søndag 8. juni 2025

Lise fekk ein tøff skulegang under krigen.


12 år gamle Lise i Bergen sommaren 1945. Bildet tilhøyrer Lise
Sømme McKinnon.



Hausten 1940 kom Lise og Gabbi Sømme til Fister. Dei fekk leiga rom i eit hus ved rutebåtkaien.


Lise begynte på skulen på Fister. Her var det to-delt skule. Elevane starta som sju-åringar. Fyrst gjekk dei tre år i småskulen, Deretter fire år i storskulen. Annan kvar dag. Slik var ordninga på bygdene til ein kom ut i 1960-åra.


Jakob Meland var den fyrste læraren
til Lise på Fister.


Jakob Meland var læraren. Nynorsk var opplæringsmålet. Men rettskrivinga frå 1938, var ikkje teken i bruk på Fister. Det sto soli i leseboka. Men kort tid etterpå fekk dei nye lesebøker der det sto SOLA.


Lise hugsar at to av sønnene til læraren, Jostein og Oddvar, gjekk saman med henne i småskulen.


I 1941 døydde lærar Meland brått, berre 50 år gammal. Han hadde vore lærar og kyrkjesongar på Fister i 18 år. I nekrologen i Aftenbladet står det at han hadde vore mykje med i kommunepolitikken. I tillegg dreiv han som reve-farmar på fritida.


To andre vaksne Fister-buar som var viktige på under krigen: Inger i Folgå og Erling på kaien. Inger Thomsen hadde telefonsentralen på Fister. Ho budde i folgehuset på garden til Einar Thomsen. Ho var bestemor til Åsmund Thomsen. Inger var viktig for Gabbi Sømme og kunne sørga for at viktige meldingar skulle formidlast raskt.


Erling på kaien, Erling Thomsen, var handelsmann, poståpnar og rutebåt-ekspeditør. Han sjekka rasjoneringskorta når Lise skulle kjøpa godterier og mora kjøpte sigarettar.

Øyvind Aksnes var vikar-lærar på Fister. Han 
rømte til Shetland saman med Gabbi Sømme.


Studenten Øyvind Aksnes blei nå lærar-vikar ei tid på Fister. Han var ein veldig kjekk og fantasifull lærar. Etter ei tid blei han erstatta av ein lærar som var medlem i Nasjonal Samling, Navnet hans var Geirmund Skår. Lise sette ikkje sin fot på skulen etter at han kom, men ho blei god venninne med to av døtrene til læraren, Astrid og Randi. 


Gabbi Sømme engasjerte seg på mange vis på Fister. Ho blei vikar som organist i kyrkja og deltok med liv og lyst i kulturlivet som blomstra på ungdomshuset. Øyvind Aksnes laga tekstene til revyvisene. Han var også ein hyppig gjest på Lisehaugen. Der jobba dei med revytekstar, men det viktigaste var motstandsarbeidet mot nazistane. Der var også broren til Øyvind, Knut, svært engasjert. 


Lisehaugen. Akvarell malt av Leif Dreyer, Gabbi Sømme sin andre mann. 



Lise og dei andre ungane fekk ikkje vera med då dei vaksne øvde på lokalrevy. Men dei sat utanfor og høyrde tekstane. - Alle sømmer revner, Gabbi Sømme revner ei, song dei i eit vers i revyen, hugsar Lise. 


Øyvind Aksnes rømde saman med Gabbi Sømme over til Shetland i 1944.


I 1941 fekk Gabbi Sømme leiga ein revevaktar-bolig av Rasmus Sandvik. Dette blei til Lisehaugen der Gabbi og Lise flytta inn og budde der det meste av krigen.  Holstberg, sommarhuset til foreldra til Gabbi, låg i nabolaget til Lisehaugen.


Jamaldringane til Lise kom og gjekk på Lisehaugen. Gabbi lærte dei å spela fela eller piano. I tillegg var det mange som var engasjert i motstandsarbeidet, som kom og gjekk i hytta.


Slik ser Lisehaugen ut i dag. Kirsten Sandvik Madsen eig hytta.


Lise hugsar også at ho og mora reiste frå Fister og søkte dekning på meir avsides stader i periodar.


- Ein sommar var me i stølsdalen Valldalen ovanfor Røldal. Der fekk eg eit geite-kje som fekk navnet Lykle. Dette var med då  me drog vidare til Førre innerst i Jøsenfjorden der mange motstandsfolk hadde ein fristad under krigen. Her tok Jone Førre seg av Lykle. Seinare brukte mora Lykle som eit av sine dekk-navn.


- Me var også ein tur i jakthytta til tannlege Asheim i heietraktene austanfor Førre. På veg dit overnatta me i ei uteløe der me høyrte mus romstera i høyet, fortel Lise.


Lise Sømme hadde ein spesiell barndom under krigen. Ho gjekk ikkje berre på skule på Fister. Ho budde også deler av krigstida i Bergen hjå faren. Han budde i Fjellveien i Bergen. Då gjekk ho på Nygård skule. Den låg sentralt i byen og ein del av romma på skulen hadde tyskarane teke i bruk. Ein del av undervisninga føregjekk i private heimar.


Lise saman med faren Axel Sømme.


20. april 1944 då den svære eksplosjonsulukka i Vågen påførte sentrum store skader i Bergen, var Lise i byen. Lise var nettopp kommen inn i klasserommet på skulen då det smalt. Minst 158 menneske mista livet og rundt 4800 menneske blei  skada.


- Det var fullt av knust glass både i klasserommet og på resten på skulen. Alle elevane blei sendt heim, fortel Lise.  


- Mi lærarinne, som dei kalla kvinnelege lærarar på den tida, heitte Kristine Heldal. Ho dreiv brevundervisning med meg i periodane då eg var på Fister, seier Lise.


Den 11 år gamle jenta visste ingenting før mora forsvann hausten 1944. Tyskarane jakta på Gabbi Sømme og Øyvind Aksnes som etter ei dramatisk flukt til slutt drog med Shetlandsbussen over Nordsjøen. Nå enda Gabbi i Skottland. Ho fekk ansvaret for flyktningane frå Sørøya i Finnmark som var plassert i ein leir der.


- På fredsdagen, 8. mai 1945, var eg på Fister. Det var strålande vêr, kan eg hugsa.


Mora si blei ho gjenforent med i Bergen utpå sommaren i 1945. - Me klemte lenge, smiler Lise.


Eit nytt kapitel i Lise sitt liv sto nå for døra. Men det blei mykje hit og dit-liv i etterkrigsåra også. Det kan du lesa om i neste blogg. 












 

onsdag 4. juni 2025

Hit og dit-barndom med pause på Fister

 

Gabbi Sømme og dottera Lise i 1930-åra.


Lise er navnet. Ho blei fødd på Aker sykehus i Oslo 5. november 1933 og budde det meste av sitt fyrste leveår på Bekkelagshøgda i Oslo. Gabbi og Axel Sømme, begge frå Stavanger, var foreldrene. Dei var aktive og på farten med Lise på slep. Det blei ein barndom prega av stadig flytting både i inn- og utland. 


Viss du reknar opp alle plassene den unge jenta budde gjennom sin barndom og tidlege ungdom, er det nesten til å mista pusten av. Og dette skjedde for 80 – 90 år sidan.


Oslo – Geneve – Paris – Orre – Bergen – Fister – Nærland - Hammerfest – Alta. Alle desse ulike stadene har Lise budd på fram til ho var 15 år. I 1939 skilde foreldra lag. Ho veksla ein del med å bu hjå mor og far. Men akkurat dette gjekk bra. Foreldra samarbeidde om å gi jenta si ein god og trygg oppvekst. Dei snakka aldri stygt om kvarande.


Lise McKinnon er 91 år i dag. Ei aktiv dame som
ofte er å treffa på farten i Bergen.



Lise Sømme var navnet i den omvekslande barndommen. Lise McKinnon er navnet på 91-åringen i dag. Ho bur i Bergen. Og tru meg: Utruleg kvikk. Ho meistrar mobiltelefon og sosiale medier som ein 19-åring.


Frå Oslo gjekk turen til Geneve i Sveits i 1934. Der blei faren, Axel, rektor på Den nordiske folkehøyskolen. Dette var ein sommarskole for elevar frå alle dei nordiske landa. Gabbi blei husmor på skulen og spreidde godt humør og samhold rundt seg, sto det i ein artikkel i Aftenbladet frå juli 1934.


Folkeforbundet sin nye, flotte bygning låg i skulen sitt nabolag. 


- Eg var med mor ut på tur. Då viste ho meg bygningen til Folkeforbundet og sa at i dette huset sørga dei for at det aldri meir skulle bli krig i verda, fortel Lise.


Men Gabbi slo seg ikkje til ro med å skapa god stemning for nordisk ungdom på sommarskole i Sveits. Dette blei ei stadig meir uroleg tid i Europa.


Frå Sveits gjekk turen til Frankrike. Her oppdaga Gabbi alle spanjolane som hadde flykta frå den spanske borgarkrigen. Dei ville ho hjelpa. Gabbi og Lise budde i Pontigny, ein småby nær Paris.  


- Gabbi Sømme administrerer 31 leirer med 1600 flyktninger står det  i ein artikkel i "1. Mai" (Rogalands Avis i dag) i september 1939. Her fortel ho om dette arbeidet og avsluttar med å understreka at det nå strøymde statslause og rettslause over Europas grenser. Ho oppfordra norske hjelpeorganisasjonar til å få hjelpearbeidet i gang. Denne hausten starta den andre verdenskrigen.


Tilbake i Norge denne hausten engasjerte Gabbi Sømme seg i arbeidet for å hjelpa folk som måtte flykta frå Hitler og nazistane i Tyskland og Austerrike.


I 1939 blei ekteparet Sømme skilde. Axel busette seg i Bergen. Han blei dosent i geografi ved Norges Handelshøyskole. Gabbi heldt seg i Stavanger-området. Foreldra hadde hus i Stavanger og hytta på Fister.


Då tyskarane gjekk til angrep på Norge 9. april 1940, var Lise hjå faren i Bergen. Gabbi kom med nattruta frå Stavanger til Bergen om morgonen. Planen var å ta med seg Lise sørover igjen.


Slik gjekk det ikkje: Gabbi og seks år gamle Lise flykta frå Bergen i retning mot Hardanger. Dei fekk plass på lasteplanet på ein lastebil. - Fyrste stopp var i Norheimsund. Her blei me innlosjert på skulehuset, seier Lise.


Neste dag blei dei rodd over til Framnes sidan vegen var stengt på grunn av krigen. Då passerte dei ei bru der det var tyske soldatar. Dei skaut. Men Lise er ikkje sikker på kven dei skaut etter. Dei kom velberga fram til Framnes og seinare til Rosendal.


Nå drog Gabbi og Lise til Sverige. Vidare reiste dei nordover til Umeå og inn i Finland. Dei kom heilt til Helsinki. 


Men dei blei ikkje verande der. Dei returnerte til Sverige og  der stoppa dei i Jädraås i Värmland. Der fikk Lise sitt fyrste møte med skulevesenet. Ho lærte å lesa.


Lise veit ikkje kva planar mora hadde, men det enda med at dei reiste tilbake til Norge utpå hausten. Dei fekk leiga seg eit hus på Fister.


Dette var fyrste kapitel i ein omskifteleg og til dels dramatisk barndom. Nå venta den to-delte folkeskulen på Fister. Lise blei sju år denne hausten.





torsdag 15. mai 2025

Ein piperøykande prost og ein kjempesvære blodbøk!

Blodbøken viser godt igjen på kyrkjegarden på Hjelmeland.



Du har heilt sikkert sett den. Viss du har vore på Hjelmeland. Den svære blodbøken som står midt på kyrkjegarden nokså nære minnesmerket over dei tre hjelmelandsbuane som fall i krigen.


Trudde du dette treet hadde noko med denne krigsgrava å gjera? Langt i frå. Denne blodbøken var planta før nokon hadde drøymt om at det skulle bli ein krig som også folk i Hjelmeland skulle få merka på livet.


Den piperøykande prosten tok bildet
med sjølvutløysar. Bildet frå bygde-
boka for Hjelmeland.



Bøketreet blei planta ved gravsteinen til Jakob Aafoss, den gamle og respekterte prosten som blei gravlagd på Hjelmeland i 1937. Han døydde då han var 91 år gammal. Frå 1902 til 1920 var han sokneprest i Hjelmeland og seinare prost i Ryfylke. Han busette på Hjelmeland som pensjonist og blei seinare mykje brukt både som preste-vikar og føredragshalder.

Aafoss var ein mangfoldig mann. Fotografering var ein av hobbyane hans. I bygdeboka for Hjelmeland er det eit bilde av den piperøykande presten. Han var sjøl fotografen. Dette ordna han med sjølvutløysar. Det finst fleire bilde av den skjeggete mannen med pipe i lokalhistoriske bøker.

Dette var ein romsleg prest. Før hans tid hadde det oppstått ein isfront i kristenflokken i bygda. Lekpredikanten Svend Foldøen og Kinamisjonen fekk ikkje bruka korkje bedehus eller kyrkja til sine møte. Dei måtte greia seg med private heimar. Men Aafoss åpna kyrkja for "Foldøyen" og blei dermed godt likt også av den delen av kristenfolket.


Gravstøtta er prega av det tette forholdet til bøketreet.



Eg ser ikkje for meg at det var planen at denne blodbøken skulle bli så svær og dominerande på kyrkjegarden som den er i dag. Viss du går opp til treet, så ser du at den beskjedne gravsteinen til Jakob og Hanna Aafoss står så tett opp i trestammen at den er blitt både skakk og skeiv.


I dag er det vel knapt nokon mellom oss som hugsar Jakob Aafoss, men fleire av borna budde på Hjelmeland i all si tid. Eg hugsar Arne Aafoss som døydde i 1955.


Men alle dei som har orka og lesa gjennom denne bloggen, kan nå senda ein tanke til den populære og piperøykande presten når dei kjører eller går forbi kyrkja og kyrkjegarden på Hjelmeland,


Frå Aftenbldet desember 1972.



Det løgnaste er likevel at du kan senda ein tanke til Aafoss om du fêr forbi på svarte natta også. For flomlyset på den kvitmalte kyrkja er kosta av Aafoss-pengar. Dette oppdaga eg då eg rota gjennom gamle aviser for å finna stoff om presten.


Aftenbladet skreiv rett før jul i 1972 at fru Dina Berg i Porsgrunn, arving etter Jakob Aafoss, hadde gitt pengar til Hjelmeland sokneråd slik at ein kunne setja opp flomlys på kyrkja.


Jakob Aafoss var fødd i 1846. Han var prest frå 1878. Dei fyrste seks åra i Leka i Trøndelag, seinare i Lund i Rogaland og Overhalla i Trøndelag før han kom til Hjelmeland i 1903.


Kommentar på Facebook:

Ole Skår

Min far var konfirmert av denne presten.
Han sto engasjert på prekestolen og strøk seg i skjegget, mens han snakket for konfirmantene. Enkelte av hårstråa falt på bordet foran en av guttene. Han begynte uengasert å samle skjeggstråa med fingrene. Plutselig braut presten ut i latter: " Samler du profetens skjegg?".

Trygve Brandal
Hjelmeland sokneråd har hatt eit eige fond til disposisjon for
utsmykking av kyrkja. Fondet vert kalla Åfossfondet og vart oppretta
ved ei testamentarisk gåve på kr 26 000 som i 1972 vart gitt av fru
Dina Bergh, arving etter sokneprest Jacob Aafoss. Fondet eksisterte lenge og vart brukt av ved spesielle høve.







mandag 28. april 2025

Millionær? Han ligna på ein kanarifoggel!

 

Avisande dollarturist
med løyen hatt.




Koss såg dei ut, dollarturistane frå cruiseskipet «Caronia»? Stavanger-folk hadde gått rundt i spenning i dagesvis før det aller fyrste cruiseskipet med over 500 amerikanske turistar om bord, kom til byen.


Journalistane i lokalavisene gjekk med liv og lyst laust på oppgava med å dokumentera besøket.


Britiske "Caronia" var bygd i 1947 og tilhøyrde Cunard-rederiet.



Journalisten frå Rogalands Avis tok seg ein tur på byen for å møta turistar på shopping i sentrum og som dei forretningsdrivande håpa skulle strø om seg med pengar.


Ikkje vanskeleg å skilja turistane frå den vanlege mannen i gata på den tida. Journalisten tok kontakt med den fyrste og beste:


"En Stavanger-dame kom oss aldri så lite i forkjøpet ved å bemerke til sin gemal: - Uff, se på han der med det marakkelse på hatten! Har du sitt någe så likt på ein kanarifoggel?


Men det forsto heldigvis bare vi, og ikke millionæren. Derfor gjorde vi bare et av våre høfligste bukk, presenterte oss pent og ba forsiktig om et par opplysninger. Hva han drev med i Amerika, for eksempel?


?No thank you, please leave me alone, you better make your own busness, sa kanarifoggelen.


Vi ble slett ikke fornærmet, men knipset et bilde i det herren snudde seg bort."





Mildred og Walter C. James frå Beverly Hills i California var meir imøtekommande mot RA-journalisten.


Dei sto utanfor ein kolonialforretning og diskuterte kor i all verda ein importerte kaffien frå.


Mannen var i olje-business. Om kona skreiv avisa at ho hadde øyenlokk med ein aldeles nydeleg, kvass lillafarge.


Ekteparet fortalte at dei reiste stort sett heile året. Og dei hadde vore i Norge før. I 1955, med «Stella Polaris».


"Olje-business, betyr det for Deres vedkommende at de "bare" eier grunnen der olje kommer opp?


- Yeah!"


Sentrumsbutikkane i Stavanger fekk ikkje den store omsetninga under cruisebesøket. I Bergen hadde dei oppnådd heilt andre resultat då slike flytande hotell kom på besøk. 300 000 kroner,  omtrent 4 millionar i dagens kroneverdi, la passasjerane frå seg på nokon ettermiddagstimar i Bergen, skreiv Aftenbladet. Ein turist hadde kjøpt 120 lusekofter som kosta 120 kroner pr. stk.


På «Caronia» kunne passasjerane ligga i køya og telefonera jorda rundt.


Det var 700 telefon-apparat og 600 elektriske ur om bord.


Ein luksus utan like i 1959!


søndag 27. april 2025

Heila Stavanger sto på håvet då cruseskipet «Caronia» kom til byen

 

"Ekspress" blei liten på sida av "Caronia" ute i Åmøyfjorden. Fyrstesida på 
Aftenbladet 18. juli 1959.



Store greier då cruiseskipet «Caronia» kom til Stavanger med meir enn 500 amerikanske dollarturistar og ein besetning på 700 om bord laurdag 18. juli 1959.


"Grønnmalt og smekker i linjene ankret båten opp i Åmøyfjorden ved åttetiden, sto det i Aftenbladet. Med sine 34. 000 tonn var dette det største skipet som hadde besøkt Stavanger til den tid. «Caronia» romma luksus av høgaste internasjonal standard. Og passasjerane, som avisene vekselvis omtalte som dollarturistar eller millionærar, hadde betalt opptil 100 000 kroner for lugarane sine.


Havnavesenet i Stavanger hadde mudra i havna slik at «Caronia» kunne komma til kai, men kapteinen tok ikkje sjansen på dette og ankra opp i Åmøyfjorden. «Caronia» var dobbel så stor som «Bergensfjord», sto det i Aftenbladet. Turistane blei frakta inn til byen i barkassar, som den slags båtar blir kalla, og drog på sightseeing. Det blei ikkje mykje tid til å strø rundt seg med dollars i butikkane i sentrum. Klokka 13 letta luksusskipet anker og seilte vidare.


Billig å vera amerikansk dollarturist i Stavanger, sto det i Aftenbladet 14. juli
1959. Teikning: Henry Imsland.  



Då turistane steig i land på Skagenkaien, blei dei helsa velkommen av bunadskledde jenter som gav dei ei helsing frå ordførar Tjalve Gjøstein. Tjensvoll skolekorps spelte festlege marsjar.


"Millionærene kommer til å spasere ytterst på kaikanten bort til de femten ventende bussene. Naturligvis har en mengde av dem bestilt privatbil med engelsktalende sjåfør. Ingen av dem risikerer å måtte sitte i baksetet eller over hjulene.", skreiv Aftenbladet dagen før «Caronia» kom til byen.


Ei storarta helg, fyrste cruiseskip kom til Stavanger og skapsprengar-kongen Kåre Palmer Holm var på rømmen. Masse kjekt stoff i dei lokale avisene.


Ein del lokale hotell- og reiselivsfolk, pluss ein del journalistar, blei invitert om bord og vist rundt på skipet av The Staff Captain eller purseren, om du vil.


Han kunne opplysa at langt frå alle passasjerane var millionærar. Flesteparten var nesten alminnelege menneske, lærerinner som hadde spart omtrent heile livet for å kunna ta seg ein tur til Europa og nokon andre som hadde vunne Gullfisken. Dei som hadde betalt 2500 dollars for turen og dei som hadde betalt dobbelt så mykje, bada i same basseng, fekk dei besøkande vita.


- Jo, det var veldig kjekt å få se. Men aller morsomst var det kanskje å bli satt i land med en av barkassene fra «Caronia». På kaien sto det hundrevis og glodde og tok oss for amerikanske millionærar, skreiv journalist Kjell Langholm i Rogalands Avis.


Eg skal laga minst ein til blogg om «Caronia»-besøket.


onsdag 23. april 2025

Kan ikkje velja ein pizza-pave!

 

Kardinal Pierbattista Pizzaballa, årgang 1965, er heit 
kandidat til å bli ny pave.



Dette er ikkje løye lenger.


Pizzaballa skal vera ein av dei heitaste kandidatane til å bli ny pave, les eg i Dagbladet i dag. Hans fulle navn er Pierbattista Pizzaballa.


Sjøl om min religiøse aktivitet begrensar seg til å vera eit ganske passivt medlem i statskyrkja, kan eg ikkje la vera å interessera meg for det kommande pavevalet. Dette er spennande avisstoff.


Eg reagerer ikkje så sterkt på navnet. Han er jo italiensk, må vita. Det er alderen som gjer han uaktuell i mine auer. Han er fødd i 1965. Den nyleg avdøde pave Frans var fødd i desember 1936. Han var to månader eldre enn Kong Harald og vaksen. Denne Pizza-mannen er 29 år yngre.


For meg som er fødd i 1949, er folk som er fødde i 1965 for barn å rekna.


I mitt yrkesliv fekk eg med meg eit år som lærar på Vinjar skule i Suldal. Dette var vinteren 1975 – 1976. Niandeklassingane dette året var fødde i 1960. Eg blei klassestyrar for fjerdeklassen. Dei var av same årgang som pavekandidaten: 1965.


Rett nok har det gått ein del år sidan dette skuleåret. Men eg har vondt for å akseptera at desse ungane også må reknast som vaksne i dag. Det er alt ein del år sidan eg fekk kjeft av ein av dei tidlegare elevane mine i baren på Hotel Atlantic. Heilt utan grunn hadde eg kasta han på gangen, meinte han.


Eg kunne ikkje hugsa denne episoden. For meg var dette ein engasjert guttunge som likte å syngja når det baud seg ein sjanse. "Nyss munde det regna så såre, og det dryper av tre og av runn." Dette var favoritt-songen til denne guten, minnest eg.


Du får slike grusomme påminningar om koss gammale du er blitt, av og til.


Det same skuleåret fekk eg av alle ting ein time i veka med maskinskriving valfag. Til den tid hadde min kontakt med skrivemaskinar vore svært begrensa. Eg melde meg på skrivemaskinkurs på Sand og låg dermed ein leksjon før elevane mine i læreboka heile vinteren. Det var mest jenter, årgang 1961, som valde maskinskriving. Dei sat roleg i timane og var greie mot den ferske læraren. Av og til slår eg meg på brystet og fortel at eg har lært ein tidlegare vara-ordførar i Suldal touch-metoden.

tirsdag 22. april 2025

Ei flaska øl kurerer skjelvande hender!

 


Gamle gubbar blir utsette for allslagsplager.



Som gammale mann på stadig raskare veg mot dei åtti, kjenner du stadig etter koss kroppen kjennes ut og grunnar på andre helsemessige spørsmål.


Då foreldra mine var i den alderen som eg er nå, blei eg irritert over koss opptekne dei var av sjukdommar. Dei hadde høyrt om folk som hadde kreft og andre med hjertetrøbbel. Enkelte hadde begynt å røra. Det var ikkje greia med dei lenger. Dette blir kalla demens i dag.


Du hadde til og med dei som døyde. Dødsannonsene blei det mest fengslande stoffet i avisa.


Eit unntak var ein gammal kollega av meg på over 90 år. - Eg les ikkje dødsannonsene lenger. Eg kjenner ingen som står der, sa han.


For eit par dagar sidan møtte eg igjen ein gammal kjenning frå studietida i Bergen. I den tida slo han stadig om seg med dette visdomsordet: - Beste du går der, friske og raske, så er du gifte. Studiekameraten var også blitt ein vaksen kar. Stadig eit halvt år eldre enn meg. Glimtet i auene var stadig på plass. Sjølv då det blei sjukdomssnakk.


- Eg er blitt skjelven på hendene, sa han, og det kunne eg sjå. Men får eg ei flaska øl, er skjelvinga borte, sa han og flirte godt.


I fleire dagar har eg gått rundt og vore i godt humør etter dette møtet. Sjølv er eg lite plaga av skjelvande hender.