Eit slikt løye og langt navn på den fine båten. Tømmermann Sjur Randa var heilt i sjokk då disponent Magnus Kalheim avslørte navnet på den nye fine båten: «Hjelmelandsfjord»
Dei hadde kalla den «192» heilt sidan dei henta det tidlegare landgangsfartyet i Southampton i Sør-England tre år tidlegare. Sjur Randa hadde vore med på alt dette. Han var med til England og gjorde klar for ferda over Nordsjøen, renska propellane for ubåtnett og gjort klart skip før avgang. Han og skipskameratane hadde kjempa seg gjennom skodde, storm og sjøsjuke før dei kom heim til Stavanger og Buøy med båten.
Då ombygginga av båten endeleg kom i gang etter to år, tok tømmmermann Randa sin tørn både tidleg og seint. Kven trur du det var som måtte tørna ut midt på natta i vind og regn og gå ned på Jøsenfjord-verkstedet surra på presenningar og sjekka fortøyningar? Sidan han budde rett opp i gata på Buøy, var det sjølsagt at han tok ansvaret som nattevakt. Sikkert utan betaling!
Han kom seg over bokstav-sjokket, Sjur Randa. «Hjelmelandsfjord» blei hans båt og han var stolt over det arbeidet som var gjort om bord. Mange historier fortalde han til familien. Sjølv om han slutta i Jøsenfjord-selskapet nokre år seinare og gjekk over til «fienden», Stavangerske som hadde sitt verksted på Klasaskjeret: Det var ingen tvil om kva som var båden!
Frå Aftenbladet 20. august 1949. |
Fredag 19. august 1949 var Jøsenfjord Rutelags store dag. «Hjelmelandsfjord» gjekk prøvetur. Flaggsmykka og fullpakka med gjester. Talarane sto i kø for å dela ut hyllestar til dei som dei meinte hadde æra for at den flotte fjordabåten nå kunne setjast inn i ruta.
"Hyllesten og anerkjennelsen for det store løft samlet seg om styrets nåværende formann Johs. Laugaland og tidligere formann S. Klungland og om disponent Magnus Kalheim. Især den siste fikk sterk ros og anerkjennelse. Han har som leder av selskapets drift også hatt hovedarbeidet med å få levendegjort den drøm som nå med «Hjelmelandsfjord» er blitt til virkelighet.
Det var en av ettersommerens få vakre dager at skipet stevnet innover fjorden. I tindrende høstluft kledte fjell og øyer seg i det festligste skrud mens flaggsmykket gled gjennom sundene. Skipet ble ført av O. Hagen, «Jøsenfjord»s fører. Fra i dag av overtar «Hjelmelandsfjord» ruten på Hjelmeland og Vadla", står det å lesa i Aftenbladet 20. august 1949.
Heilt gløymde var ikkje sjøfolka som henta båten i England og fekk den trygt til Stavanger og Buøy. Heller ikkje arbeidsfolka som forvandla krigsskipet til ein flott fjordabåt ved Jøsenfjord-verkstedet på Buøy.
For på denne store presentasjonsturen var det kaptein Ola Hagen som sto på brua. Han hadde vore med på turen over Nordsjøen. Då disponent Kalheim fekk ordet, fekk "guttane på golvet" også litt skryt.
"Disponent Kalheim gjorde greie for skipets ombygging og egenskaper, og takket alle som hadde vært med på arbeidet. Ombyggingen er foregått ved Jøsenfjords eget verksted. Han nevnte navnene på menn og firmaer som har ære for resultatet", står det i Aftenbladet.
Gjestene fekk middag på Hovda Gård på Randøy. Her blei det utdelt blomster i massevis og Jøsenfjord-folket blei sterkt hylla og gratulert. Det blei midnatt før «Hjelmelandsfjord» var tilbake i Stavanger.
Den stor dagen var over. Nå venta 29 år i fjordafart i Ryfylke for «Hjelmelandsfjord».
Annonseavdelingen i Aftenbladet var ute og sikra seg annonser frå dei firma som hadde forsynt «Hjelmelandsfjord» med varer og tenester |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar