tirsdag 21. april 2026

Fisterfjord i alle fasongar


"Fisterfjord" som ny i 1921 ved kaien på Fister.


 Du kjem aldri utanom «Fisterfjord» viss du skal interessera deg for Jøsenfjord Rutelag. Den kom i 1921 og var den fyrste og einaste nybygde fjordabåten selskapet hadde. Som ny vekte den stor oppsikt som motorskip. Dei fleste rutebåtane var dampar på den tida. Seinare frakta «Fisterfjord» bær til England. Desse turane gjorde båten legendarisk. 

Den blei gåande i rutene i Ryfylke lenge etter at den på mange måtar var utgått på dato. I 1970 blei den øydelagt av brann ei natt på Foreneset. Vraket blei senka i Nedstrandsfjorden.


Her ser du "Fisterfjord" før glassalongen var på plass. Bildet tilhøyrer Frida Celius Kalheim.


Nybygget frå 1921 blei pussa, fiksa og ombygd  mange gonger opp gjennnom åra. Årsaka til at eg fekk litt skrivekløe igjen, var at eg fekk eit «Fisterfjord»-bilde tilsendt frå Frida Celius Kalheim. Ho er oldebarn til Johan Kalheim som var skipper på «Fisterfjord» i mange år. Han overtok «Hjelmelandsfjord» då den var ny i 1949 og var der til han blei pensjonist.


Her har "Fisterfjord" fått pssasjerlugarar på båtdekket i 1929.


«Fisterfjord» blei bygd på Gravdals skipsbyggeri i Sunnhordland i 1921. Det blei fortalt at båtbyggjaren rømde til skogs då han såg at båten låg skeiv på sjøen då den blei sjøsett. Dette ordna seg på Rubbestadneset då maskinen, ein 160 hestars Rubb, blei montert.

Den nye rutebåten blei populær. Og eigarane såg at den kunne bli endå meir attraktiv for dei reisande ved å utrusta den med fleire lugarar. Dermed skjedde det endringar i utsjånaden fleire gonger utover 1930-åra. Dette arbeidet blei ikkje avslutta før etter krigen.


"Fisterfjord" på 1920-talet.


Me avsluttar dette åndsverket med eit bilde av «Fisterfjord»  slik den såg ut i 1960-åra. Her er den klar til avgang frå Vadla-kaien ein søndags ettermiddag i skisesongen. Slik hugsar folk som lever i dag den trufaste fjordabåten.

Fotograf: Olav R. Hauge.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar