torsdag 14. mars 2024

Frå hydrofoil-vertinne til SAS-purser.

 

Foto: Leif Berge.



Ei flotte, unge dama, Eva Vognstølen frå Bergen, står og kryssar av på passasjer-lista etter kvart som passasjererane går om bord i hydrofoilbåten «Vingtor» i Stavanger i juli 1965. Flott skulle det vera, akkurat som på eit passasjerfly.


Fjonge damer blei henta inn før sommarsesongen starta i 1960-åra. På den tida sto hydrofoilane på land på vinteren. Dermed blei stewardessene sesong-arbeidarar.


Den unge dama lyste opp på fyrstesida på Aftenbladet 17. juli 1965. Ei avis som var prega av sommar, sol, badeliv, iskrem og fellesferie. Avisa sitt team hadde vore ute og snakka med folk, deriblant den unge dama frå Bergen. 


- Eva Vognstølen går fra Bergen til Stavanger og tilbake igjen tre-fire dager i uken. Så har hun fri fra stewardessjobben på «Vingtor», og kan hvile bena i Bergen, der hun bor, står det i avisa.


Mannskapet på "Vingtor" minus dekksgutt fotografert i Haugesund 17. mai 1965. 
Bak frå venstre: Maskinsjef Rolf Pedersen, stewardesse Elsa Myhrstad, maskinist
Sverre Skarbøvik, kaptein Arnt Søllesvik, stewardesse Eva Vognstølen. Framme:
Styrmann Kjell B. Stangeland og stewardesse Ellis Sivertsen.



Det var nemleg slik på den tida:  Det var to hydrofoilbåtar i fart mellom Stavanger og Bergen, «Vingtor» og «Sleipner».


«Vingtor» overnatta i Bergen og den andre i Stavanger. Mannfolka om bord overnatta på hotel Slottsgården. Bergensjentene bodde heima. Billig og greit for rederiet.


 Dei unge damene blei rekrutterte på ein slags "audition i Bergen.  Passasjersjef Johs. Aarreberg drog til Bergen og møtte dei interesserte. Dette går fram av ein artikkel i Bergens Tidende 8. mars 1963. Mange unge damer var på plass og fekk snakka med DSD-sjefen som berre hadde bruk for 10-12 stewardesser frå 1. april då hydrofoilane braut vinteropplaget. 


Bergens Tidende 8. mars 1963.



- Vi går og betjener passasjerene faktisk fra hydrofoilbåten legger fra kaien til vi er framme ved bestemmelsesstedet, forteller hun. Men det er gøy og ha det travelt for så går tiden så meget fortere. Eva Vognstølen er student og har tenkt seg inn i reiselivsbransjen. Hun har fått smaken på å reise, snakkke med folk og få benytte språkene hun har lært.


- Om bord går det mest på engelsk, noen ganger på fransk. Det går også greit for jeg har vært i Frankrike. Det er en grei jobb, sa Eva Vognstølen.


Utan hell leita eg etter fleire intervju med "hydrofoil-damene". Men eg fann bilde av damene og til og med eit der Eva Vognstølen var med. Bildet er teke i Haugesund på 17. mai 1965. Dette var med i boka "Fjordabåtene" frå 2005.


Eva Vognstølen avbilda av Bergensavisen i 2021. 



Eva Vognstølen var 22 år då ho pryda fyrstesida på Aftenbladet. Ho spora eg opp, frisk og oppegåande på familiebesøk i Milano. Eg fann også eit stort intervju med henne i Bergensavisen i 2021.


- I 1965 hadde eg planar om å studera språk, men ei venninne fekk jobb som flyvertinne i SAS. Sjøl om eg hadde litt flyskrekk, tok eg fly til Oslo og fekk plass på flyvertinne-kurs, eg og. Det var over 600 søkarar til 30 plasser.


Etter eit halvt års kurs ved Oslo yrkesskole var ho klar for flybransjen.


Det var litt eksklusivt å reisa med fly på 1960-talet. Billettane var dyre og folk var "pene i tøyet". Og flyvertinnene skulle helst vera unge og flotte.


- 35 år gammal fekk du tilbod om eit års lønn viss du slutta. Eg takka nei og blei heller purser.


Passasjerane blei meir krevande med åra. Då SAS-sjef Janne Carlson innførte Euro-Class, var det passasjerar som klaga dersom dei ikkje fekk tre aviser som lova.


Som 60-åring var Eva Vognstølen ferdig med SAS-jobben. Men ho ville ikkje slutta i arbeidslivet. Nå begynte ho å arbeida på Sandviken psykiatriske sykehus i Bergen.


- Her møtte eg folk med ekte problem. Ikkje problem som misnøgde passasjerer som ikkje fekk  dei avisene dei hadde krav på. Det var i psykiatrien eg skulle vore alltid, seier Eva Vognstølen på telefonen frå Milano.


Men ho hadde lite spennande å fortelja om tida si på hydrofoilen.


Fyrstesida på Aftenbladet 17. juli 1965.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar