søndag 22. januar 2017

Er dette siste melkebåten i Sandsfjorden?


"Vågan" var den siste melkeskøyta i Sandsfjorden. Her lossar Olai og
Reidar Sillelid melkespann på Sand i 1974. Foto: Einar Hauge Nilsen.

Akkurat då  eg trudde eg begynte å få kontroll over melkefarten i Sandsfjorden, kom melkeskøyta "Vågan" seilande inn i bildet. Kor i all verda kom den i frå?

Folk som snakkar høgt og har svært klare meiningar, har ikkje alltid veldig god greia på det dei snakkar om. For min del er det slik at til meir eg studerer og les, jo meir usikker blir eg på at eg har fått med meg alt.

Mange går rundt og trur at melketransporten i Sandsfjorden blei utført av "Kløver" på sørsida av fjorden og "Varnes" på nordsida. "Kløver"-ruta blei nedlagt i 1966 og erstatta med lastebil-transport. "Varnes" heldt det gåande litt lenger. Men ikkje til slutt, viste det seg.

"Vågan" hadde eg korkje sett eller høyrt gjete før. Det var Terje Bråtveit i Suldal sogelag som hadde dette bildet. Fotograf var journalist Einar Hauge Nilsen i Haugesunds Avis. i mange år. Han hadde også eit mellomspel i Stavanger Aftenblad, men flytta tilbake til Haugesund. Han var ein svært aktiv lokaljournalist.

 Eg viste bildet til fleire som eg trudde hadde greie på gamle melkeskøyter, men fekk ikkje hjelp.

Pensjonert ferjekaptein Bjørn Lund på Sand blei redninga. Han var på Ropeid-ferja i aldri så mange år og hadde fått med seg dei andre fartya som farta på fjorden i desse åra.

Reidar Sillelid om bord, Olai Sillelid på kaien og meieriarbeidar
Odd Berge på lastebilen. Foto: Einar Hauge Nilsen.


- "Vågan" gjekk melkerute på nordsida av Sandsfjorden. Det var Olai Sillelid frå Vatlandsvåg som åtte skøyta. Ring til sonen, Oddvar, så kan han gi deg dei opplysningane du treng, sa Bjørn Lund.

- Far min overtok melkeruta frå Foldøy, Hebnes, Vatlandsvåg og Marvik til Sand då Tomas Kristensen med skøyta "Varnes" slutta av tidleg på 1970-talet. Eg meiner det gjekk tre-fire år før ruta blei nedlagt. Då starta ferjeruta mellom Jelsa, Foldøy, Hebnes og Nedstrand. Dette må ha vore i 1974 eller 1975, seier Oddvar Sildelid.

Skøyta "Vågan" kjøpte Olai Sillelid i Rekefjord. Av fiskeriregisteret frå 1960 går det fram at denne skøyta var 47 fot lang og 16,5 fot brei. Den var bygd i 1933 og hadde i si tid ein 35 hestars Rapp om bord. Fiskerinummeret var R - 34 - SK.

- Det sto ein 40 hestars Rubb om bord i "Vågan" då far min hadde den. Det blei sagt at dette var den siste tungbygde 40-hestaren som var laga på Rubbestadneset. Far min kjøpte den ein gong på 1960-talet og brukte den til ulike slags fraktefart. Då han slutta av, blei "Vågan" seldt til England, seier Oddvar Sildelid.

Brikkene har begynt å falla på plass, men ennå er det ein "missing link".

Magnus Fuglestein frå Erfjord hadde eit fartøy med navnet "Jena" i fleire år før han fekk "Kløver" i 1955. Er det nokon som har bilde av den?

- Viss eg hadde vore god å teikna, skulle eg laga ein teikning av "Jena" til deg. Ei lita, fin skøyte som kom frå Utsira. Eigaren heitte Skåren. Han var ein del på Sand med skøyta. Me kalla han berre "Jena-maen", seier Bjørn Lund som diverre ikkje kan teikna.















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar