![]() |
"Jøsenfjord" som Stavangerske-båt i 1978. Foto: Aftenbladet. |
Faren for kuling og grov sjø på Boknafjorden og Slettå førte til at «Jøsenfjord» ikkje kjem til Fjordsteam i Stavanger nå kommande helg. Den blir liggjande godt fortøyd ved Fartyvern-senteret i Norheimsund i Hardanger.
Den 139 år gamle stormfuglen som runda Lindesnes i all slags vêr før i tida, tåler ikkje for mykje slingring nå.
- Overbygget frå baugen og bakover, salongfronten og styrehuset er ikkje avstiva skikkeleg og båtdekket er uferdig. Viss det skulle bli litt slingring under slepinga sørover eller nordover, kunne det skada arbeidet som er gjort til nå, seier styreformann Lars Randa i Jøsenfjord Rutelag.
![]() |
Slik ser det ut på akterdekket nå. Foto: Lars Randa. |
Det var meininga å slepa «Jøsenfjord» til Stavanger onsdag, men dette er nå skrinlagt.
Lars Randa og Vidar Hauge har vore to turar til Norheimsund den siste månaden for å gjera «Jøsenfjord» klar for Stavanger-turen som nå er avlyst.
For to år sidan var «Jøsenfjord» ein av attraksjonane på Havnedagene i Stavanger. Då var den på veg frå eit lengre opphald på Bredalsholmen ved Kristiansand der stålarbeidet på skroget blei utført. Det vidare restaureringsarbeidet har sidan pågått på Fartyvernsenteret i Norheimsund.
![]() |
Nedgangen til mannskapslugarane og dekket under bakken. Foto: Lars Randa. |
Lars Randa reknar med at opphaldet i Hardanger er ferdig neste år. Då går turen vidare til Dåfjorden på Stord der den nye maskin-akslingen og propellen skal monterast. Nye master skal også på plass under opphaldet i Dåfjorden.
To år fram i tid reknar ein med at «Jøsenfjord» er ferdig restaurert og kan visast fram i Stavanger og Ryfylke.
50 millionar kroner har det gått med til restaureringsarbeidet av den 139 år gamle rutebåten..
«Lindesnæs» var navnet då båten blei sjøsett. Den gjekk i rute mellom Farsund og Kristiansand fram til 1929. Då blei dampbåten seldt til Jøsenfjord rutelag i Stavanger. Nå fekk den navnet «Jøsenfjord» og gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1978.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar