er Anders Leirvik frå Erfjord, nå busett på Tau. Jostein Aske frå Mosterøy er styrmann. Foto: Finn Johannesen.

 Eg kjende igjen opptil fleire av karane. Bonden som sende griser var Einar Sæbø frå Hjelmand. Grisebonden med følgebrev-boka på baklommen og pipa i kjeften tok sjølsagt ansvar og sørga for å få grisene om bord. Einar Sæbø var bror til Harald Sæbø som var sjefen på Tomstad-butikken i Vågen og ekspeditør for Stavangerske. Sikkert derfor at grisene gjekk med "Sand" til slakthuset i byen.

Den unge matrosen med svart bukse og armbåndsur er Anders Leirvik frå Erfjord og den styrmannen er Jostein Aske frå Mosterøy. Han var seinare førar på Tau-ferjene i fleire år på 1960-talet. Bror hans var motormann på "Tau" i årevis.

Matrosen til venstre med ryggen til er Sigvald Helgeland, opprinneleg frå Ombo, men budde på Sjernarøy. Han er nå død.

Anders Leirvik og Jostein Aske er i live og svært oppegåande. Leirvik er 82 år og Aske 85 år.

Erfjordbuen Anders Leirvik var 23 år då han begynte som matros i Stavangerske 28. mai 1958. Broren Kåre hadde begynt som maskinist i selskapet eit par tidlegare.

- Eg var for det meste på "Sand" dette året til eg gjekk i land seint på hausten. Då var det ikkje meir jobb i selskapet det året. På vinteren var eg, som fleire år før, med "Stordøy" frå Erfjord på vintersildfisket, men  var tilbake i Stavangerske på våren 1959.

Leirvik hadde kystskipperskule og nå blei han styrmann. Han var mykje på "Sand i åra som kom, men han var også på "Ekspress", "Bokn" og seinare på Tau-ferjene.

Skift-ordningane på fjordabåtane til Stavangerske, to dagar om bord og så to dagar fri, var ikkje akkurat skreddarsydd for ein erfjordbu. Når han skulle heim, reiste han med Jøsenfjord-båtane. Det tok tre-fire timar før han var heime i Erfjord. Andre vegen begynte han med å ta melkebåten "Kløver" frå Erfjord til Jelsa og deretter "Fjordsol" frå Jelsa til Stavanger. Ikkje rart at Anders Leirvik og familien flytta til Tau og blei buande der.

- I 1969 slutta eg i Stavangersk og fekk meg jobb på Tou Mølle. Det er det smartaste eg har gjort. På båtane måtte du gå på jobb når andre hadde fri. Det gjekk utover familielivet, seier Anders Leirvik som stadig er frisk og rask og tenkjer tilbake på "båtalivet" med glede.

"Sand" som ny i 1953. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.

Fjordabåten "Sand" var Stavangerske-båt frå 1953 til 1969. Då blei båten seldt til ein italiener som bygde den om til lystyacht. Den gamle fjordabåten forliste i Middelhavet i 1975. Stavangerske har hatt to fjordabåtar og tre ferje med navnet "Sand".













1 kommentar: