torsdag 19. november 2015

Min kamp med tomater mot prostata-kreft

Steikte tomater til frokost kvar dag frå nå av. 


Steikte tomater til frokost kvar einaste morgon er mitt nye våpen mot prostatakreft. Dette blir ganske godt når du strør litt timian på. Trur eg skal kutta ut det kokte egget til fordel for tomatene.

Ei agressiv variant av prostatakreft tok livet av far min då han var 77 år gammal. Denne kreften utvikla seg relativt raskt og blei vond og smertefull for pasienten. For å seia det rett ut: Det var godt for far min å få døy.

Slik som eg kjente far som eit ekte mannfolk, reknar eg med at eventuelle sjukdomsplager heldt han for seg sjøl. Han sa ingenting til sine næraste og kom sikkert til lege altfor seint. Då var det lite å gjera utover strålebehandling for å forsinka sjukdommen då den begynte å angripa skjelettet.

Som son av far min kan det kanskje vera fare for at eg får denne forferdelege sjukdommen. Det står klart for meg at sjølv eg skal døy ein gong. Men ein så smertefull sjukdom som far min fekk, det, vil eg helst sleppa.

Derfor tok eg opp spørsmålet om prostatakreft med fastlegen min for fleire år sidan. Eg avla både urin- og blodprøve. Prøvane var negative. Det betyr at dei var positive for meg, Ingen teikn på kreft.

Eg har ein filleonkel som nå er 99 år. Han er åndsfrisk, men ikkje like sprek som før. - Åra mellom 80 og 90 var dei beste i mitt liv. Men etter 90 har det gått nedover, seier han.

Far til filleonkel blei 105 år. - Ein legetabbe tok livet av han, seier filleonkel. Hadde det ikkje vore for denne klønete legen hadde den gamle vore mellom oss levande den dag i dag, frisk og rørig, nærare 200 år gammal.

Både far og son var adventistar. Om adventistane er det sagt: Dei levde som ville dyr. Dei verken røykte eller drakk.

Dette siste stemmer på filleonkel. Han har levd som ein asket. Når han har vore på middagsbesøk, har han forsynt seg med saus og poteter, men unngått både kjøt og fisk. Søte dessertar av ulike slag har han derimot meska seg med. Kosthaldet til denne mannen har i hovudsak vore brokkoli og andre grønnsaker, nøtter og druer. Slik eg ser det, har han levde eit langt, men uendeleg kjedeleg liv.

Sist eg avla prøver hos fastlegen hadde PSA-verdien gått opp. Eit lite fareteikn, men foreløpig er det ingen grunn til panikk, forsikrar fastlegen min. Eg skal inn og avleggja prøver igjen om ein månads tid for å sjå om verdiane er på veg opp. (Grunnen til at eg hugsar PSA, er at eg alt i min barndom lærte om motorsykkelmerket BSA.)

Google og filleonkel fortalde akkurat same soga-


Etter det siste legesøket kom eg på noko som filleonkel sa: Du unngår prostatkreft med å eta tomater. Men hugs: Dei må vera varmebehandla.

Eit raskt Google-søk avslørte at filleonkel ikkje var heilt bort i skoddå slik eg ofte har tenkt. Det kom opp ein masse om tomater og prostatakreft.

- En ny undersøkelse tyder på at tomater og brokkoli i kosten kan hemme utviklinga av prostatakreft. Særlig hvis du spiser de to grønnsakene sammen, sto det i ingresse på den første sida eg klikka meg inn på.

Han er kjent for sine brokkoli-orgier, denne filleonkelen min.

Derfor hiver eg nå inn på brokkoli og steikte tomater og reknar med at PSA-verdiane har begynt å rasa nedover igjen.

Frå før et eg bananer mot høgt blodtrykk.
























1 kommentar: