torsdag 11. april 2019

Går «Kløver» på sjøen i sommar?

Paul Sverre Fyljesvoll har skifta mange hudplankar på
«Kløver».


«Kløver» går kanskje på sjøen i sommar. Ein tur. Men då må den opp på slippen på Erøy til hausten igjen.

For den 64 år gamle melkebåten frå Erfjord er ennå ikkje ferdig pussa opp. Det manglar ein del før  den kan visast fram i fordums glans. Slik den såg ut då den frakta melk frå Erfjord og Jelsa til meieriet på Sand frå 1955 til 1966.

Nytt dekk, rekker og rekkestøtter er nå ferdige. 


Paul Sverre Fyljesvoll saman med familien og andre støttespelarar har gjort ein kjempejobb med å setja båten i stand igjen etter at båten blei dregen på land på slippen til Olav Erfjord på Erøy for to og eit halvt år sidan.

Sju plankar på skutesida er skifta ut på begge sider av forskipet. Lenger bak er det fire nye plankar som er skifta ut. Rekker og rekkestøtter er også heilt nye.

Styrehuset på «Kløver» blir fornya nå.


Dei nye plankane er ekte, handlaga Erfjord-vare. Paul Sverre Fyljesvoll har henta furutrea han trong i Olav Erfjord sin skog og plankane har han sjølv skore til. 

Av naboen, Olav Lovra, fekk han ein svær eikeplank som svigersonen Helge Hjorteland har forma til eit nytt stevne på «Kløver».

Alle dekksplankane er skifta ut. Akkurat nå er det styrehuset som blir fornya. Barnebarn André har dreia ny propell-aksling. Barnebarna Sondre Hjorteland og Stian Haugsland har reingjort og malt Volvo-motoren. Men ingen har jobba meir med båten enn Paul Sverre Fyljesvoll.

- Kor mange timar eg har brukt? Det er lenge sidan eg kom ut av teljinga, seier 72-åringen med eit smil.

«Kløver»-entusiasten Olav Erfjord har stilt eigen slipp og verkstad til disposisjon for Fyljesvoll. Det er planen at den gamle melke-rutebåten skal få permanent liggjeplass på brygga ved sida av slippen.


«Kløver» slik den såg ut då den gjekk med melk mellom Erfjord og Sand frå 1955 til 1966. Bildet tilhøyrer Thomas
Fuglestein Bog.


«Kløver» blei bygd i Erfjord i 1955. I 10 år frakta den mjølk, varer og folk mellom Erfjord, Jelsa og Sand. I 1966 var Ryfylkevegen ferdig. Då blei melkebåten «Kløver» og eigaren Magnus Fuglestein arbeidslause. Sjølv om båten blei seldt til Sverige, blei den aldri blitt gløymd i heimbygda.   

I 2016 drog erfjordbuane Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord og Tor Olav Følgesvold til Lysekil på den svenske vestkysten for å henta båten som Olav Erfjord hadde fått tilbod om å overta vederlagsfritt frå den nåverande eigaren Bjarne Isaksen som var den fjerde eigaren av «Kløver» sidan den forlet Norge for 50 år sidan. Erfjord hadde ei skøyte frå før. Difor let han «Kløver» gå vidare til Paul Sverre Fyljesvoll som blei båteigar. Det var desse to karane som segla «Kløver» heim til Norge igjen.



1 kommentar: