onsdag 20. mars 2024

«Sleipner»-mannskapet redda tre menneske på Boknafjorden

 


Redningsheltane frå "Sleipner" på fyrstesida på Haugesunds Dagblad. Frå venstre: Førar
Kjell B. Stangeland, dekksgutt Karl Ole Strøm, stewardessene Gunnvor Gripsrud og Helene 
Eidebakken, maskinist Odd Haavik, styrmann Karl Larsen og maskinist Magne 
Eikeland. Bilde frå Haugesunds Dagblad.



Mannskapet på hydrofoilbåten «Sleipner» gjorde ein heltemodig innsats då dei redda tre overlevande frå den norske lastebåten «Dux» søndag 3. september 1967. Resten av mannskapet, 14 menneske, omkom etter forliset som skjedde på Boknafjorden.


Båten var på veg frå Glomfjord til Oslo, lasta med fullgjødsel, då den kantra og gjekk ned natt til søndag 3. september.


«Sleipner» gjekk frå Stavanger klokka 9 om morgonen. Det var tung sjø og liten kuling. Derfor valde førar Kjell B. Stangeland ein meir vestleg kurs enn vanleg. På høgde med Kråka vest for Bokn oppdaga folka i styrehuset ein velta livbåt med ein mann på kvelven.


Frå fyrstesida på Aftenbladet 4. september 1967.



Rett etter såg dei nok ein mann på ein annan livbåt. Desse to var kapteinen og overstyrmannen på «Dux». Dei to mennene blei redda og deretter oppdaga dei kona til kapteinen som låg i sjøen og klamra seg til ein livbøye. Det blei ein dramatisk redningsaksjon. Fleire av «Sleipner»-mannskapet som var delvis ute i sjøen for å få kona til kapteinen om bord.


Fleire skip hadde passert dei tre overlevande utan å oppdaga dei. «Sleipner»-folka påpeika at kvitmalte livbåtar var farlege. Dei gjekk i ett med skumtoppane på bølgene i uroleg vær.


I to timar kryssa hydrofoilen rundt og søkte etter fleire overlevande. Deretter tok «Sleipner» opp ruta til Bergen etter å ha sett dei overlevande i land i Kopervik.


Avisene hadde store oppslag om «Dux»-forliset dagen etterpå. Folka på «Sleipner» fekk også brei omtale. Haugesunds Dagblad hadde eit stort bilde av heile mannskapet på hydrofoilbåten.


1 kommentar:

  1. Ja, det er slike hendelser man aldri glemmer, det ble en fæl søndag og jeg var selv med og tok lik i land i Kopervik.

    SvarSlett