tirsdag 27. oktober 2015

Eg hatar å gå til tannlegen!



Livet passerer revy når eg går opp trappa til tannlegen.
 (Teikning: Åsne Håland Laugaland)

- Heile mitt liv passerer i revy kvar gong er går opp trappa til tannlegen. Akkurat der og då føler eg at det er dette  livet mitt har dreia seg rundt: Dei siste minutta før du går inn for å setja deg i tannlegestolen. Eg hatar dette like mykje som å reisa med fly.

Mandag var eg hjå fastlegen. Neste dag gjekk eg til tannlegen. Reparasjonsalderen kallar ein det stadiet av livet der eg held til nå. Livskvelden som dei kalla det heime på bedehuset då eg var guttunge.

Fire år gammal velta eg med trihjul-sykkelen i krossen heime på Laugaland. Ei framståande mjølketann blei slegen laus og ille medfaren. Ein rask rikstelefon til Hjelmelandsvågen og dermed kom doktor Røe kjørande i sin grøne bil med ei svær, blank tang i kofferten. Du kan seia at eg har hatt tannlege-skrekk heilt sidan distriktslege Knut Røe trakk tanna mi for 65 år sidan. Han var ikkje tannlege ein gong, stakkars mann.

Tannlege Nessler i Stavanger var skuletannlege for ungane frå Hjelmeland då eg var i småskule-alder. Han hadde kontor i Kannikgata med flotte bilde av seilbåtar på veggene i venterommet. Kan godt vera at eg hugsar feil, men i minne står han ikkje for meg som ein mann som var spesielt glad i landsens ungar med fulle kjeften av ei blanding av mjølketenner og meir permanente framtenner og 12 års-jeksler også vidare. Du må hotta på at dette var på 1950-talet. Tannkosten var berre i liten grad introdusert i dei usentrale deler av Ryfylke. Gebiss var det ikkje uvanleg å få til konfirmasjonen.

Opp gjennom tenåra blei det mykje boring og herjing. Den eine tannlege-mannen etter den andre tok seg til rette. - Gap opp, spytt ut. Betal her. Takk for i dag. Neste gong skal me bora meir.

 Eg har trukke visdomstennene også. Du hendelse!

Mitt forhold til mannlege tannlegar opphøyrte i 1981. Denne siste tannlegen i kvit frakk hadde sett på ein debatt mellom Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch kvelden før. Han hadde stappa kjeften min full av bomull og allslags marakkel og deiv på med boren inne i tanngarden min medan han opphissa preika intenst om kor dum Gro var og smart Willoch var. Eg var heilt ute av stand til å snakka. Før han avslutta jobben i munnen min, kikka han over tilstanden. - Her er det mange gamle fyllingar som bør skiftast ut, sa han.

- Du skal ikkje få tjena ei krona meir på meg. Din tulling! Det sa eg inni meg i det eg gjekk ut dørene hans.

Etter det har det berre vore kvinnelege tannlegar for meg. Eg hadde eit langvarig forhold til ei som stort sett snakka om Italia. Ho hadde lese ein djupsindig Italia-reportasje eg laga ein sommar. Der slo eg fast at gatene i Venezia var fulle av vatn. Det hadde gjort inntrykk. Kvinnelege tannlegar er akkurat som andre damer. Dei likar godt å snakka og syns det er meir enn godt nok med eit grynt frå meg med jamne mellomrom.

Dei siste åra har eg sjangla mellom tannlegar, tannpleiarar og opptil fleire spesialistar. Bare damer.

I motsetning til legane som eg har møtt, høyrer tannlegane på radio. Fram til dei siste åra var det jo sjølsagt at radioen sto på NRK. For meg med tannlegeskrekk var det eit sjokk å komma på eit tannlegekontor der radioen sto på P4. Det gjorde ikkje godt på mine tannlege-nerver.

 Eg trudde det berre var taxisjåførar som høyrde på slikt.







1 kommentar:

  1. Du verda, eg kjenner meg att. Har kanskje eit betre minner frå dr. Røed. Kom der med med ei hand overkøyrd av eit jernskodd kjærrehjul, og fekk gips og tyggegummi. Hugsar dette som mitt første møte med tyggegummien.
    Min skuletannlege hette Fuggeli:"har aldri sett verre kjeve. Gutten har jo tenner for hele familien" , sa han til mor mi. Resultatet vart turar med MS Sandnes til Bergen der ein alltid nynnande tannlege var med på å innføra trådregulering til Norge. Kort sagt, vil eg seia at MS Sandnes har kome best frå det.

    SvarSlett