torsdag 24. mars 2016

Ut å gå i pissevêret!


Me gjekk ut i regnet og tenkte på hytta i fjellet. Betre enn ingenting.


 - Betre å gå ut i påskeregnet enn å sitja inne og stura framføre dataskjermen og drøyma om sol og silkeføre i fjellheimen, tenkte me i dag. Som tenkt, så gjort.

Forresten går det godt an å tenka på fjellpåske når ein er i byen. Avkommet var på den litla familiehytta vår i Hjelmelandsheia i palmehelga og sende bilde til oss.  Der har eg vore mange gonger opp gjennom åra og har mange slags minne.  Me gamle klarer kanskje også ein tur opp der før snøen går. Langtidsvarslet er ikkje så gale fram mot neste helg.

Far min investerte i visebok då han innvia hytta i 1945. Den hang på ein spiker på veggen og blei henta ned når stemninga var god i kveldinga.

- Flaumen går, i Noreg er vår, song far min. Han blei nasjonalromatisk i høgfjellet.

- Tenk så hette ho Anunsia og faren var bager på Lund-sia, kunne mor mi stemma i med ein tone som eg aldri har klart å komma på seinare. Mor mi hadde eit meir poetisk sinnelag enn far min og foretrakk kjærleiksviser frå Kristiansand.

 På 1950-talet var det så primitivt at det knapt nok var ein reiseradio å oppdriva på ei lita enkel fjellhytte. Så allsang og vri-åtten var tidsfordriv om kvelden før heile familien på fem kvelva seg oppi to dobbeltkøyer og sov omtrent som steinar når me la godviljen til. 

Om morgen kunne det vera iskaldt i hytta og stakkars den som måtte hoppa berrføtt på golvet og fyra i ovnen slik at det blei leveleg temperatur for dei som låg varmt og godt under teppe og dyna.

Ein blid joggar som ropte hei. Ikkje kvardagskost.

Her i byen meir behageligt. Etter frokost i dag heiv me på oss regnklede og freste ut i naturen. Det yrte ganske lett då me starta turen langs Stokkavatnet. Me hadde ikkje turveien heilt for oss sjøl, men det var god plass. Avstressa stemning. Ein smilande joggar som ropte hei til oss. Slikt er ikkje kvardagskost på desse kanter.

Ein rar lyd fekk meg til å lura. Kva slags fugl kan dette vera? Men veit du kva det var? Ulyden kom frå ei slakk viftereim. Uff. Det var ein kjent lyd. Me må få bilen på EU-kontroll rett over påske.

Turistforeningen viste oss vegen. 

Det er ikkje så lett å gå seg vekk rundt Stokkavatnet. Dei raude T-ane til Turistforeningen viser oss både retning og gir oss navn på rutene me går.

Me kasta oss ut i naturen og baska oss trøytte. Men Turistforeningen viste oss vegen heim.

Lat flaumen gå, Anunsia!

Det er snart middag.













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar