søndag 28. april 2024

Skatte-flyktning frå Hjelmeland til Kvitsøy

Notbasen Mikal Viga med sonen Endre ved årane. Bildet er frå ein artikkel i Sydvesten.

 


Mikal Viga frå Hjelmeland (1874 - 1942) var ein av dei fyrste norske skatteflyktningane. Notbasen som var berømt som storfiskar langs heile kysten frå Møre til Halden, tok i 1928 med seg familien frå Hjelmeland til Kvitsøy.


Årsaka: I Hjelmeland var skatteprosenten 16, på Kvitsøy betalte folk seks prosent skatt.


Frå Bergens Tidende.



Det er mykje å finna i dei gamle avisene om storfiskaren Mikal Viga. Eit kjent navn. Etterkvart blir det dualigt mykje, far og son med same navn. For ikkje nok med at du hadde "gamle Mikal" som dei sa i Hjelmeland. Nå kom også "litle Mikal" eller Mikal Viga junior (1896-1968) som det står i avisene. Utover på 1920-talet blei junior like mykje omtale som faren. Han etablerte seg med eige notbruk. To høgrøysta storfiskarar passa ikkje i same båt.


I dag ville ei slik "skatteflukt" til Kvitsøy fått mykje omtale, kan du skjøna. Men ikkje for 100 år sidan tydelegvis.


Huset som Mikal Viga kjøpte på Kvitsøy. Bilde frå
Norges bebyggelse.



Mikal Viga hadde med seg kona Ingeborg, dottera Bertine og barnebarnet, seks år gamle Margrethe, til Kvitsøy. Margrethe gjekk ei tid på skulen på øya.


Viga-familien busette seg i Ydstebøhavn. Mikal Viga kjøpte enkefru Gjemres villa, står det i avisa Stavangeren i 1929. Eit par år seinare var villaen seldt vidare til Otto Ydstebø. - Kapt. Gjemres tidligere våningshus på Kvitsøy er av Mikal Viga solgt videre til Otto Ydstebø for 7500 kroner, sto det i Stavangeren.


Tida som skatteflyktning blei kort. Arne Kleppa skriv i ein stor og interessant artikkel i Rogaland historielag sitt hefte Sydvesten om Mikal Viga at i 1930 var han tilbake som skattebetalar i Hjelmeland igjen.


Det var visst ikkje så lett å bli skatta-flyktning. I 1931 fekk Mikal Viga krav om skatt både frå Hjelmeland og Kvitsøy: Mikal Viga d.e. er for inneværende år ilignet skatt både i Kvitingsøy og i Hjelmeland. Det blev av herredstyret enstemmig besluttet å fastholde Vigas skatteplikt til Hjelmeland og ordføreren fikk i opdrag å underette Kvitingsøy herom, sto det i Stavangeren.


Gamle Mikal Viga var ein mangfoldig mann: "Det er fortalt at han ikkje ville ha banning om bord. Som botemiddel mot dette sette han ut ein blikkboks der det skulle betalast 10 øre om det likevel kom ut forbodne ord og vendingar. Mikal var visstnok sjølv ikkje ein sjeldan bidragsytar i kassen", står det i Arne Kleppa sin artikkel i Sydvesten.


Mikal O. Viga er oldebarn av "Gamle Mikal" og barnebarn
av "Litle Mikal". Han er som forfedrane ein bromlebass
med smilet på lur. 



Mange av Viga-karane har vore bromlebassar med eit smil på lur gjennom fleire generasjonar. Du har ofte høyrt lyden lenge før du såg mannen.


Mikal O. Viga, oldebarn av "gamle Mikal" og barnebarn av "litle Mikal". Dei fleste kjenner han for den prisbelønte røykelaksen med merket "King Mikal". Han har alle kjennemerke på ein ekta Viga-kar. Han har heller ikkje alltid vore ein like glad skattebetalar. Han likte ikkje at Hjelmeland i si tid innførte eigedomsskatt. På den tida var han medeigar i rederi med opptil sju servicebåtar som blei brukte i oppdrettsnæringa. I samband med overleveringa var han ganske klar på at den nye båten ikkje skulle registrerast i Hjelmeland. - Nei, det står mellom Bahamas og Tysvær, sa Mikal O. Viga.



1 kommentar:

  1. En herlig historie som fortjener å bli lest av mange, svært mange.
    "Alt må for 'an Mikal viga" - ble det sagt ;-)

    SvarSlett