søndag 31. januar 2016

Flyktning med ryggsekken full av sølvtøy



Fluktplanane tok form under påsketuren i Sylene i 1941.
 Bilde frå Bjørn Mihles fotoalbum.

De to unge flyktningane hadde planane klar. Når dei var trygt over grensa, skulle dei selja sølvtøyet for best mulig pris. Salgssummen skulle dei bruka til å finansiera ferda vidare mot målet: Å bli soldatar og slåss med våpen mot fiendtlege okkupantar.

Men svensk politi var slett ingen hyggeleg velkomstkomité. Dei ville jaga flyktningane tilbake over grensa. Rett i fanget på tyskarane.

Kameratane Bjørn Mihle (20) og Odd Husby (19) frå Byåsen i Trondheim hadde sine grunnar for å stikka av. Bjørn jobba ved NSB-verkstedet i byen. Der hadde han vore med når lokomotiv blei "reparert" på ein måte som førte til godstog fullasta med forsyningar til dei tyske okkupantane. Dei blei ståande fast i dalane mellom Trøndelag og Austlandet. Faren for at sabotasjen skulle bli avslørt, var overhengande.

Kameratane hadde begynt å planleggja flukta til Sverige på påsketuren til Sylane i grensetraktene i 1941.

Fyrst i 1944 kom Bjørn Mihle over til dei frie norske styrkane i Storbritannia.

I november 1941 drog dei to spreke ungdommane til fjells. På ski kryssa dei grensa mellom Norge og Sverige. Tanken var at dei skulle ta seg vidare frå Sverige på den transsibirske jernbanen gjennom Sovjetunionen. Målet var dei frie norske styrkane i Canada eller England.

Foreldra til dei to unge mennene må ha kjent til fluktplanane. Det må ha vore ganske spesielt å overlata sølvtøyet, som sikkert utgjorde det meste av familieformua, til sin einaste son som ville ut i krigen. Kva mor, far og tre systre fekk vita om unge Bjørn si ferd ut i krigen, veit eg ikkje. Dei hadde nok mange lange urolege netter resten av krigen. Men den bortreiste sonen dukka opp på spektakulært vis i norsk uniform hjå familien i Trondheim på sjølvaste 17. mai 1945, i god behold.

Fluktplanane var greie nok. Men svenske styresmakter var ikkje så enkle å samarbeida med for dei to unge krigarane. Dei blei ikkje jaga over grensa til Norge igjen, men måtte slå seg til ro i Dalarne i Sverige i første omgang. Mekanikerlærling Bjørn Mihle frå Norge blei sagbruksarbeidar i Sverige i første omgang vinteren 1942.

Det tok si tid å komma ut i krigen. Frå hausten 1942 til våren 1944 er Bjørn Mihle elev ved Katrineholm tekniske skole. I 1944 er han ferdig utdanna og kan kalla seg ingeniør. Kameraten Odd var ikkje her. Han var ein flink idrettsmann og blei idrettsinstruktør og frå 1.juli 1944 var han sersjant i reservepolitiet som det blei kalla i det nøytrale Sverige.

Etter avslutta skulegang møtte den nå 23 år gamle ingeniøren opp på Bromma flyplass ved Stocholm ein kveld i 1944. Saman med ein del andre norske flyktningar skulle han endeleg få komma seg over til Storbritannia. På kafeteriaen på flyplassen sat to norske pilotar med eit stort kart framfor seg og planla turen over Nordsjøen til Skottland. Dei brydde seg ikkje om at det sat tyske offiserar ved andre bord i det same lokalet.

Nordmennene gjekk om bord i eit sivilt norsk fly som sto klar til avgang. Reiseplanen og ruta var grei. Flyet letta og gjekk så høgt som forsvarleg med sløkte lanterner over det okkuperte Norge med kurs mot vest. Plutseleg blei det ei grusom knitring mot flyet. Var det tyske kuler? Panikken begynte å breia seg mellom flyktningane. Heldigvis var det berre ei haglbyge. Det norske flyet landa trygt i Skottland.

Kort tid etterpå var Bjørn Mihle på plass i den norske 330-skvadronen på Sullom Voe på Shetland. 330-skvadronen opererte her  13 fly av typen Short Sunderland.  Der tjenestegjorde han som flymekaniker.

 Då han kom til Shetland var ei av dei fyrste oppgavene å ta i bruk ei brakke som var blitt ledig. Dei måtte rydda opp etter mannskapet som hadde budd der. Dei kom aldri tilbake frå eit tokt over Norge.

Eit lystigare minne: Eit av flya deira kom haltande tilbake frå tokt. Minst to av motorane var kaputt. Dei fleste på den norske basen var på beina og følgde med då flyet landa på sjøen på eit vis. Dei hadde fått tyske fly etter seg og det norske flyet hadde fått mange treff. Mannskapet var sjeleglade for å ha klart å klora seg tilbake til Shetland.  Haleskyttaren sa det på sin måte: Eg dreit i buksa då det kom eit tysk fly mot meg og skaut, sa han.

Endeleg på Shetland. Bjørn Mihle laga album etter krigen.
 Han kunne både teikna og fotografera.

Den unge flyktningen kom aldri i aktiv kamp. Han mekka på flya. Flyturane begrensa seg til testflyging etter avslutta reparasjonar. Mekanikarane må bevisa at dei våga seg opp i lufta med maskinane dei hadde sett i stand.

Stor jubel i Norge då krigen var slutt 8. mai 1945. Bjørn Mihle var på Shetland.  Han fekk ikkje vera med på festen heime i Trondheim.

Men han hadde flaks. På 16. mai fekk han ordre om å vera med eit fly som skulle til Trondheim med medisiner til sykehuset. Natt til 17. mai letta Sunderland-flyet frå Sullom Voe. Før flyet landa på Trondheimsfjorden om morgonen, hadde unge Mihle  kasta ein pakke med sjokolade og sigarettar over Haugesund til slektningane sine der.

Ganske raskt kom Bjørn Mihle seg i land og inn til Trondheim til familien som budde i ein leilighet midt i byen. Tyskarane hadde kasta dei ut av huset på Byåsen. Gjensynsgleda var stor. I 17. mai-toget var den heimkomne sonen fanebærar for Jernbanemusikken som han hadde vore med i før flukta til Sverige.

Det var på denne jubeldagen at det blei klart at kamerat Odd ikkje var der i den jublande folkemengda. Han hadde falle i ein trefning med tyske soldatar i Singsås i januar 1945.

Dei to kameratane flykta saman i 1945. Berre Bjørn overlevde krigen.


I dag er ei gate på Byåsen i Trondheim oppkalla etter fluktkameraten: Odd Husbys veg.

Bjørn Mihle enda opp som ingeniør på Stålverket på Jørpeland. Han blei svigerfaren min. Heile denne bloggen er basert på det som han fortalde meg. Eg skreiv ikkje noko referat av samtalane våre.

Det var aldri planen min å skriva denne historien, men debatten om den danske smykkeloven sette meg på tanken. Flyktningar kunne ha verdier med seg til Danmark.

Då tenkte eg på svigerfar som drog til Sverige med ryggsekken full av sølvtøy. Kor det blei av dette sølvtøyet, kom eg ikkje på å spørja han om.

Bjørn Mihle døde i januar 2011. Han blei nesten 90 år.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar