torsdag 25. april 2024

Frå Hjelmeland til Tasta for 39 kroner!

 



Heile reisa mi i grønt. Frå Hjelmeland til Tasta. Bytta buss
på Solbakk og i byen. 



Som pensjonist reiste eg frå Hjelmelandsvågen til Tasta for 39 kroner for eit par dagar sidan. Eg vågar ikkje å tenkja på kva denne turen ville kosta med eigen bil når bensinprisen er 25 kroner og det ville gått opptil 158 kroner i bompenger. I tillegg ville eg slete på bildekka og sluppe all slags gassar ut i lofta og forurensa miljøet. Hundrevis av kroner ville gått med.


Er det løye eg går rundt og trur at eg er nesten-millionær?


Sjøl om eg er ein ytterst beskjeden mann, greier eg ikkje la vera å skrøyda over kor billig eg kjem meg frå Hjelmeland til byn på ærleg vis. Mange eg treffer, blir interessert og vil ha hjelp av meg til å få nødvendige appar og greier på plass slik at dei og kan reisa billeg.


- Avgang nå, står det på bussen som stå på Solbakk.



Aldri har eg vore interessert i å læra om nye tekniske dibbeduttar og den slags. Då eg jobba i Aftenbla i gamle dagar, fekk me tilbod om å ta noko dei kalla "datalappen". Eg følte meg pressa til å vera med på dette og strauk med glans. Likevel måtte eg læra meg om appar og greier berre for å hengja med frå dag til dag i jobben. Ei tid dreiv eg også med youtube-snuttar og bloggar.


Dermed fekk eg det til å kjøpa billettar på Kolumbus-appen med telefonen og eg lasta ned ein Kolumbus-app som dei kalla "Sann tid". Spennande app. Der er det eit kart som viser kor alle bussar og hurtigbåtar i Rogaland er akkurat nå.


Det var på akkurat denne appen dei ordna det slik at du kunne kjøpa ein billett der du berre betalar for den strekninga du reiser. Rasande billeg. Tur-retur Tasta – Bryne med buss og tog for 80 kroner.


Diverre er ikkje eg nokon læremeister i andre sine smart-telefornar og installering av appar. Eg må stort sett gi opp. Det er betre å få hjelp av barn og barnebarn til slikt.


Men nå kjem eg omsider til poenget: Her bør Kolumbus og andre som meiner dei har ansvaret for å gjera alle gamlingane i stand til å bruka appar både til det eina og det andre. Dei må lokka gamlingane til å kursa seg inn i appa-verda. Tenk så spennande å få billig bussbillett og betala dei på Vipps.


Nå er eg rett nok litt meir buss-interessert enn gjennomsnittet. Far min kjørte buss, brørne mine og ein haug med søskenbarn også. Og kånå mi har vore buss-sjåfør og ein av sønnene våre. På bussen treffer eg kjenningar rett som det er, og kan drøsa om gamle dar og andre ting. Det hender eg kjenner sjåføren også. Men dei minkar det på nå. Kjenningane mine blir pensjonistar, dei også.


Slik ser det ut inni bussen til Hjelmeland.



For meg er det også spennande å sjå på skjermen med navna på holdeplassene og ikkje minst koss høgtalarstemmen i bussen uttalar dei. Tenk det er ein holdeplass på Tau som heiter Giljebakken. Grunnen til det navnet? Dokter Gilje bygde hus midt i denne bakken og sin legepraksis der. Og så har eg funne ein stygg inkonsekvens i navna i Årdal. Det må vera feil å kalla ein plass for SoppAland og ein annan for RiskEdal. Skikkelige innfødde seier Soppaland og Riskadal, meiner eg. Men dei fleste familienavna har nok E trur eg.


Eg vasa meg langt vekk frå mitt tema nå. Det var billege bussbilettar. For eg lurer på ein ting til: Kaffor betalte eg 39 kroner frå Hjelmeland til Tasta, men 40 kroner tilbake? Kan det ha vore fordi det var ein liten buss frå Hjelmeland, men ein stor frå Solbakk til Hjelmeland?

1 kommentar:

  1. Forskjellen i pris var merkelig men jeg har et tips dersom en skal reise mer enn bare den tur/returen mellom Ryfylke og Nord-Jæren: En 24 timers billett for de to sonene for oss veldig voksne ville kostet 95 kroner, dvs at det bare hadde kostet 15 kroner ekstra å kjørt buss så mye en ville i 24 timer!

    SvarSlett