tirsdag 14. juni 2022

Lensmannen jakta på småkjeltringar mens pengeskapet i Finnøy-banken blei sprengt

 

Bankstyrar Reimund Flesjå framføre 
pengeskapet i Finnøy-banken i mars
1978.

Mens Finnøy-lensmann Reidar Bjørkvik og assistenten Rolf Kant stressa rundt i nabolaget på jakt etter ein ungdomsgjeng som hadde gjort innbrudd på handelslaget, var professjonelle skapsprengarar inne i Finnøy sparebank på Judaberg. Ved hjelp av skjærebrennar åpna dei pengeskapet og tok med seg alt som fanst av pengar der: 215.000 kroner.


Finnøybuar var sterke i trua, men natt til onsdag 31. mai 1978 gjekk ei av dei nesten evige sanningar på øya i knas. Pengeskapet som hadde stått mot skapsprengarar to gonger tidlegare, blei eit lett bytte for desse bandittane. Dei åpna skapet og stakk av med alt som fanst i kontanter der.


-Me hadde uflaks, sa Finnøy-lensmann Reidar Bjørkvik til Rogalands avis.
Foto: Jan B. Henriksen.


Det verste av alt: Lensmannsfolka hadde vore borte og kjent på dørklinka til banklokalet og kikka inn eit av glasene utan å oppdaga noko mistenkjeleg. Då var truleg bandittane i fullt arbeid inne i banken. Dei hadde teke seg inn gjenom eit av glasene på andre sida av huset. Og dei fordufta etter at jobben var gjort.


I ein åpen plastbåt med ein 15-hestars påhengsmotor hadde skapåpnarane komme til Finnøy og lagt seg til i småbåthavna like ved ferjekaien. Lensmannsfolka hadde sett båten her. Og dagen etterpå meldte det seg eit vitne som hadde sett båten forlata Judaberg ved 3-4-tida på natta.


- Me hadde maksimal uflaks. Skapåpnarane hadde maksimal flaks, sa lensmann Reidar Bjørkvik til Rogalands Avis.


Dei to lensmannsfolka hadde passert banken mange ganger, både i bil og til fots, i det tidsrommet då skapåpninga pågjekk. Men dei var på jakt etter ungdommane som hadde vore på handelslaget. Dei drøymde ikkje om at det var skikkelege bandittar på ferde i banken.


Det var dette pengeskapet på Finnøy som den vidgjetne skapsprengar-kongen Kåre Palmer Holm forgjeves prøvde å åpna i 1959. Men han og kameraten herja slik med døra på skapet at bankfolka heller ikkje greidde å få den opp då dei kom på jobb neste dag. Ekspertar frå Stavanger måtte tilkallast for å få orden på skapdøra igjen.


Fornøgde finnøybuar konstaterte såleis at pengane var trygge i deira bank. Det var også gjort eit mislukka åpningsforsøk på dette skapet 40 år før Kåre Palmer Holm prøvde seg.


Bankkuppet på Judaberg blei ikkje oppdaga før banksjef Reimund Flesjå kom på jobb neste morgon. - Eg blei ganske paffe då eg såg kva som hadde skjedd, sa banksjefen til RA. Han tykte det var utruleg at skapåpnarane ikkje blei oppdaga sidan lensmannsfolka dreiv reine skytteltrafikken i dette området.


Banken hadde ikkje alarm. Dei dreiv og planla eit nybygg og dermed var det ingen som hadde tenkt på å skaffa seg alarm før nybygget var klart.


Ingen problemer for ekta bandittar å ta seg inn i den gamle banken på Finnøy.


Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg fekk høyra om Finnøy-kuppet. Var desse skap-åpnarane Aftenblad-abonnentar? Eg var ganske fersk journalist i avisa på den tida og hadde hatt Finnøy som ein del av mitt ansvarsområde.


I mars 1978 laga eg ei sak om at kommunestyret hadde godkjent Finnøy-banken sine planar om nytt bygg. I reportasjen hadde eg med et bilde både av det enkle bankbygget og bankstyrar Flesjå framføre det gamle pengeskapet som skapåpnarar hadde gjort fleire mislukka forsøk på å åpna.


Kan skap-åpnarane ha fått ideen til Finnøy-kuppet ved å lesa min enkle reportasje i Aftenbladet?


Heldigvis var det ingen andre som hugsa på denne reportasjen min i oppstusset etterpå.


Dei to som seinare blei tekne for Finnøy-kuppet, var iallfall ikkje lesarar av Aftenbladet. Dette var "storfuglar i bransjen" med base på Austlandet som sto bak skap-åpninga på Finnøy. Dei hadde lånt ein bil av ein kjenning og kjørt til Stavanger. Dei parkerte bilen ved båthavna i Dusavik og tok ein båt der og drog til Finnøy kvelden før ranet. På morgonkvisten var dei tilbake i Dusavik. La båten fint frå seg og kjørte austover igjen.


Men vitner hadde sett bilen og dermed gjekk det ikkje så lenge før mennene i 30-åra sat bak lås og slå. I 1979 blei dei dømte til fleire års fengsel for Finnøy-kuppet og diverse grove brotsverk på Austlandet.


Men koss i all verda hadde desse karane funne ut at det var eit pengeskap å åpna på Finnøy av alle stader? Det har visst ingen funne svaret på.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar