torsdag 12. juni 2025

Ei fredstid i full fart for Lise og mora Gabbi Sømme

                                       

I 1945 blei Lise og gabbi Sømme gjenforent. Nå budde dei eit års tid på Nærland saman med 
flyktningane frå Sørøya i Finnmark. 

 


Gabbi Sømme slo seg ikkje til ro sjølv om krigen var slutt. Ho var stadig på farten med dattera Lise på slep. Etter at ho flykta frå Norge i 1944, møtte ho flyktningane frå Sørøya i Finnmark i Skottland. Ho fekk oppdraget med å hjelpa dei til rette i flyktningleiren der.


Vel heime i Norge sommaren 1945 og gjenforent med Lise, gjekk turen til Nærland på Jæren der Sørøy-folket fekk ein ny leir der dei kunne bu fram til det gjekk an å flytta heim igjen. Tyskarane hadde brent ned alle hus på Sørøya då dei trekte seg sørover i 1944.


Gabbi og Lise flytta også til Nærland. Der fekk dei leiga hønshuset (!) til Tønnes Nærland. Hønsa heldt til kjellaren, leigebuarane hadde resten av huset. Ho gjekk på skulen saman med dei andre barna i leiren. Ester Hanssen, som kom nordfrå, var lærar der. Lise og Ester blei venner for livet.


Sørøy-flyktningane på Nærland.



Lise var sjølvsagt med då Sørøy-barna blei invitert til å gå fremst i barnetoget i Stavanger 17. mai 1946. Ho hugsar godt turen frå Nærland til Stavanger denne dagen bak på ein lastebil.


Seinare same året gjekk turen nordover for Lise. På 13-års dagen låg ho sjøsjuk og elendig om bord i hurtigruta på veg over Vestfjorden. Ho reiste saman med  mora til  Finnmark. Gabbi hadde nå fått ein stilling som sosialsekretær med kontor i Alta. Eldsjela frå Stavanger blei nå engasjert i gjenoppbygginga av Finnmark.


Gabbi Sømmeflytta inn i dette huset i Midtbakken i Alta i 1946. Her er ho nettopp inne. Den 
tomme flygel-kassen er ikkje fjerna.



Søringane flytta inn i eit hus i Midtbakken i Alta. Her begynte Lise på realskulen. Skulegangen blei ei pendling mellom realskulen i Alta og U. Pihls pikeskole i Bergen der faren budde. 17 år gammal blei ho elev ved Trondarnes folkehøgskule i Harstad. For fyrste gong i sitt liv opplevde ho at det var kjekt å gå på skule.


På den tida blei mora så sjuk at ho måtte flytta til Stavanger der ho døydde seinare. Etter dette budde Lise hjå sin far.


Som så mange unge hadde ho ulike yrkesplanar, men ho blei bibliotekar. Ho var ferdig utdanna biblitekar i 1957 og fekk jobb som sjef på biblioteket i Hammerfest.


Men ho følte ho ville læra meir før ho tok denne jobben. Ho reiste til Skottland og arbeidde eit år på bibliotek i Edinburgh. Der møtte ho mannen i sitt liv, Wlliam McKinnon. Han var lærar på vidaregåande skule. Han gjekk alltid i kilt i fritida. Dei gifta seg og fekk tre døtre. I 1964 tok ho med seg mann og barn og flytta til Bergen. Mannen blei lærar og seinare professor på Handelshøgskulen. 


Etter ein turbulent barndom og ungdom, slo Lise seg ned i Bergen. Her har ho budd sidan. Ho blei enke i 1997.


Musikken har vore ein viktig del av Lise sitt liv. Mora var ein dyktig musiker. Både på flygel, fiolin og kyrkjeorgel. Saman med faren gjekk ho fast på konsertane til Harmonien i Bergen. På 1970-talet fekk ho jobb på musikk-avdelinga på biblioteket.  Ho endte sitt yrkesliv som bibliotekar på Grieg-akademiet.


Dokketeater har også vore ei viktig interesse for Lise sidan 1950-talet. Dette resulterte i dokketeater-gruppa Frøknene Frydenlund som var i drift i 30 år i biblioteket sin regi.  - Norge er eit u-land når det gjeld dokketeater eller figurteater som det heiter i dag, seier Lise som er stolt over å ha vore med på å fremma interessa for dokketeater-kunsten i Norge.


Lise McKinnon fyller 92 år i november. Ho er frisk og rask og stadig på farten. Saman med ein del jevnaldrende veninner  dyrkar ho tysk språk og litteratur ein dag i veka. 


Mora, Gabbi Sømme, døde i 1952. Faren, Axel Sømme, døde 1991.


 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar