torsdag 6. november 2025

Frå Sporveis-sjåfør i Bergen til journalist i Stavanger

Her ser du meg bak rattet på endestasjonen på linje 7 til Kronegården. Kona mi tok bildet.

 


At journalist-vikaren innante fjordane hadde kjørt bybuss i Bergen gjorde inntrykk på den viktigaste sjefen i redaksjonen i Aftenbladet i Stavanger. Eg hadde fått sommarjobb der i 1976 og blei spurt ut om tidlegare jobbar. Men det var jobben min som student-sjåføri i Bergen Sporvei, som gjorde sterkast inntrykk. 

- Kjørte du bybuss i Bergen? Men var du, hjelmelandsbu, kjent i den byen?

- Nei, kjennskapen min til gater og streder i Bergen var jo svært begrensa på den tida.

- Så det var bare ei fast rute du fekk kjøra då?

- Å nei du. Som vikar måtte du ta det som var ledig.

- Koss fant du då fram?

- Du fekk jo litt opplæring og viss du var i tvil, hadde du jo som regel passasjerar. Og ekta bergensarar elska å forklara  ein usikker sjåfør kor han skulle kjøra. Dessuten var det litt eksotisk for bergensarane tidleg på 70-talet at sporveissjåføren snakka ein slags Stavanger-dialekt. To unge jenter som skulle vita eit eller anna om kor eg kjørte, forsto ingenting. Han er dansk, forklarte den eine til venninna.


Leyland buss på sightseeing-oppdrag.




Denne samtalen var avgjerande for at eg fekk fast jobb som journalist i Stavanger Aftenblad. At ein litt bondsk hjelmelandsbu kunne ha overlevd som sjåfør i Bergens Sporvei i sentrumsjungelen i Bergen, imponerte redaksjonssekretær Kaare Haukaas så pass at han fann ut at eg måtte vera ein mann å satsa på. Han var ein urban haugesunder som levde i den trua at Bergen var ein stor uryddig by full av tronge gater og mange einveiskjøringar. Ikkje kjørande for tilreisande, meinte han.


At eg kunne slå i bordet  med å ha utdanna meg til adjunkt med opprykk i den tida eg var vikar-sjåfør i Sporveien, var haugesunderen ikkje interessert i.


Slik såg vaksen-billettane ut i den tida. Det kosta 1,25 då
eg begynte å kjøra i Bergen.



Eg kjem frå ein skikkelege sjåfør-familie. Far min var bussjåfør i heile sitt yrkesliv. I tillegg hadde eg hauavis med syskenbarn som var innom i yrket. Pluss to brør, kåna og i tillegg ein son som stadig kjører buss.


I 1971 fekk eg "klasse 2"-serifikat. Då hadde du lov til å kjøra alt som var langt og lukta diesel. Sommaren 1971 var eg  sommarvikar i Ryfylkeveiens Billag som dreiv bussruter på riksveg 13 mellom Tau og Tøtlandsvik. Smale, svingete vegar. All grunn til å vera forsiktig.


Vel tilbake i Bergen hausten 1971 var eg på veg gjennom sentrum ein søndag og oppdaga plutseleg ein student som gjekk inn i ein sporveisbuss og løyste av ein sjåfør. Så kjørte studenten vidare med den gule sporveisbussen. Eit par dagar seinare oppdaga eg  denne studenten på Universitetet. Då spurte eg han ut om koss han hadde fått den slags jobb.


Han fortalde kven eg skulle ringa til i Sporveien og spør etter jobb. Eg så gjorde. Rett etterpå møtte eg opp til mi første opplæring oppe på Sporveien sitt anlegg på Mannsverk. Der sto bussane på rekke og rad på ein svær plass. Her var det også verksted og administrasjonsbygg. På kveldstid sat det ein kontrollør på vakt på bussanlegget. Han skulle gi meg fyrste innføring i bussparken til det kommunale busselskapet.


Buss-anlegget på Mannsverk. Bildet er tatt lenge etter mi tid. Men det såg omtrent slik ut.
Foto: Bergensavisen.



Navnet hans var Gunnar Petterson. Ein veldigt gilde mann. Han orienterte meg om ulike busstypar. På den tida hadde Sporveien av alle ting  mange Leyland-bussar. Dei hadde ein bråkete dieselmotor under golvet inne i bussen og dei hadde ein halvautomatisk girkasse. Du girte omtrent som med ein vanleg manuelt girte buss, men det var ingen clutch.


Dessuten hadde dei ein god del Volvo-bussar. I dei nyaste Volvoane girte du med ein liten, kjekk girvelgar under rattet. Dette var skikkelege kjøregreier. Dei aller siste hadde turbo som gav ekstra kraft og fart. Ikkje rart at sjåførane ville ha turbo-buss viss dei kunne velja. Enkelte var så tøffe i trynet at dei nesten alltid fekk utdelt turbo-buss. Eg hugsar at ein blei kalt turbo-Hansen. Han kjørte ofte sightseeing i turistsesongen.


Mercedes var dårleg representert i buss-parken til Bergen Sporvei. To minibussar som blei kalla brødbilane. Dei likna mest på brødbilane til Martens-bakeriet. Dei var tenkt for den kroglete ruta Solheimslien – Sentrum. Men dei var innom i andre ruter også av og til. Ein gong kjørte eg morgen-skift på linje 3, Slettebakken Byparken, med ein brødbil. Då fekk du ikkje med deg mange passasjerar.


Som student-sjåfør fekk du kjøra allslags ruter, men det var eit viktig unntak: Trolley-bussane. På desse bussane måtte du halda styr på stengene på taket slik at motoren fekk straum. Det var ein del penser, der Natlandsbussen og Mulebussen skilde lag. Der skulle du enten gi "gass" for å treffa rette ledningane eller renna gjennom. Alt etter kva ruta bussen hadde. Dette fekk ikkje studentane læra.


Dansk-bygd Leyland (DAB) på linje 1 til Minde. Fotografert i Småstrandgaten rett ved 
kontrollør-kiosken.



Men i "bingen", som dei sa, var det ikkje fritak for studentar. Trolleybussane på linje 2, Natlandsveien, hadde konduktør. Konduktørplassen heilt bak i bussen blei kalla bingen internt av sjåførane. Der måtte me innom for å læra å selja billettar i full fart, før me fekk begynna å kjøra buss. Og der var me innom som vikarar for dei faste konduktørane. Dei faste karane hadde vore trikke-konduktørar i tidlegare tider.

Dei gamle trolleybussane med konduktør kjørte ikkje på kvelden på den tida. På kvelden gjekk det diesel-bussar på Natlandsveien.



Mens trolleybussane forsvann i resten av Norge, blei dei freda i Bergen. Her har dei hatt trolley-bussar heilt opp til våre dagar. På 1970-tallet kjøpte Sporveien slike Skoda-bussar frå frå Tsjekkoslovakia. Det blei ingen suksess. Av alle ting var det så trange hjulkassar på desse bussane at det ikkje var plass til kjettingar. Viss det var kjettingføre, blei desse bussane tatt ut av trafikk.


Eg hadde ei kjekke tid som student på "Leninhøyden" i Bergen. Men eg har mange gode minner frå Sporveien også. Ennå kan eg ramsa opp ein mengde navn på både kontrollørar og sjåførar. Tenk at eg er så gammale at eg kjørte bussane til Lønborg og Øyjorden i den tida dei starta midt på Torgalmenningen.  I tillegg fekk eg med meg dei bilfrie helgene i 1973 - 1974.


Enkelte passasjerar hugsa meg i mange år etter at dei hadde reist med meg. Ein gong var eg på Sandnes og skulle laga reportasje om ein heimesjukpleiar som var ute på jobb. - Eg hugsar deg frå Bergen, sa ho. Eg reiste med bussen din frå sentrum til Haukeland sykehus. Då fekk du motorstopp i Kalfaret og laga lange køar. Og eg måtte gå resten av vegen til Haukeland.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar