tirsdag 19. januar 2016

Då "Hjelmeland" dampa rundt i fjordane

"Hjelmeland" ved kaien på Idse. Bildet er truleg frå 1950-talet.
 Henta frå Aftenbladet sitt arkiv.


I 23 år har ferja "Hjelmeland" somla rundt på Hjelmelandsfjorden mellom Sande, Nesvik på Jøsneset og Skipavik på Ombo. Mange av oss har hatt denne ferja med seg i heile sitt liv. Folk under 30 år har ikkje fornaring om at det var ein dampande rutebåt som hadde same navnet. I 48 år, frå 1910 til 1958, gjekk "Hjelmeland" for Stavangerske.

I september 1910 overtok Stavangerske den nybygde rutebåten "Hjelmeland". Den var bygd ved Stavanger Støberi & Dok. Du lurer kanskje på navnet. Kvifor "Hjelmeland"?  Mange er ikkje klar over at før første verdenskrig var det berre to strandstader som var av ei viss økonomisk interesse for dei som styrte ruteselskapet i byen. Det var Sand og Hjelmeland. Industriutbygginga på Jørpeland og i Sauda hadde ikkje starta på denne tida.

"Hjelmeland" fotografert i Årdal før ombygginga i 1926. Styrehuset
 blei då løfta opp på båtdekket.


"Hjelmeland" var den fyrste nybygde båten til Stavangerske sidan "Rogaland" (seinare "Kvitsøy") i 1878. Det gjekk 27 år til det neste nybygget i 1937. Då kom motorskipet "Express" som innvarsla ei ny tid.

Som ny gjekk dampbåten "Hjelmeland" inn i Skjolda-ruta. Klokka 5 om morgonen gjekk båten frå Stavanger og returnerte til byen ved 16-tida om ettermiddagen. Var det ein ting som irriterte folk innante, var det denne ruteordninga til Stavangerske. Hadde folk eit viktig ærend og måtte reisa til byen med rutebåten, var dei nøydde til å overnatta i Stavanger. Dei kunne ikkje reisa fram og tilbake på dagen.

På "Hjelmeland" som på dei andre gamle rutebåtane var det klasseskilje om bord. Fyrste plass med plysjbenker var plassert akter. Andre plass med harde trebenker var framme. Folk innante reiste sjølvsagt på andre plass. Ofte opplevde folka inne i fjordane  med eller utan grunn at offiserar og mannskap på dampbåtane behandla dei nedlatane og arrogant.

Både dei umulige rutetidene, klasseskiljet og haldningane til dei om bord var viktige argument då folk i fjordane gjekk saman og starta sine eigne ruteselskap i åra etter 1900. Dei fleste fekk eit relativt kortvarig liv og blei som regel oppkjøpte av Stavangerske. Seinare kom også Stavangerske til å endra rutene slik at båtane deira overnatta inne i fjordane. Då blei det også bygdafolk som overtok dei fleste jobbane om bord i båtane.

Som isbåt var "Hjelmeland" legendarisk. Den nye og fantastiske fjordbussen "Fjorddrott" kom i 1939 og gjekk inn i Saudaruta. Men den kunne ikkje gå i isen i Saudafjorden. "Hjelmeland" blei send til Sand. Der overtok den last og passasjerar til Sauda.

Det var sett inn ekstra ballasttankar i akterskipet på "Hjelmeland" slik at baugen kunne løfta seg mot iskanten. Dei harde isvintrane under krigen gjekk rutebåten ofte ekstraturar om nettene for å halda råka i fjorden åpen mellom Sand og Sauda.

Enok Dalaker frå Rennesøy fekk seg jobb på Stavangerske-båtane etter at han var ferdig i militæret i 1951. Han var både matros og seinare styrmann om bord i Hjelmeland.

- I mi tid gjekk "Hjelmeland" mest i rute frå Stavanger til Austre Åmøy, Brimse, Østhusvik, Steinnesvåg, Vik, Liarvåg, Kårstø, Susort, Slåttevik, Hervik, Borgøy, Skjoldastraumen, Sagi, Isvik og Skjoldavik. Det var mykje last på denne ruta, men dei fleste passasjerane var gått i land då me gjekk frå Steinnesvåg. I helgene låg me for det meste i Muslandsvåg eller Hervik. fortalde Enok Dalaker til meg i 2006.

Det var ikkje mykje fri å få for folka om bord i båtane på 1950-talet. Enok Dalaker var sju månader om bord i "Hjelmeland" utan å ha fri ein dag.


Mandius Nesvik var 70 år i 1956.


Auguste Wennersten var fast kaptein på "Hjelmeland" frå 1949. Men han blei pensjonert før båten blei teken ut av ruta. Ole Førsvoll var den siste kapteinen om bord i den gamle dampen. Johannes Yrke og Faltin Nising var styrmenn. M. Nessa var rormann, Laurits Stople og Severin Marvik var matrosar. Siste maskinsjefen heitte Eriksen.

Skipperen budde i bestikklugaren bak styrehuset. Styrmannen hadde lugar akter. Matrosar og maskinfolk hadde sine plassar forut.

- Hjelmeland var den siste fjordabåten til Stavangerske som hadde stuert som ordna med maten til folka om bord. Hans navn var Utbjoa, fortalde Enok Dalaker.

Mandius T. Nesvik frå Hjelmeland var kaptein på "Hjelmeland" i 25 år frå 1924. Han tykte dette var ein grei båt som var lett å stella med, står det i boka "Fjordabådane" som Magnus Torgersen laga i 1981.

HISTORIKK:
"Hjelmeland" blei bygd ved Stavanger Støberi  & Dok i 1920 for Stavangerske. Påbygd i 1926 på Klasaskjæret. Gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1. desember 1958. I januar 1959 kjøpte Brødrene Anda "Hjelmeland" for opphogging.

MASKINERI:
Dampmaskin 150 HK. Rutefart: Ti knop. Blei ombygd frå kolfyring til oljefyring etter andre verdenskrig.

MÅL:
Lengde: 33,96 meter. Bredde: 6 meter. Tonnasje 197,52 bruttotonn.


Viss nokon føler dei har lese dette før, er det heilt rett. Det meste er henta frå ein artikkel eg hadde i Aftenbladet laurdag 8. april 2006.



















2 kommentarer:

  1. Var Severin sønnen til Anna Marvik? (Anna af Sand)

    SvarSlett
  2. Interessantlesnad! Dreg meg til minnes einaste gongen eg trefte Mandius ein gong i site halvdel av femtiåra. Var på veg frå Skiftun til Jøsenfjorden med vår vesle rettstemna båt med ein to og halvhesters reilstadmotor. Skulle runda Porsberg nær land, men der vart båten ståande med baugen mot eit flåbart garn. Eg bakka opp og ingen skade skjedd. For sikker skuld gjekk eg oppom Mandius i Nesvik. Den gamle kaptein hevet røsten og les ei lekse over alle propeller som hadde ødelagt garn for han, men vart mild og hyggelig då eg var ferdig med mi historie. Han hadde hytte med utsikt utover Hjelmelandsfjorden!

    SvarSlett