torsdag 10. mai 2018

Skandale-ferja «Tau» blei hata frå fyrste dag

«Tau» fekk motorstopp midt på Hidlefjorden og blei liggjande og driva i
to timar til ein taubåt fekk buksert ferja til kai på Tau. Foto: Aftenbladet.


Pendelferja «Tau» som blei sett inn i Tau-sambandet 24. januar 1977 var både forakta og hata mellom dei reisande. Fleire opprivande hendelsar med denne ferja førte til at gleda var stor den dagen då  den forsvann til Nord-Norge. Den gjekk på grunn to gonger og verst av alt: 5. juli 1978 blei «Tau» liggjande og driva med motorstopp midt på Hidlefjorden i to timar. Det var fullt av pendlarar og bilar om bord.  

Den flunkande nye ferja var ikkje ein gong velkommen då den kom til Stavanger for å bli sett inn i Tau-ruta. Lokalpolitikarar og reisande ville ikkje ha ei åpen pendelferje. Dei var meir kravstore enn som så. Fire år tidlegare kom fjordferja «Stavanger». Det er det flottaste og mest eksklusive fartyet som nokon gong har gått i rutefart i Ryfylke. Salongane var heilt eineståande for passasjerane og bildekket var innelukka og skjerma bilane for øydeleggjande sjøskvett og ekkel måkaskit. 

I staden for å skaffa ei ny ferje lik den flotte «Stavanger», bestilte  Stavangerske ei åpen pendelferje som ingen av brukarane ville ha. 
Pendelferja «Tau» gjekk fyrste tur i Tau-sambandet 24. januar 1977. Foto: Aftenbladet. 



Radioen i styrehuset på den flunkande nye ferja var innstilt på NRK Rogaland  då «Tau»  kom sørover i Karmsundet på veg mot Stavanger i januar 1977. I radioen kom det klart fram at dette ikkje var ein ferjetype folk ville ha i Tau-sambandet. 

- Me er ikkje velkomne her sør. Eg trur det er betre å snu og gå tilbake til verftet i Ulsteinvik igjen, sa kaptein Esra Olsen. 

Den kjende forsvarsadvokaten Atle Helljesen var den fyrste som gjekk til angrep på nye «Tau». Han budde på Strandalandet på den tida. Helljesen nekta å betala på ferja på grunn av maskinstøyen i nedre salong. Propellakslingen som gjekk under golvet i salongen var ikkje støyskjerma godt nok.

 I eit lesarbrev i Rogalands Avis kalla Helljesen «Tau» for slaveskipet sidan fleirtalet av dei reisande var henvist til å bruka den store salongen under bildekket. Salongen på øvre dekk var altfor liten på turar med mange reisande. 

«Tau» gjekk ut av ferjeleiet på Tau og rett på Sagholmen i tjukk skodde søndag 13. mars 1977.


Søndag 13. mars 1977 gjekk «Tau» i tjukk skodde rett på Sagholmen ved utløpet av Tauvågen, fullasta med bilar og passasjerar. Neste dag prega grunnstøytinga fyrstesida på Aftenbladet. Kapteinen skulle ha svinga hardt til styrbord i det ferja gjekk frå kaien på Tau. Men ferja gjekk rett fram og traff holmen. «Tau» blei ståande i vel 10 minutt på grunn før den kom seg av for eigen maskin. 

Då hadde folka om bord sjekka at det ikkje var lekkasjar om bord. Ferja gjekk deretter til Stavanger for eigen maskin. Dermed var punktum sett for ei problematisk helg. På fredagen hadde ferja hatt maskinproblem, på laurdagen hang den fast i ferjelemmen i Stavanger og på søndagen altså på grunn på Tau.
Aftenbladet 16. august 1978.

Samme ferja gikk også på land ei nattt ved fyrlykta ved innseilinga til Tau. Då hadde «Tau» gått ein ekstratur på natta med ein ambulansebil. Det var tjukk skodde og kapteinen sakka på og mista styrefarten og havna i strandsteinane.

 Men motorstoppen midt på Hidlefjorden på ettermiddagen 5. juli 1978 var den store skandalen som «Tau» blei hugsa for lenge etter at den forsvann til Nord-Norge.  

Fullasta med pendlarar låg ferja og dreiv midt på fjorden i to timar før ein taubåt kom og bukserte ferja til lands. 

Vatn i drivstoffet var årsaka til motorstoppen. For å spara pengar var det ikkje montert brennolje-separator. Dermed gjekk vatnet rett i motoren. 

«Tau» fekk så dårleg rykte at den fekk skulda for alt som gjekk gale i Tau-ruta. Då den nye ferja «Solbakk» kom i 1978, hadde den ein samanstøyt med «Finnøy» omtrent ved Bybrua. For Aftenblad-journalisten som skreiv om denne saka blei dette forvirrande. Vedkommande begynte å skriva «Solbakk», men i slutten av artikkelen var det blitt «Tau» her også.

I 1982 blei «Tau» seld til Nord-Norge og skifta navn til «Røsund». Her skal den visstnok vera i bruk ennå. 

«Solbakk» var ei forbetra utgåve av «Tau». Bortsett frå uhell under Bybrua i 1978, gjekk den utan uhell av betydning fram til den blei seldt i 2000. I dei siste åra har «Solbakk» vore tilbake i Ryfylke som reserverferje med navnet «Stallovarre».



«Tau» 1977 - fakta: Bygd ved Ulstein-Hatlø Mekaniske Verksted i Ulsteinvik. Som ny sertifisert 388 passasjerar. Den hadde plass for 50 bilar. Lengde: 80,29 meter. Bredde: 11,26 meter. Ferja blei forlenga med 16 meter i 1987. Då fekk den hengedekk også.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar