lørdag 22. oktober 2016

Nå står "Kløver" på land!

Båteigar Paul Sverre Fyljesvoll og svigerson Helge Hjorteland lurer på koss
dei skal få "Kløver" heilt opp på land.


Ei 61 år gammal dama er ikkje alltid lett å rikka. List, lempe og litt lokking er ikkje alltid nok. Ei dame med vekt mellom 20 og 30 tonn kan slå seg heilt vrang.  Då er det rå kraft som må til og litt praktisk mannfolk-vet.

"Kløver" var på god veg opp av sjøen fredag ettermiddag då alt stoppa bom opp. Den 61-årige melkeskøyta eller melkebåten om du vil, hadde oppført seg eksemplarisk heilt frå ho kom heim frå Sverige for ein månads tid sidan og fram til ho nå skulle opp på slippen.

Mange forståsegpåarar var møtte fram. Alle drøfta kva som skulle gjerast.


Nå skulle ho på land for å restaurerast etter alle kunstens regler av den nye eigaren Paul Sverre Fyljesvoll. Han fekk den ganske forfalne båten i Lysekil i Sverige. Nå er det tid for å få fram fordums glans i fartyet', som i si tid var heile Erfjord sin stolthet. Slippen der ho nå skulle opp, ligg omtrent på same staden der båten blei bygd og hadde si heimehavn i over ti år. "Kløver" frakta mjølkespann mellom Erfjord og Sand i mange år.

Sjølv er eg ein klossmajor og klamphoggar av fyrste klasse. Kanskje er det derfor eg let meg imponera av hendte mannfolk med teknisk innsikt og pågangsmot.

Båteigar Paul Sverre hadde bygd slippvogna sjølv saman med barnebarnet, André Hjorteland. Den tålte båten. Men den gamle elektriske vinsjen som dei hadde vekt opp frå det daude etter fleire år, den greidde ikkje å dra "Kløver" over ein sveiseskøyt i slippskinnene.

Det var mange forståsegpåarar på plass rundt slippen. Dei diskuterte og drøfta. Båten var godt oppe or sjøen. Nå måtte ikkje slippvogna få ein sjanse til å renna tilbake i sjøen. - Hadde nokon kraftig kjetting. Nei. Ingen visste om det her på minuttet. Men Kjell Bøen, han du veit på "Stordøy", tilbaud seg å henta ti-tonns jekkestropper.

 Du lurer kanskje på kva jekkestropper er. Ikkje lett for meg å forklara. Men dei surra fast stroppene i slippvogna og prøvde gong etter gong å  få vinsjen til å dra "Kløver" over den litle humpen i skinna.

- Eg kjører heim og henta hjullastaren. Den kan ordna biffen, sa Olav Erfjord.

Heilt sidan eg var liten gutunge, har eg oppfatta erfjordbuar som litt eksotiske. Sjølv om Erfjord ikkje er så langt unna Vormedalen i Hjelmeland der eg sjølv vaks opp, var det mangt som var ulikt. Ikkje berre var alle menn i Erfjord i kortare eller lengre tid styrmenn eller matrosar på fjordabåtene. Dei snakka også rart. Dei sa båten og gryta, ikkje båden og gryda som var normalt i Vormedalen. Og nå altså: Alle erfjordbuar har ein hjullastar bak uthuset. Heilt vanleg der inne.

- Me fekk det til, sa dei nå. Heile båten er på land. 


Eg kjørte mannen etter hjullastaren. Då me kom fram til løa hans, ringde det i brystlommen på den oransje kjeladressen til Erfjorden. - Gløym hjullastaren. "Kløver" er oppe, var meldinga.

Då me kom ned til sjøen igjen, sto den gamle melkebåten, drypande våt, med baugen kloss i den gamle, kortpusta vinsjen.

Karane med innsikt i praktiske problem hadde ordna opp. "Kløver" står nå på land på Erøy. Nå skal det byggjast eit provisorisk hus over båten.

Deretter skal Paul Sverre Fyljesvoll og heile den nevenyttige familien pussa opp båten. Har vel kanskje fortalt før at han har ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar. Resten av slekta er også flinke med nevane. Dei står ikkje fast nokon gong. Sjølv ikkje når dei skal lura 20-30 tonn over ein hump i ei slippskinne. Flinke folk.

Nå lovar eg at det blir lenge til neste "Kløver"-blogg.


1 kommentar:

  1. Herremann!
    Dette var sterkt lesestoff i dobbel forstand! Hugsa godt då Kløver var ny. Hadde runda Jelsa var ferdig med Fåreneset og skumma innover Erfjord med nyolja gyllent furuskrog. Hugsar også godt forgjengaren "Hauaen" , som noen kalte han, bygd på Haua av slekta. Store stunder då bror min , Arvid, kom heim på helgebesøk frå Sand Realskule, og me borda i Erfjordkjeften for å henta han, og han vink farvel til Gunbjørg , dattera til Hans Vik, og Fuglasteidn flirte skjelmskt med pipa i kjeften frå styrehuset frå ein båt som var grå ifarge, men lys i minnet. Støttar Jone sitt syn på Erfjordbuen. Hugsar godt då " ungdomen" bygde " Bøen senior" på Erøynå. Det var mange stolte då den gjekk av stabelen!

    SvarSlett