onsdag 23. mai 2018

Svær fjordabåt gjennom smalt sund i Ryfylke




Djupasund ligg midt i leia mellom Finnøy og Hjelmeland. Foto: Bloggaren.

Viss du er på båttur med eigen båt i Ryfylke, er det kjekt å ha ein del godbitar på lur når du har invitert folk med deg og vil imponera gjestene. 

Fisterøyane ligg midt i smøraua viss du er på fjordatur. Her er det vakkert og passeleg tronge farvatn til at du kjem nær holmar og skjer utan at det utartar  til nokon sjanseseilas. Sjå på kartet og følg nøye med fyrste gongen du ferdast her, så veit du kor du er neste gong du går same leia. 
Her finn du Børøy i Hjelmeland kommune. Kart: Google.

Djupasund finn du mellom Børøy og Børøyholmane i Hjelmeland kommune. Det er djupt som navnet fortel, men ganske smalt. Viss du skal frå Finnøy til Hjelmeland/Fister eller omvendt, kan det vera ein snarveg å gå gjennom dette sundet. 

Når du går inn i sundet, ser du fort staken som visar kor du skal gå. Det er djupast på Børøy-sida. Viss det ikkje er møtande trafikk, kan du berre peisa gjennom sundet. 

Viss gjestene dine gjer store auer og er usikre på om du har kontrollen, kan du berre slå ut med handa og seia som eg pleier: 

- Ikkje farleg å gå her med den litle båten vår. Her gjekk «Hjelmelandsfjord» si tid. 

Og det er ikkje tull. Dette kan eg dokumentera:


Onsdag 20. juli 1960 var «Hjelmelandsfjord» på ekstratur med Aftenblad-lesarar.  Då gjekk den gjennom Djupasund.

Nesten 300 passasjerar var om bord i båten denne kvelden. Djupasund var eit høgdepunkt på turen. Ifølge avisa var det ein ferierande skipskaptein i utanriksfart med på turen. Han sendte helsing til kaptein Johan Warland på tur og gratulerte med godt sjømannskap. Om alle andre skipskapteinar ville vore like begeistra for slike oppvisningar, er eg slett ikkje sikker på. Den var jo litt dristig med den svære båten.


Men nå har du iallfall fått tipset om eit kjekt, smalt, men djupt sund i idylliske Ryfylke. Du treng ikkje vera redd for å gå på grunn her.

Ryfylke friluftsråd har laga ei 18 meter lang brygge på den søre Børøyholmen. Fin plass å liggja viss det ikkje er nordavind. Favorittplassen min i dette området er steinbrygga på Fårøy tvers overfor Børøy. Flott plass, der det fort blir opptatt.

 Men på dei flotte sommardagane me har nå, er det nok lett å finna plass for dei som har fri og kan nyta den tidlege sommaren. Det blir meir kamp om plassen når skuleferien startar. God tur!

Føler det heilt naudsynt med et bilde av «Hjelmelandsfjord» til slutt i denne bloggen:

«Hjelmelandsfjord» på veg frå byen. «Fjorddrott» til venstre. Foto: Stein Erik Gilje.

Arild Hansson Då eg sommarjobba på Hjelmelandsfjord va eg me fleire gonger gjønå der. På 60-talet ein gong styrte eg og.

Helge Salte Begynte i «selskapet» på Hjelmelandfjord, 17.03.1978 som styrmann under Johan Warland. (Er der forsatt, når de ringer og eg har lyst) Gikk gjennom Djupasundet flere ganger med han, og senere med Tor Halsne, som kaptein,men da med Hidle, ex»Rennesøy». Mener og vi gikk gjenom med Ternøy, ex»Skudenes», med Jon  Meland som kaptein. Etter det har eg gått gjenom sundet med de fleste hurtigbåter som eg har ført i Hjelmelandsruta. Men dette var før vi fikk anbefalte (pålagte rute-traseer) fra rederiet i 1993. Dette ble gjort fordi fritidsbåter skulle vite hvor hurtigbåter hadde sine rute-traseer. For å kunne fortøye trygt og nyte holmer og skjær, uten å frykte bølger fra en hurtigbåt som plutseligt rundet en holme. Rutene ble publiser til båtforeningene i Rogaland.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar