søndag 21. desember 2025

An bestefar hata julanissar

 


Johannes Laugaland (1874 - 1962) var bestefaren min.



Sjøl om an bestefar var 75 år eldre enn meg, var me gode kameratar. Me delte på ansvaret for sauene hans og hadde mange gilde stunder i sauakjellaren. Det kom lam på våren. Lemminga skjedde ofte borti Bakkane der sauene hadde beitet sitt. Det var som oftast min jobb å henta sauene heim etter skuletid. Ein gong fann eg ein sau med nyfødde trillingar bak ein stor stein. Stor stas då eg hjelpte dei små heim saman med resten av saueflokken.


Om sommaren hjelpte eg an bestefar i slåtten. Hjelpte til med å hesja og bera inn turrhøyet. Innimellom snakka me om alle mulige ting. Han fortalde om sin barndom. Læraren hans blei kalla Skule-Knut.


Laugaland i min barndom. Folgehuset i forgrunnen. I uthuset var det plass til sauer, høns og ein gris. Deretter kjem bussgarasjen og bussen an far kjørte. Vidare huset der me budde.
Garden og gardshusa nederst. An farbror Andres hadde garden.



Utpå hausten hadde me vêren inn til sauene. Den fekk bala på til sauene hadde fått inn det lammafrøet dei skulle ha i magen. Det kunne ta eit par gonger før alle sauene hadde fått sitt. Når jobben var gjort, fekk hann-sauen ferie til neste haust.


På den tida, i 1950-åra, var det ingen vaksne på Laugaland som forklarte ungane om blomster, bier, øksling og den slags. Så desse haustane med bestefar, meg og vêren var det næraste eg kom forplantningslære i min barndom.


Eg opplevde an bestefar som både godslig og snill. Men samstundes var han strengt religiøs. Kvar morgon høyrte han andakten i radioen. Når me ungane gjekk på skulen om morgonen, høyrte me andakten heilt ned på vegen. Han var tunghøyrt, må vita. Og veggene i folgehuset var ikkje så godt isolerte som veggene er i dag. Andakten og dagsnytt var dei faste postane han høyrte på. Kom det lettliva musikk ut av høgtalaren, var han rask med skrua av. Slikt var synd og ugudelighet.


I vekene før jul kom det rikeligt med julakort frå alle slags slekt og kjenningar. An bestefar fnyste når han fekk julakort med nissar på. - Hedenskap. Det har ingenting med jul å gjera!


I ettertid har eg tenkt at det var meste løye at den gamle, religiøse mannen ville ha julatre i hus. Trur ikkje det var så mange julatre i Betlehem då Jesus blei fødd. Nei. Likevel det var heilt i orden.


Men det var ei mara å vera med han å hogga desse trea. Eit tre til dei i folgehuset og eit til oss. Eg hugsa ein gong me var av garde. Det pøsregna. Me hadde ikkje gått lenge før eg oppdaga eit fint tre. - Dette var fint, bestefar, sa eg. - Det er for fint. Det kan bli eit fint fåretre, sa den gamle som hadde levd av skogen og garden i alle år. I min barndom hadde me ikkje gran til julatre. Fåra var gildast.


Dermed subba me rundt i skogen. Det blei vått og kaldt før me fann tre som var passeligt fine, men som ikkje blei altfor flotte, vaksne tre. 


Det blei fine julafter. Me feira mange juler saman med besteforeldrene på Laugaland. An bestefar les jula-evangeliet på stivt riksmål. Nynorsk var någe nymotens tull. Det var ingen som snakka nynorsk i Jødeland.


Etterpå var det litt gang rundt julatre og så omsider presangane.  Til slutt var det nøtter og appelsiner.


Veldigt kjekke minne.


Men nåde den som sa god jul. An bestefar ville ikkje høyra det før på juledag. Det var då Jesus blei fødd.


Etter jul kom snøen. Då laga an bestefar snøplogar til bror min og meg. Eg tenkjer med glede på han når jula står for døra. Han blei 87 år gammal.



tirsdag 16. desember 2025

Aidensfield – superkriminell landsby med tøffe politifolk og vakre kvinnelege legar

 


Tre gonger til dagen kan du sjå på livet i Aidensfield på NRK 2.



Nå er det gått for vidt. Dette hersens NRK har snart gjort det umuligt for meg å ringa til kompisane mine. Av ein eller annan grunn har eg fått så mange gubbar i 70-åra i bekjentskapskretsen. Og dei ser Aidensdfield på TV. Tidligt og seint.


Her ein føremiddag skulle eg ringja til ein av desse karane. Det er han eg pleier å ta kontakt med når eg lurer på eit eller anna om bil.


- Hallo, sa han då han endeleg tok telefonen. Eg høyrde støy i bakgrunnen. - E du oppteken, spurte eg. - Ja. Eg ser på Aidensfield, var svaret.


Det gjekk ikkje betre då eg ringde til ein av firmenningane mine inne i fjordane i åtte-tida her ein kveld. Han var djupt inne i ei kriminalgåte frå Yorkshire-bygdene i England. Nå???. NRK 2 hadde jammen Aidensfield på programmet klokka åtte om kvelden også.


Tre gonger i døgnet viser statskanalen bygda-krim frå England.


Eg skal innrømma at eg også får meg ein dose med Aidensfield i fem -tida rett som det er. Men nå begynnar det å bli nok.


Det må vera nesten 20 år sidan NRK begynte å visa serien "Hjartet på rette staden". Politistasjonen, småkjeltringar og puben i landsbyen Aidensfield i Yorkshire i England står sentralt i denne serien som skildrar livet her i 1950-åra. Som bil-interessert i yngre år blei eg sjarmert av å sjå på bilparken. Ein mengde ulike engelske bilar kjørte rundt heile tida.


Men i dette som er ein serie frå det som eg trur er fredeleg engelsk landsbygd, utspelar det seg ei endelaus rekke av kriminalitet av meir eller mindre alvorleg karakter. Kvar veke er det ei ny gåte som blir presentert.


Dei fyrste åra viste dei ein ny episode kvar veke. Og eg såg at politisjefane og dei kvinnelege distriktslegane kom og gjekk.  Men ein del figurar  har halde koken.


Trufast sat eg og såg. Lenge.


Nå er eg metta. Eg har sett nok på dei unge, staute politimennene som kjører rundt på motorsykkel eller klemmer seg inn i ein trang Ford Anglia med blålys på taket! Koss sannsynleg er det at alle vakre lege-kvinner på død og liv vil ut på den engelske landsbygda? Og at puben er møteplassen kvar einaste kveld for legar, politi og røvarar?


Og desse episodane er ikkje ferskvare. Eg har sett dei før. Kaffor blir dei sende om og om igjen. Tre gonger om dagen. På denne måten heftar statskanalen vekk gamle gubbar som skulle vore i uthuset og kløyvd ved eller hjelpt kona med oppvasken.


Det hender rett som det er at eg blir sitjande å sjå på dette på ettermiddagen medan eg ventar på Dagsnytt 18. Men nå skal eg prøva å kutta det ut. Me får sjå.


For tida likar eg betre nye dyrlegar!