mandag 31. juli 2017

Frå "Rennesøy" til "Hidle" og "Frances Barkley" i Canada


Gamle "Rennesøy" og "Hidle" er nå i trafikk som "Frances Barkley"
i Canada. Foto Kjell Bøen.


Eit lite pling-plong i mobiltelefonen min: Der skein brått ein gammal kjenning opp. Den gamle "Rennesøy", seinare "Hidle", blank og fin. Fotografert av Kjell Bøen frå Erfjord på ferie i Canada. Sidan 1990 har den gamle fjordabåten frå Ryfylkefjordane seilt på den canadiske vestkysten med navnet "Frances Barkley" og Port Alberni som heimehavn. Du kan vassa i oppdatert informasjon og bilde av båten på internett viss du guglar litt.

Sjølv har eg 50 år gamle, sterke, minne frå gamle "Rennesøy". Som skulegutt var eg så heldig at eg hadde fått kremjobben som sommarmatros på fjordabåtane. Godt med pengar til å gå  på skule for om vintrane. I august 1967 var eg etter eigen oppfatning ein erfaren sjømann. Sommaren før hadde eg seilt på "Hjelmelandsfjord" mellom fjordane og byen. I 1967 hadde eg hatt to månader på den nesten heilt nye Tau-ferja "Strand".

"Hidle" på veg til kai på Østhusvik i februar 1986. Foto: Jon Ingemundsen.

På "Strand" var det ikkje meir ferie å løysa av. Dermed blei eg sendt på mannskapskontoret til Stavangerske for å få avregninga. Men mannskapssjef Kyviks assistent, Per Samuelsen, ville ikkje at eg skulle reisa heim ennå. Det var jo nesten ei veke til eg skulle begynna på skulen på Bryne igjen. - Kan du ikkje gå om bord i "Rennesøy" nokre dagar. Den går til Kvitsøy og Skudeneshavn i turistruta. Der vil du sikkert finna deg godt til rette, meinte Samuelsen.

Eg slo til, kan du skjøna.

Om dette var lurt, begynte eg snart å tvila på då eg kom på kaien i byen.

Då "Rennesøy" kom til Stavanger, skulle den ha vore halvveis til Kvitsøy igjen, ifølge rutetabellen. Kaptein Ordin Nesvik hang over bruvingen og dirigerte likt og ulikt både om bord i båten og på kaien. Her var det inga tid å mista. Last, folk og tyske bilturistar blei føysa om bord så fort det let seg gjera. Deretter var det å hiva laust og setja kursen mot Kvitsøy og Skudenes.

Styrmann Alf Hatleskog gir Randi Nordhus ei hjelpande hand på landgangen på Østhusvik i februar 1986.
Foto: Jon Ingemundsen. 


Nå venta det nye og ukjende oppgaver for meg. På Tau-ferja drakk me kaffi og slappa for det meste av mellom kaiane. Slik var det ikkje på "Rennesøy" på veg ut Byfjorden. Nå skulle dei tyske turistbilane på akterdekket surrast. Vêret på Skudefjorden var ikkje betre enn det måtte vera. Bilane måtte sikrast før sjøgangen begynte etter Kvitsøy.

Eg som kom frå dei indre deler av Hjelmeland, hadde knapt sett ein dønning før. På Skudefjorden var det krappe sjøar med skum på toppane. "Rennesøy" slingra stygt. Sjøl kjende eg fort at eg måtte mata krabben. Det gjorde eg også. Men måtte kjempa meg til å jobba. Det var matrosane sin jobb å dela ut og samla inn spykorger til dei tyske turistane. Spykorgen minte om jordbærkorger i kvit papp. Men dei var kledde med aluminiumsfolie på innsida.

- Viss vêret blir dårlegare nå, går me ikkje tilbake til Stavanger i kveld, sa skipperen.

Matrosane Audun Nilsen og Børre Lyse var på
"Hidle" i 1986.


 Etter mitt syn var vêret spinngale, men skipperen tykte ikkje det bles nok. Me gjekk ein rundtur til før det blei sein kveld i Skudeneshavn.

Mine framtidsdraumar om å bli sjømann, fekk seg ein knekk på dei to dagane om bord i rutebåten "Rennesøy". Sjeldan har eg vore så glad for å komma heim til Laugaland igjen.

Fredag 7. november 1958 var ein stor dag på Rennesøy. Då blei den flunkande nye rutebåten "Rennesøy" til 1,5 millionar kroner sett inn i ruta si. Dermed var den gamle, trufaste dampbåten "Øybuen" endeleg erstatta etter over 30 år i ruta. Ordførar Olav Bø i Rennesøy var sikker på at det ikkje ville gå mange år før båten blei for liten i denne ruta. Han fekk rett.

Den gamle Rennesøy-ruta var ikkje nokon kvileheim for avdanka sjøfolk. Ruta hadde desse kaiane i 1958: Sørbø, Utstein Kloster, Mosterøy, Vikevåg, Dale, Askje, Vestre Åmøy, Sokn og Bru. Her var det eit evig bal for matrosane med krettur, melkespann, mjølsekker og tomatkassar. Likevel heldt mange av matrosane ut i åravis. Fredrik Løvik, Sverre Skipanes, Inge Eiane og Hjalmar Galta var mellom dei.  Leia var urein og vêrhard. Dei på brua hadde også sitt og stri med. Ordin Nesvik var kaptein i mange år. Torger Helgesen var styrmann og andreførar.

"Rennesøy" fekk lite fred i ruta si. Sommaren 1959 blei den teken ut av Rennesøy-ruta og sett inn i turistruta på Kvitsøy og Skudeshavn. Systerskipet "Skudenes" hadde innebygd dekk og hadde ikkje plass til bilar. Den blei send til Ryfylke på sommarferie. "Rennesøy" og "Sjernarøy" bytta på sommarruta på Skudefjorden, men eg veit jo sjølsagt at det var "Rennesøy" som gjekk der sommaren 1967.

Tor Halsne var kaptein på "Hidle" i 1986. Foto: Jon Ingemundsen. 


I 1966 overtok rutebåten "Sand" i Rennesøy-ruta. Den var større og hadde meir plass både til last og bilar. "Sand" var sein og hadde store problem med å halda ruta til Rennesøy, men den blei gåande der fram til den nye ferja "Rennesøy" kom i 1969. Då hadde den 11 år gamle rutebåten skifta navn til "Hidle".

"Hidle" blei sendt rundt i alle slags ruter i fjordane i dei 20 år som nå kom. Det var "Hidle" som overtok hjelmelandsruta då "Hjelmelandsfjord" gjekk i opplag 1978. Seinar gjekk den i lasteruta på Sauda utover i 1980-åra etter at den nye og moderne lastebåten "Fjordlast" blei for dyr i drift.

I 1986 song også denne ruta på siste verset. Aftenbladet laga ein heilsides reportasje om båten og ruta. Den var laga av journalist Finn Våga og fotograf Jon Ingemundsen. Det er bilda frå den reportasjen eg har brukt i denne bloggen.

Viss andre har bilde som viser båten som "Rennesøy", tek eg gjerne mot det med takk.



Aftenbladet sin "Hidle"-reportasje 15. februar 1986.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar