onsdag 17. februar 2016

Min barndoms melkebil-sjåfør er død



Arne Hetland med den siste melkebilen han kjørte mellom
 Vormedalen og Årdal.

Du høyrte at han kom ved middagstider. Litt during av ein dieselbil, skranglande melkespann, eit par ord til ein avstigande passasjer og ein hjarteleg lått før han fôr vidare. Heim til Meland der 'u Lilly venta med middagsmaten. Han etterlet seg ei røys med tomme spann og ei pappøskja med kolonialvarer på melkerampen. Du trong ikkje klokka, du kunne sjå det på melkerampen at det var langt på dag. 'An Arne Hetland var hima i Vormedalen igjen.

Nå er vår barndoms melkebilsjåfør over alle himlaleite. Det er til å få klump i halsen av.

 Den godslege mannen som  i åravis kjørte melkespann til meieriet i Årdal, døydde på sjukeheimen i Årdal i sist veke. Han blei 86 år gammal. Nå skal han begravast på kyrkjegarden som ligg rett over steingjerdet frå heimen der han budde heile sitt liv. Få fekk så kort veg frå vogge til grav som Arne Hetland.

Han var berre guttungen då faren døydde. Men mora Anna sørgde for at både han og søstera Marie fekk ein god og trygg oppvekst på gardalappen på Meland. Så snart han var ferdig med folkeskule og konfirmasjon, var han klar for arbeidslivet.

Du kjenner sikkert typen mann du også. Ein stor og kraftig kar med grov mannsrøyst, men blid og lettleg med eit handlag som får ting til å falla lett på plass. Somme er slik. Arne var ein av dei.

På Laugaland gjekk bøndene saman rett etter krigen og kjøpte ein Ferguson traktor, ekta gråtass, til å pløya åkrane med. Unge Arne blei hyra inn som traktorkjørar. Han fôr rundt på pløying i heila Hjelmeland, ja til og med på Finnøy var han og pløydde med gråtassen.

Etterpå drog han i militæret. Han var ein av dei mange etterkrigsungdommane som var i Tysklandsbrigaden. Det må ha vore litt av ein overgang å komma frå den fredelege Vormedalen til eit krigsherja Tyskland.

Vel heime igjen var han med på å byggja Kjerrlibrua og forlengja Fundingslandsvegen. Han var arbeidskamerat med Ingvald Mæland, Per Moen, Olav Fossane og fleire som eg ikkje kjem på i farten.

Men det var som melkebilsjåfør at Arne Hetland blei bygdakjendis.

Denne bilen fekk Arne Hetland då den var ny i 1961.
 Her er det kollega Jens Sie som har arva den.

Ryfylkeveiens billag var det flotte firmanavnet på det lokale busselskapet. Den kombinerte melkebilen, halvt buss, halvt lastebil, hadde endestasjon i Vormedalen. På denne bilen fekk Arne Hetland sjåførjobben. Det vil seia at han var sjåfør frå Vormedalen til Hjelmeland og spannalempar resten av vegen til Årdal. Frå Hjelmeland var det Ragnar Larsen som var sjåfør. Dette var ein Dodge med dieselmotor som ikkje fekk noko langvarig liv på ruta.

Etter nokre år blei det så mykje melk at Arne Hetland blei utstyrt med ein flunkande ny Mercedes melkebil bygd hjå Brødrene Repstad i Søgne. Med denne kjørte han ruta sjøl heilt til meieriet i Årdal. Frå Hjelmeland kjørte Ragnar Larsen melk med lastebil til Årdal.

Melkebilen frå Vormedalen tok med alle spann frå Vormedalen og Fjellet utover til dei siste blei sette på planen ved Husstølveien. Deretter gjekk ruta til kaien i Hjelmelandsvågen. Der kom melkespanna frå Jøsneset og Jøsenfjorden med rutebåten. Dei skulle også til Årdal med bilen frå Vormedalen.

Melkebilen var jo rutebil også. Folk som skulle til byen, måtte opp sju økter før dag. Klokka halv sju kjørte Arne Hetland frå Vormedalen og halv åtte gjekk rutebåten frå Hjelmeland. Kvar einaste dag var det folk som skulle reisa. Sjølv om det offisielt berre var plass til ni passasjerar, var det aldri ein som sto igjen på vegen. Og var det fint vêr var det god plass på lasteplanet. Og sjåføren snakka med alle om vind og vêr. - Det rigna godt i nått. Det var hølar i lokka på melkespanna, hugsar eg Arne sa meir enn ein gong.

Fullasta med melkespann kjørte Arne vidare frå Hjelmeland til Årdal. På denne strekninga samla han opp nye passasajerar som skulle til Tau og med ferja til byen. Melkebilen korresponderte med Tau-bussen i Årdal. Den som var med i den gamle melkebilen, fullstappa med folk og overlessa med spann, opp Mjølhushagane på fyrste gir og med ein fart på 25 kilometer i timen, sikra seg eit minne for livet.

Når spanna var tømde og vaska, var det ikkje berre til å kjøra fort og gale him til Vormedalen igjen. Fyrst skulle han ha med smør, ost og returmjølk frå meieriet til melkeleverandørane. Så skulle sjåføren innom på krambuer, postkontor, lensmannskontor og utføra store og små ærend. Det var aldri nei i Arne Hetland sin munn når det var spørsmål om ei beina.

Då Arne Hetland måtte slutta som sjåfør,
 begynte å fletta sete på jærstolar.



Ikkje rart at han kjende alle og alle kjende han.

Då mjølketankbilen skviste ut melkespanna og den geniale, kombinerte melkebilen, kjørte Arne Hetland vanleg buss i ein del år. Han kjørte skuleruter og ruta til Sand og til Tau.

Sjåførkarrieren fekk ein litt uventa stopp då Arne Hetland fekk litt hjertetrøbbel. Men han sette seg ikkje ned av den grunn. Han fletta sete i jærstolar, han malte og tapetserte for folk.

Han var gift med nabojenta Lilly og dei fekk to døtrer. Lilly, Anne Lise og Aud hadde ein kjærleg ektemann og far.

Arne Hetland heldt hus og heim i god stand. Der var aldri noko rot rundt han. Ein vinter klaga Lilly til søstera Gjertrud over all snøen som var kommen. - Du kan ikkje klaga på snøen du. 'An Arne tar jo snøen mens den er i lufta, svara søstera.

Det er ein gild mann som er død. Han blei 86 år.


















1 kommentar:

  1. Det var koselig skrevet om onkel Arne. Var av og til med på melkeruta da jeg var liten og var på besøk om sommeren. Alltid kjekt å vær på
    besøk hos onkel Arne og tante Lilly.
    Hvil i fred onkel.
    Frode Bråtveit

    SvarSlett