torsdag 25. april 2024

Frå Hjelmeland til Tasta for 39 kroner!

 



Heile reisa mi i grønt. Frå Hjelmeland til Tasta. Bytta buss
på Solbakk og i byen. 



Som pensjonist reiste eg frå Hjelmelandsvågen til Tasta for 39 kroner for eit par dagar sidan. Eg vågar ikkje å tenkja på kva denne turen ville kosta med eigen bil når bensinprisen er 25 kroner og det ville gått opptil 158 kroner i bompenger. I tillegg ville eg slete på bildekka og sluppe all slags gassar ut i lofta og forurensa miljøet. Hundrevis av kroner ville gått med.


Er det løye eg går rundt og trur at eg er nesten-millionær?


Sjøl om eg er ein ytterst beskjeden mann, greier eg ikkje la vera å skrøyda over kor billig eg kjem meg frå Hjelmeland til byn på ærleg vis. Mange eg treffer, blir interessert og vil ha hjelp av meg til å få nødvendige appar og greier på plass slik at dei og kan reisa billeg.


- Avgang nå, står det på bussen som stå på Solbakk.



Aldri har eg vore interessert i å læra om nye tekniske dibbeduttar og den slags. Då eg jobba i Aftenbla i gamle dagar, fekk me tilbod om å ta noko dei kalla "datalappen". Eg følte meg pressa til å vera med på dette og strauk med glans. Likevel måtte eg læra meg om appar og greier berre for å hengja med frå dag til dag i jobben. Ei tid dreiv eg også med youtube-snuttar og bloggar.


Dermed fekk eg det til å kjøpa billettar på Kolumbus-appen med telefonen og eg lasta ned ein Kolumbus-app som dei kalla "Sann tid". Spennande app. Der er det eit kart som viser kor alle bussar og hurtigbåtar i Rogaland er akkurat nå.


Det var på akkurat denne appen dei ordna det slik at du kunne kjøpa ein billett der du berre betalar for den strekninga du reiser. Rasande billeg. Tur-retur Tasta – Bryne med buss og tog for 80 kroner.


Diverre er ikkje eg nokon læremeister i andre sine smart-telefornar og installering av appar. Eg må stort sett gi opp. Det er betre å få hjelp av barn og barnebarn til slikt.


Men nå kjem eg omsider til poenget: Her bør Kolumbus og andre som meiner dei har ansvaret for å gjera alle gamlingane i stand til å bruka appar både til det eina og det andre. Dei må lokka gamlingane til å kursa seg inn i appa-verda. Tenk så spennande å få billig bussbillett og betala dei på Vipps.


Nå er eg rett nok litt meir buss-interessert enn gjennomsnittet. Far min kjørte buss, brørne mine og ein haug med søskenbarn også. Og kånå mi har vore buss-sjåfør og ein av sønnene våre. På bussen treffer eg kjenningar rett som det er, og kan drøsa om gamle dar og andre ting. Det hender eg kjenner sjåføren også. Men dei minkar det på nå. Kjenningane mine blir pensjonistar, dei også.


Slik ser det ut inni bussen til Hjelmeland.



For meg er det også spennande å sjå på skjermen med navna på holdeplassene og ikkje minst koss høgtalarstemmen i bussen uttalar dei. Tenk det er ein holdeplass på Tau som heiter Giljebakken. Grunnen til det navnet? Dokter Gilje bygde hus midt i denne bakken og sin legepraksis der. Og så har eg funne ein stygg inkonsekvens i navna i Årdal. Det må vera feil å kalla ein plass for SoppAland og ein annan for RiskEdal. Skikkelige innfødde seier Soppaland og Riskadal, meiner eg. Men dei fleste familienavna har nok E trur eg.


Eg vasa meg langt vekk frå mitt tema nå. Det var billege bussbilettar. For eg lurer på ein ting til: Kaffor betalte eg 39 kroner frå Hjelmeland til Tasta, men 40 kroner tilbake? Kan det ha vore fordi det var ein liten buss frå Hjelmeland, men ein stor frå Solbakk til Hjelmeland?

søndag 14. april 2024

Då «Sleipner» kom til Stord

 


"Sleipner" kjem til Leirvik for fyrste gong. Foto frå Aftenbladet.


Sju år gjekk hydrofoilbåtane mellom Stavanger, Haugesund og Bergen. Til stor irritasjon for mange på Stord som berre såg desse flygebåtane sveva forbi ute i fjorden. Nattrute-selskapa Stavangerske og Sandnes Damp hadde ikkje lov til å gå innom Leirvik på Stord.


Frå fredag 5. april 1968 begynte «Vingtor» og «Sleipner» å gå innom Leirvik. Men det gjekk ikkje an å reisa frå Stord til Bergen med desse båtane. Tilbodet gjaldt berre for reisande mellom Stord og stoppestadene i Haugesund og Stavanger.


Fyrstesida på Haugesunds Dagblad 4.april 1968.



For på denne tida ville ikkje nattruteselskapa, som dei blei kalla i Sunnhordland, ha med seg Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap på å driva hydrofoilruta mellom Stavanger og Bergen. HSD frykta at hydrofoilane ville ta for mange passasjerar frå dei andre rutebåtane på denne strekninga.


Men dei reisande i Sunnhordland fekk eit plaster på såret då hydrofoilbåten «Teisten» blei sett i drift på ettersommaren 1961. Hydrofoilbåten gjekk frå Bergen til Skånevik med mellomstadene Leirvik, Tittelsnes og Ølen.


Hydrofoilbåten "Teisten" kom i 1961.Teikningen er frå HSD
 si jubileumsbok frå 1980.



Fyrst i 1968 fekk Sunnhordland sin andre hydrofoilbåt: «Tjelden».


Det var ei viktig sak for avisene at Leirvik nå kom med i denne hydrofoilruta. Mandag 1. april 1968 kom hydrofoilbåten «Sleipner» for fyrste gong innom Leirvik. Der blei maritim inspektør i Stavangerske, Johs. Hidle, sett i land. Han skulle sjå på tilhøva på Leirvik saman med sjefane på kaien og ekspeditøren på staden.


Hydrofoilane sørfrå kunne ikkje bruka HSD-hydrofoilane sin kai. Der var det ikkje djupt nok. Det måtte lagast ein eigen plass for dei nye båtane. Før denne var ferdig, skulle dei bruka ein landgang som var der frå før.


"Flaggruten" mellom Stavanger og Bergen med alle mellomstader kom fyrst i gang i 1974. Dette tilbodet var eit samarbeisprosjekt mellom Stavangerske, Sandnes Damp og HSD.

tirsdag 9. april 2024

Hei! Hydrofoilen pipta igjen i Haugesund!

Vår i lufta. Hydrofoilen pipta i går, meldte Haugesunds Dagblad 2. april 1962.

 


- Nå pipta hydrofoilen igjen, kunne Haugesunds Dagblad melda på fyrstesida mandag 2. april 1962. Svære greier på den tida at den tredje sommarsesongen med hydrofoil-båtar i fart mellom Stavanger – Haugesund og Bergen nå var i gang.


Haugesunderane nikka gjennkjennande til den særprega fløytelyden frå «Vingtor» og «Sleipner». Og dei to hydrofoilane sette opp farten og ulte gjennom Karmsundet utan å ta seg nær av at dei blei helsa velkommen av ein ulande snøstorm.


Avisa hadde bilde av den nye hydrofoil-utstikkaren på Indre Kai. Den blei tatt i bruk dagen før.


Aftenbladet 2. april 1962. "Ekspressen" fyrst i fjorden.



Dei slo på stortromma i Stavanger også. Her frå Aftenbladet: "Lørdag kunne folk langs Gannsfjorden se noe som ikke er sett før her i landet: Tre nypussede hydrofoilbåter i vakker formasjon og 35 knops fart innover i Gannsfjorden mens et helikopter krysset over båtene i vårsolen. Det var virkelig imponerende å se. Båtene manøvrerte med en presisjon som det skulle være et godt innøvd program de gikk gjennom. Det var det ikke, men de tre som sto til rors var tydeligvis karer som kunne sine saker."


Rogalands Avis meldte at helikopteret var hyra inn av nattruteselskapa (Stavangerske og Sandnes Damp) for å filma båtane i full fart. På Lurahammaren sto ein representant frå Filmavisen, Olaf A. Ellingsen og Nor-Hansen pluss fotografar frå Stavanger-avisene. Alle brukte mye film, skreiv avisa.


"Sannsynligvis er det ingen andre ruteskipsselskaper som kan gi en slik oppvisning som Stavanger- og Sandnes-selskapet presenterte lørdag." Dette skreiv Rogalands Avis.


Dette var fyrste heile sesongen med tre hydrofoilbåtar i rutefart. «Vingtor» kom i 1960. «Sleipner» og «Ekspressen» kom sommaren 1961. «Ekspressen» kunne ikkje setjast i fart 1. april. I Saudafjorden var det fortsatt is. Det gjekk ennå eit par veker til fjorden var isfri og klar for hydrofoilen igjen. Dei måtte venta litt på piptinga frå hydrofoilen i Sauda i 1962.

fredag 5. april 2024

John Christiansen – kvalfangar, hydrofoil-pioner og ferjeskipper

 



Kapein John Christiansen. også kjent som Kristian Kval, var ein av
hydrofoil-pionerane i Stavangerske.  Foto: Jonas Haarr Friestad.





Den eine prominensen etter den andre reiste med hydrofoilane mellom Bergen og Stavanger. Ein av dei fyrste var visestatsminister Anastan Mikojan frå Sovjetsamveldet i juni 1960.


Den flunkande nye «Vingtor» med sin marsjfart på 35 knop hadde då snudd opp ned på alt som heitte reisetider med båt mellom Stavanger og Bergen. Litt over tre timar frå by til by.


Komforten om bord var også storarta. Flotte flyseter, restaurant og tre stewardesser til å servera. Dette var den obligatoriske servicen om bord. Mikojan falt visstnok pladask for den eine stewardessa, fortalde kaptein John Christiansen til Aftenbladet 20 år seinare.


Dei to fyrste kapteinane på "Vingtor", Fred. Petterson, til venstre, og John 
Christiansen i flunkande, nye uniformer då hydrofoilen blei presentert i 
Stavanger i juni 1960. Foto frå bildebladet "NÅ"



Christiansen var ein av hydrofoil-pionerane i Stavangerske. Han og Fred. Petterson var dei fyrste kapteinane på «Vingtor». Då den neste hydrofoilen «Sleipner» kom, året etterpå, overtok Christiansen som kaptein der.


John Christiansen frå Feøy helsar på president Bourguiba
frå Tunis. Fyrstesida i Haugesund Dagblad i 1963.



Det fortel vel litt om kor stor stas det var med desse nye båtane og folka om bord, at Haugesunds Dagblad hadde bilde på fyrstesida i 1963 då presidenten i Tunis, Habib Bourguiba, var på Norgesbesøk og reiste med hydrofoilen. Bildeteksten fortel at presidenten takkar kaptein John Christiansen på «Sleipner» for turen. Kapteinen var frå Feøy, står det i avisa.


Aftenbladet var med kaptein Christiansen og «Sleipner» på ein tur til Haugesund i november 1962. Eg fann ein stor reportasje med tittelen "Til Haugesund på stylter" frå turen. Den sto i avisa 24.november. Forfattaren hadde signaturen "Stylo". Eg veit ikkje kven det var. Her er eit par-tre avsnitt frå reportasjen.


"Han var ruskut og leggja utpå, men kaptein Christiansen justerte flegmatisk med den ene hånd, rullet en røyk med den annen og flerret Boknafjorden i 32 mils fart så kjølvannstripen åpnet og lukket seg som en gigantisk glidelås etter foilene.



Kaptein John Christiansen og maskinsjef Odd Håvik gjer klar for "landing" i 
Haugesund. Foto frå artikkelen i Aftenbladet.


Bjørnsons ord om å kjøre langsomt ti vi kommer tidsnok frem, vinner lite gehør hos hydrofoilkapteiner. Så hadde Bjørnson også bare en gamp foran kjerren. Kaptein Christiansen på «Sleipner» har innpå 3000.


Ankomst Haugesund: Christiansen tråkler seg nedetter Karmsundet og messer et litani som han iallfall ikke har lært på søndagskolen over en fisker som uforstyrrelig legger seg mellom kaien og «Sleipner». En av dem må stoppe, og Christiansen vet så inderlig godt at det ikke blir fiskeren. Han eier både hav og havn og stopper ikke under noen omstendigheter for et misfoster av en farkost som er så forkrøplet at den må bruke krykker." Sitat slutt.


John Christiansen blei kaptein på den nye ferja «Finnøy» i Midtsabandet i 1971. Der var han til han blei pensjonist i januar 1979. I fleire år etter at han gjekk i land, gjekk han som bud i Stavangerske.


«Kristian Kval» blei kaptein John Christiansen kalla av mange på bådane i Stavangerske. Grunnen? I sine yngre dagar hadde han vore på kvalfangst som kaptein på ein kvalbåt.


John Haugvaldstad frå Mosterøy seilte saman med Christiansen på «Finnøy» og har mange gilde minne etter kapteinen som han hugsar som ein blid og gild mann. Her er eit:


- Ein sommar kom det ein ny styrmannsvikar om bord i «Finnøy». Det viste seg at styrmannen hadde alkohol-problemer  Han var berusa på jobb. Kaptein Christiansen gav han advarsel og ein sjanse til. Men styrmannen sprakk og blei kalla opp på brua og sagt opp.


- Dokke har ein gilde skipper. Han grein meir enn meg då eg fekk sparken, sa han til dei andre om bord då han gjekk i land.


Viss du har kjekke minne om Kristian Kval eller gode, skarpe bilde tek eg mot med takk. Det er ingen problem med å leggja meir inn i ein blogg sjølv om den er lagt ut på nettet.





onsdag 27. mars 2024

Frisyrene flagra då «Vingtor» fekk opp farten!


Matros Tor F. Sørensen bærer barnevogner og kofferter i land under
oppsyn av styrmann Hagbart Sandberg i Haugesund.  Stewardesse
 Thrude Sch.  Knutsen med passasjerlista.

 

Spennande å reisa med hydrofoil til Bergen! Ikkje mange som hadde fått prøvd det i 1962. Aftenbladet sende ein journalist med signaturen Fabian med «Vingtor». Her får du hans skildring av flybåt-turen:


En spent flokk mennesker står på Slakthuskaien i Stavanger. De ser beundrende på en hvit, usedvanlig båt som ligger ved kaien. Det vil si, den ligger slett ikke ved kaien, den ligger tre meter utenfor. Under vannet kan en skimte foilene som gjør at «Vingtor» ikke kan komme helt inntil som vanlige båter.


Passasjerene får anvist plass i båten. Den er innredet som et fly, med flyseter, stewardesser og små vinduer.


Mens starten foregår og Stavanger havn legges akterut og stevnen stikkes mot Bergen, vil alle de 100 passasjerene stå på dekket som rommer om lag tjue-fem personer.


Det filmes, ropes og vinkes, mens skumstripen bak båten blir stadig bredere og hvitere. Det er umulig å føre en fornuftig samtale for de to båtmotorene på 1300 hestekrefter hver overdøver alt.


Passasjerene henger over rekken og ser spent mot sjøen der en kan skimte foilene. Langsomt dukker de opp av sjøen. Vi har hevet oss over vannet.


De trettifem knopene som båten gjør, merkes ennå ikke på annet vis enn at frisyrene blir tatt av vinden. For trass i at det blåser sønnavind, har «Vingtor» motvind.


En lastebåt for utgående passeres. Med sine ti knop ser det ut som den står stille idet vi passerer den.


Nede i salongene sitter passasjerene og skjelver i takt. For hver bølge foilene skjærer gjennom, kjennes et lite rykk. Og for hvert rykk rister hodene på passasjerene fram og tilbake på rygglenet. Tre rekker med lealause hoder har følelsen av at de sitter i et fly i urolig luft. Det er nemlig ikke fritt for at båt-flyet legger seg litt over til sidene av og til.


Kopervik. - Frisyrene ofres for å se landingen. Landgangen dras om bord og tre frøkner entrer båten søkklastet med kofferter som overlates til en stakkars matros-piccolo.


Hydrofoilane hadde stewardesser. Nytt og spennande innslag i 1960. Her er
stewardessene på "Vingtor på fyrste turen til Bergen 9. juni 1960. Frå 
venstre: Lise Hasselgren, Ingvill Fjellstad og Bjørg Birkhaug, alle frå
Bergen. Bildet sto i Rogalands Avis.



Men vi kommer da avgårde igjen. Nede i baren har den kvinnelige stuerten kveiket opp kaffekjelen og gjort sitt flaske-galleri klar til skjenk. Stewardessene flyr fra salong til salong med skvalpende kaffe og flasker av blandet innhold. Tørsten er uhyrlig på båt-flygeturer.


Det er stor kunst å innta sitt måltid med eleganse og uten å søle. Noen klarer det, andre ikke. Noen er heldige og får nyte sin kaffe i le av en øy, andre kjemper forgjeves mot tyngdeloven og håper kaffe ikke setter flekker.


Haugesund. - Stor landstigning.


Men de plassene som er ledige, blir raskt fylt med nye mennesker og nye koffterter.


Passasjerene blir mer og mer døsige. Det er som på en tre og en halv times soverute til Bergen. Motorduren, varmen i salongen, de behagelige setene, den jevne vibreringen -  Alt dette pluss et frivillig øyelukk, så er neste etappe sterk snorking.


Det er en blandet forsamling som sitter i salongene. Forretningsfolk, familier som skal besøke onkler og tanter i Bergen, og et par turister med kameraer på magen.


Tre babyer er blant passasjerene, og de utgjør ikke de roligste prosentene. Disse babyene vil vel ta en flygebåt til England på et par timer før de når folkeskole-alderen.


Noen gamle frøkner har tatt turen fordi det skulle være slik en stor opplevelse.


De tør ikke ta turen opp på dekk for hattespringen er ikke særlig sterk...


Like ved Bergen passeres «Sleipner» på sørgående.


Et imponerende syn der den svever over vannet.


Nå først forstår vi hvor imponerende vi selv tar oss ut. Men vi merker det ikke....


Fabian


Kven skjulte seg bak signaturen Fabian? Etter litt gransking har eg funne ut at dette var Helge M. Sønneland. Stavanger-mannen var fødd i 1943. Han gjekk på Kongsgård og fekk det til for seg. Tidleg i 1960-åra var han innom Aftenblad-redaksjonen som journalist. Seinare var han kulturbyråkrat i Oslo. Han var departementsråd i Kulturdepartementet og seinare spesialråd ved Norges delegasjon til Den europeiske union i Brussel.


onsdag 20. mars 2024

«Sleipner»-mannskapet redda tre menneske på Boknafjorden

 


Redningsheltane frå "Sleipner" på fyrstesida på Haugesunds Dagblad. Frå venstre: Førar
Kjell B. Stangeland, dekksgutt Karl Ole Strøm, stewardessene Gunnvor Gripsrud og Helene 
Eidebakken, maskinist Odd Haavik, styrmann Karl Larsen og maskinist Magne 
Eikeland. Bilde frå Haugesunds Dagblad.



Mannskapet på hydrofoilbåten «Sleipner» gjorde ein heltemodig innsats då dei redda tre overlevande frå den norske lastebåten «Dux» søndag 3. september 1967. Resten av mannskapet, 14 menneske, omkom etter forliset som skjedde på Boknafjorden.


Båten var på veg frå Glomfjord til Oslo, lasta med fullgjødsel, då den kantra og gjekk ned natt til søndag 3. september.


«Sleipner» gjekk frå Stavanger klokka 9 om morgonen. Det var tung sjø og liten kuling. Derfor valde førar Kjell B. Stangeland ein meir vestleg kurs enn vanleg. På høgde med Kråka vest for Bokn oppdaga folka i styrehuset ein velta livbåt med ein mann på kvelven.


Frå fyrstesida på Aftenbladet 4. september 1967.



Rett etter såg dei nok ein mann på ein annan livbåt. Desse to var kapteinen og overstyrmannen på «Dux». Dei to mennene blei redda og deretter oppdaga dei kona til kapteinen som låg i sjøen og klamra seg til ein livbøye. Det blei ein dramatisk redningsaksjon. Fleire av «Sleipner»-mannskapet som var delvis ute i sjøen for å få kona til kapteinen om bord.


Fleire skip hadde passert dei tre overlevande utan å oppdaga dei. «Sleipner»-folka påpeika at kvitmalte livbåtar var farlege. Dei gjekk i ett med skumtoppane på bølgene i uroleg vær.


I to timar kryssa hydrofoilen rundt og søkte etter fleire overlevande. Deretter tok «Sleipner» opp ruta til Bergen etter å ha sett dei overlevande i land i Kopervik.


Avisene hadde store oppslag om «Dux»-forliset dagen etterpå. Folka på «Sleipner» fekk også brei omtale. Haugesunds Dagblad hadde eit stort bilde av heile mannskapet på hydrofoilbåten.


mandag 18. mars 2024

Tre flotte, navnlause «Sleipner»-stewardesser!

 


"Sleipner"-stewardesser frå 1962. Eg er på jakt etter navna på damene. 


Tre flotte, unge damer i sine beste alder er med på bildet av heile mannskapet på åtte medlemmer på hydrofoilen «Sleipner» ved kai i Bergen i 1962. Bildet fann eg i Stavangerske si jubileumsbok frå 2005. "Det var style over hydrofoilmannskapet med uniformer for offiserer, mannskap og stewardesser", står det i boka.


Deretter kjem navna på dei fem mannlege medlemmene rekna opp i tur og orden. Men ka med damene?


Heile bildet i Stavangerske si jubileumsbok "Selskabe" frå 2005.



"Det kvinnelege innslaget er ukjent; de var ansatt i Victoria Hotel som hadde restaurasjonen om bord." Tenk det! Her er det ikkje lagt ei brusflaska i kors for å finna navn på damene. Pinligt! Litt irriterande at eg har hatt denne boka i hylla i 19 år før eg oppdaga dette.


I dag er det 62 år sidan dette bildet blei tatt i Bergen. Desse damene, truleg frå Stavanger, kan stadig vera oppegåande og hugsa si tid på dei fantastiske "flygebåtane" som blei sett i drift tidleg på 1960-talet. «Vingtor» i 1960 og «Sleipner» i 1961. Desse båtane snudde opp ned på alle oppfatningar om reisetider med båt mellom Bergen og Stavanger.


Ikkje rart at "trisene" blei stasa opp som flyvertinner og serverte passasjerane mat og drikke der dei hadde plass i cabinen. Nett som på eit passasjerfly. I ei bergensavis sto det at "det er fly-utdannede som tar hånd om passasjerene og serverer forfriskninger på beste flymanér". Det er heilt sikkert feil. Men fleire av desse damene blei nok flyvertinner seinare.


Då det blei to hydrofoil-båtar i denne ruta, blei «Vingtor» stasjonert i Bergen. Dei mannlege mannskapsmedlemmene overnatta på hotell Slottsgården. Stewardessene på denne båten var frå Bergen og overnatta heime. «Sleipner» overnatta i Stavanger. Dette var sesong-arbeid. Hydrofoilane starta i ruta 1. april etter eit langt vinteropplag i Stavanger. Dei færraste av stewardessene blei om bord meir enn ein sesong. Mannfolka var fast tilsette i Stavangerske og tjenestegjorde på andre båtar på vinterstid.


Annonse i Aftenbladeti februar 1965.


I jubieumsboka står det at stewardessene på «Sleipner» var tilsette på Victoria Hotell. Eg veit ikkje koss dette opplegget var ordna, men eg har funne annonser i Aftenbladet der DSD averterer etter stewardesser. Og passasjersjef Johs. Aarreberg i DSD reiste personleg til Bergen for å rekruttera damene frå Bergen. Dette skreiv eg om i forrige blogg.


"Sleipner"-vertinner i Bergens
Arbeiderblad august 1963.



I Bergens Arbeiderblad er to «Sleipner»stewardesser avbilda og intervjua i august 1963. Det var Borghild Omdal frå Askøy og Åse Beth Krogsrud frå Stavanger. Dette var året etter at dei "navnlause" damene blei fotografert. Kan ei av desse vera på det første bildet også?


Håpet nå er at mange er blitt rivne med i dette navne-mysteriet frå hydrofoilen. Då kan det vera at me kan få plassert rette navn på «Sleipner»-damene frå 1962.


Viss du vil dela bloggen med andre, kan du trykka på facebook-logoen under teksten her. Du kan også senda den på mail til venner og kjende ved å bruka mail-logoen.