onsdag 8. februar 2017

Lite fest og basar! Mest hardt arbeid når båtar blir bygde!

Festdag og sjøsetting på Varven var sjeldne saker. Til dagleg var det hardt
arbeid og lange dagar for å verksemda til å gå. Bildet tilhøyrer Torbjørn Erøy.

Bjølleklang, skråtobakk, norske flagg, forvetne karar, kvinnfolk og skuleungar med påfølgjande festivitas var ikkje daglegdags på Varven i Erfjord. Det var berre når ein ny og staseleg båt skulle på sjøen. Kvardagane var prega av hardt arbeid tidleg og seint.

Her sto det gjerne eit halvferdig farty på slippen og tok meir og meir form etterkvart som dagane gjekk. Men kva venta? Har me ein ny båt å byggja når denne skøyta er levert?

Erfjord-skøyta "Ragnhild" var den første som blei fornya og forlengd i 1946 - 1947. Deretter sto "Alken" for tur. Den blei forlengd. Eigar var Ingvald Tednes. Han høyrde også til i nabolaget. Så blei Surnavik-skøyta sett i stand.

Erfjord-buane drog på fiske med båtane sine og mange ville studera arbeidet som var gjort på Varven. Kan dei verkeleg gjera såpass arbeid langt inne i ein fjordabotn? Hallo! Rikstelefon til Erfjord frå Skudeneshavn og Rennesøy. Kva skal dokke ha for å reparera fartyet vårt?

Kva kunne ei slik skøyte kosta? Isak Voll frå Rennesøy sa til Aftenbladet i 1960 at hans skøyte, "Peder W", kom på 180.000 kroner, fiks ferdig i 1957. 180.000 kroner i 1957 tilsvarar 2,4 millionar kroner i 2016. Berre så du vett det!

 Desse karane bygde Follnes. Mann med apehue er Follnes-mann. Framme  frå venstre: Torkel S. Erfjord, Åsvald Erfjord, Sven Erfjord, Far til Follnes, Torjus Erfjord, Laurits Erfjord. Andre rekke: Hans Erfjord, Sigve Svensen, Malenius Surnevik, Bendik Skjerahaug, Lars Solvang, Kåre Erfjord og to Follnesar til slutt. Bildet tilhøyrer Kjell B. Sønstabø.


Dei to unge mennene som hadde starta båtbyggjeriet i Erfjord, arbeidde både tidleg og seint. Dei bygde båtar ute, vinduer, dører, trapper og drivhusluker inne. Det var rekningar å betala og arbeidsfolk å halda i sving. På kveldar og netter blei det rekna og kalkulert for å finna ut kva dei skulle ha for å forlengja den båten og levera nytt styrehus til ein annan. Det var slett ikkje alltid det blei fast fisk. Minst like mange glapp. Andre kunne gjera jobben til lågare pris eller kortare tid. Dei gav inn pris då hjelmelandsbuen Mikal Viga skulle byggja ny båt, Men den glapp. "Viga" blei bygd på Lista. Slik er det å driva båtbyggjeri. Ein kan ikkje berre vinna.

- "Follnes". Det tiande fartyet som er levert av Erøyvik Båtbyggeri i Erfjord sidan starten, var innom Stavanger i går, meldte Aftenbladet, 29. november 1952. "Follnes" var bygd for Lars Folnes med postadresse Fjell pr. Bergen, Sotra med andre ord.

Byggje-arbeidet tok åtte månader og furu var byggjematerial.

"Follnes" i Vågen i Bergen. Her er den rigga som reketrålar.
 Foto: Per Alsaker.


"Follnes" var omlag 70 fot lang og ein 58 hestars Union-motor gav ein fart på åtte knop. I akterkant av styrehuset er ein bestikklugar med radiotelefon. Under er det salong for tre mann. Aktenfor kom byssa. Forut er det lugar for tre mann.

Fartyet skulle brukast til føring av sild og brisling.

Så langt Aftenbladet.

- Follnesane hadde kontakta båtbyggarane på Nordtveit i Hardanger for å få jobben gjort. Det var der Trygve Erfjord og Åsvald Erøy hadde vore for å læra båtbygging. Hardingane hadde fulle ordrebøker. Dei rådde Follnesane til å ta kontakt med oss, fortel Torkel Severin Erfjord, bror av Trygve. Torkel Severin og sambygdingen Syvert Solvang hadde også vore med til Hardanger for å læra båtbyggjarkunsten. Fleire frå Follnes-familien var også med på byggjearbeidet på Varven.

- "Follnes" var ikkje noko nybygg frå Erfjord. Historia startar i 1917. Denne båten blei bygd hjå Ottesen i Sagvåg på Stord i 1917, seier Kjell B. Sønstabø som er ein av dei som veit aller mest om eldre fiskebåtar frå Rogaland og Hordaland.

I fylgje Sønstabø sine notater var Arne B. Tonheim, Eikefjord/Kinn den fyrste eigaren. Han gav nybygget navnet "Bakken". I 1920 blei "Bakken" innført i fiskeriregisteret: SF - 57- K.

I 1925 blei navnet "Follnes" og ny eigar var Lars Olai Eriksen, Foldnes, Fjell. Fiskerinummer: H - 155 - F. I 1952 står Erling Foldnes, med fleire, som eigar.

Frå 1979 blei "Follnes" rogalending. Arne Nessa, Førresfjorden. Då sto den ikkje i fiskeriregisteret lenger.

Martin Håkonsen, Åkrehamn, overtok "Follnes" i 1981. Nytt fiskerinummer: R - 191 - K.

I 1985 blei "Follnes" kondemnert  og solgt til Havøysund patentslipp for avrigging.

"Follnes" blei brukt til føring av sild og brisling. Den var hjelper på sildefisket og på størjesløying.

Dette var alt om "Follnes". Eg er som vanleg åpen for innspel! På forhånd takk!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar