onsdag 2. mars 2016

Frå kos til kaos

Slik ser det ut i stova vår. Ikkje kom på besøk!


Etter 30 år i fred og harmoni på Byhaugen er me kasta ut i det komplette kaos på Tasta.

- Kor er buksa mi? Kan du finna skjorta mi? Eg er sikker på at eg la det her då eg kledde av meg i går.

Slik er livet mitt nå. Berre rot.

Då oljeprisen gjekk mot null dollar pr. fat og husprisane rasa i oljehovudstaden i fjor haust, fekk sonen vår og hans familie eit generøst tilbod av foreldra. Viss dei fekk selja rekkehuset sitt, skulle dei få kjøpa huset vårt på Byhaugen for ein rimeleg pris. Me gamle ville flytta i blokk viss dei unge kunne løysa oss ut.

Me var jo heilt sikre på at det var totalt uråd å få selja eit rekkehus til ein brukande pris slik tidene har blitt i Stavanger. Dermed blei me heller ikkje særleg deprimerte då dei unge meldte frå om visningar utan interessentar og manglande bud. På Byhaugen er det godt å bu. Her blir me til dei må bera oss ut, sa me til kvarandre når ingen høyrde på.

Rett nok mumla kona mi noko om at me burde orientera oss litt på boligmarkedet i byen. Gå på visning av og til og finna ut koss prisane var. Eg fnyste.

- Eg gidd ikkje gå å sjå på leiligheter som blir selde lenge før me måtte vera klare for å kjøpa. På visningar går eg berre viss det er heilt nødvendig, heldt eg fram.

Kvinner har ein eigen evne til å bekymra seg over problem som aldri oppstår. Dette veit jo me mannfolk alt om. Kona mi kan liggja vaken ei heilt natt og bekymra seg for eit eller anna som muligens skal kunna skje neste dag.

Soverommet vårt. Kan du sjå senga vår?


For meg er det heilt omvendt.  Heilt sutalaus går eg omkring og anar fred og ingen fare. Men når problema plutseleg har lagt seg over meg og mine, blir det snart krise. Eg gir heilt opp. Då er det lettare for ho eg er gift med. Ho har jo gått gjennom alt som finst av problemstillingar på førehand. Då styrer ho som oftast.

Sjokket kom rett over nyttår. Då blei rekkehuset seldt. Avkommet, den slampen, hadde lova å vera ute av huset i løpet av tre veker.

Nå var gode råd dyre for oss. Det gjekk berre eit par timar frå me fekk melding om hussalget til me var på den fyrste visningen.

Den fyrste leiligheten me såg på, var heilt flott. Her var det fellesgarasje, heis og inneglassa veranda. Den var nesten ny og eigaren var på sjukeheim. Prisen var også akseptabel. Me kunne flytta rett inn så snart kjøpet var i boks. Ho som eg er gift med, var heilt i ekstase og klar til å dra til Byhaugen og pakka.

Eg er ikkje heilt idiot. Her får me vita klokka to at me må ut på husjakt. Så er me på ein visning og slår til med ein gong. Det er ein million tilsvarande leiligheter til salgs i Stavanger akkurat nå. Det var jo heilt på trynet og handla så raskt.

- Kva kan eg finna på nå, spurte eg meg sjøl og begynte å vandra rundt og kikka på vegger og tak og inventar. Det måtte jo vera ein grunn til at denne flotte leiligheten ikkje var seld for lengst. Av og til er eg heldigvis snartenkt.  Eg kikka ut på den flotte, innebygde verandaen.

- Her må det vera nordvendt. Kva tid kjem det sol på denne verandaen?

- Klokka 12, svara eiendomsmeglaren.

Vel heime på Byhaugen blei det ein heftig diskusjon om leiligheten me hadde sett på.

- Sola kjem alt for seint. Som pensjonist vil eg sitja ut i sola på føremiddagen og tenkja på alt som eg aldri fekk gjort då eg var yngre, sa eg.

- Pøh. Det er jo aldri sol i Stavanger, innvende kona.

Eg fekk viljen min. Me måtte sjå på fleire salgsobjekt. Det var jo noko gale på alle. Anten fant fruen feil eller så var det eg som protesterte. Dersom det gjekk seint å finna ein plass å bu, var det planen å leiga lagerplass for flyttelasset vårt og leiga oss eit husvære inntil vidare. Me orienterte oss på dette markedet også.

For å gjera ein fleire veker lang historie kort: Me fann ein leilighet som me likte begge to. Og alle sa at me gjorde eit godt kjøp. Masse sol og greier.

Problemet var at son, svigerdotter og tre ungar kom flyttande før me var ute. Då begynte kaoset. Kartongar og svarte plastikksekker svirra i lufta. Me bar ut og inn.

Ektesenga blei demontert på Byhaugen og skrudd saman igjen på Tasta. Me sov i vår nye leilighet for to veker sidan. Det var verken komfyr eller kjøleskap, men me ordna oss med kaffitraktar på kjøkkenbenken og  kjølebag på balkongen. Middag fekk me på Reinskau som alle andre på Tasta.

Men alt var ikkje OK i den nye leiligheten. Vegger og tak skulle malast. Det var kravet kona hadde stilt. Ingen problem å bu her for det, meinte eg.

Me inviterte malarar på besøk for å gi oss pris på jobben.

Forstå meg rett. Eg har ingenting mot utlendingar, men eg likar ikkje at dei kysser kona mi på hånda når dei kjem for å sjå på ein malarjobb. Der går grensa. Me fekk heldigvis tak i folk som oppførte seg meir sømmeleg enn som så.

Då me hadde malarar på Byhaugen, gjekk det ganske greit å bu heime mens jobben blei gjort. Det går ikkje i ein leilighet på Tasta. Dei skulle mala tak, vegger, vinduer, dører og kjøkkenskap. Dørhåndtaka blei skrudde av. Ektesenga måtte dekkast med plast og papir. Me søkte ly på det eine soverommet, men måtte kapitulera.

Etter to-tre dagar i ny leilighet på Tasta, kom det ynkelege tilbaketoget. Me måtte ta inn på eit soverom i det gamle huset vårt på Byhaugen. Her bur me som andre flyktningar med det aller nødvendigaste i kvar vår bag. To-tre netter har me overnatta i hytta på Hjelmeland og sist lørdag drog me på overnattingsbesøk til Bryne.

I den nye leiligheten ser det forferdeleg ut. Eg er heilt på gråten. - Alt ordnar seg. Til helga kan me sikkert flytta inn, seier kona.

Sånne interiørreportasjar i aviser og ukeblad har eg
berre hatt forakt til overs for tidlegare.

Nå hatar eg dei!
































3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Det kan jo tenkjast at handverkarane trudde det var The Queen of Norway dei hadde for seg ?

    SvarSlett