Svaneparet kosa seg i den isfrie delen av Storsteinsvatnet, 600 meter over havet. Foto: Eldfinn Austigard. |
Ikkje lett å seia om dette er sangsvaner eller knoppsvaner. |
Svanene
såg ut til å ha funne seg godt til rette i dei isfrie delene av
vatnet, men var så pass sky at Eldfinn Austigard ikkje greidde å få
så veldig gode bilde av dei med mobiltelefonen sin.
Ingen
kjenner til at svaner har hekka ved dette vatnet tidlegare.
Storsteinsvatnet ligg 600 meter over havet. Sjølv om talet på
hekkande knoppsvaner har auka kraftig i Ryfylke i dei seinare år, er
det ikkje vanleg at dei finn hekkeplasser så høgt til fjells.
Sangsvane. Foto frå Store norske leksikon. |
Sangsvanene
har gult nebb. Knoppsvanene har meir oransje nebb med den
karakteristiske knoppen.
Knoppsvanen
veier fra 9 til 14 kg, men en vekt mellom 10 og 12 er vanlig. Det er
også registrert et rekordstort individ på 23 kg.
Ruger
i vill tilstand i Nord- og Mellom-Europa og i store deler av Asia. I
Europa har antallet økt fra 1960-årene. Ble første gang funnet
hekkende i Norge utenfor Fredrikstad i 1937. Hekker nå i sivsjøer
og enkelte steder i skjærgården på Østlandet, Sørlandet og i
Rogaland og Hordaland, sjeldnere nord til Vesterålen. Har økt
betydelig i antall her i landet fra 1970 (25–30 par) til
begynnelsen av 1990-årene (nær 500 par). Mange overvintrer langs
våre sørlige kyster. I motsetning til sangsvanen er knoppsvanen
nærmest stum.
Kultursjef Eldfinn Austigard. |
Det
blir spennande å sjå om svaneparet blir verande eller om dei er
like flyktige som turgåarane. Viss du ser svanene, må du vera rask med
å få fram kikkerten og slå fast om nebbet er gult eller oransje.
For
meg personleg er jo dette spesielt spennande. Far min, Johan
Laugaland, bygde hytta ved Storsteinsvatnet i 1945. Den overtok eg
seinare og nå er sonen vår, Johan Mihle Laugaland og hans familie,
som eig hytta. Me har aldri sett svaner i vatnet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar