![]() |
| Else Ingebrigtsen og Torger Hauge sov i formannskapet. Foto: Roy Høibo. |
Dei himla med auene i Suldal kommunestyre då to av representantane opplyste på møtet tysdag 27 februar 1979 at dei hadde sove under eit formannskapsmøtet eit par veker tidlegare. Ikkje rart at det blei fyrstesidestoff i Aftenbla.
Eg sat på tilhøyrarbenken med notatblokk og nyspissa kulepenn og skulle referera frå møtet til Aftenbladet neste dag. Dette var ganske spesielt: Else Ingebrigtsen (a) var den fyrste som kom med sitt skriftemål. Formannskapet hadde drøfta drift og utbygging av barnehagar i kommunen. Der hadde ho sove og røysta feil. Heilt i strid med det som var hennar eige parti og SV sin politikk.
Litt seinare då kommunestyret drøfta eit byggefelt på Suldalsosen, kom den neste synda for dagen. Torger Hauge (sp) hadde også sove i formannskapet og røysta mot si eiga overtyding.
![]() |
| Fyrstesida på Aftenbladet 28. februar 1979. |
Desse to representantane, Else Ingebrigtsen og Torger Hauge virka aldri som dei var spesielt begeistra for kvarandre. Viss dei var i debatt i kommestyret pleide ertekroken Torger Hauge å omtala Else Ingebrigtsen som sin "ærede motpart". Dette gjorde ikkje tonen betre.
Som Aftenbladet sin mann i Ryfylke var det venta at eg skulle senda inn diverse saker frå slike møte til avisa neste dag. Det var ikkje alltid at sensasjonane sto i kø. Difor heiv eg meg på "soveskandalen".
Skreiv referat, ringde til redaksjonen i Aftenbladet tidleg neste morgon og dikterte inn denne og andre saker til ei av dei kvikke skrivedamene i Aftenbladet. Telefaks og e-mail var ukjente fenomen i dei dagar.
Sovinga i Suldal var fyrsteside-stoff i avisa neste dag. Det var litt i meste laget etter min smak. Men ligavel. Mange tykte nok det var litt løye. Eg fekk aldri kjeft av dei to som var omtala heller.
![]() |
| Som det framgår av bildet, var det travelt å vera Aftenblad- journalist i Ryfylke. Foto: Sigvart Løland. |
Litt utpå våren hadde NRK Rogaland ein patrulje i Suldal og dei laga stoff om likt og ulikt. Då intervjua dei Else Ingebrigtsen om sovinga.
- Det var nok ganske kjedelig for journalistane på vanlege kommunestyremøte. Då greip dei nok fatt i det som det kunne bli litt lått og løye av, sa ho.
Ho hadde sjølvsagt rett.


