![]() |
Avisande dollarturist med løyen hatt. |
Koss såg dei ut, dollarturistane frå cruiseskipet «Caronia»? Stavanger-folk hadde gått rundt i spenning i dagesvis før det aller fyrste cruiseskipet med over 500 amerikanske turistar om bord, kom til byen.
Journalistane i lokalavisene gjekk med liv og lyst laust på oppgava med å dokumentera besøket.
Britiske "Caronia" var bygd i 1947 og tilhøyrde Cunard-rederiet.
Journalisten frå Rogalands Avis tok seg ein tur på byen for å møta turistar på shopping i sentrum og som dei forretningsdrivande håpa skulle strø om seg med pengar.
Ikkje vanskeleg å skilja turistane frå den vanlege mannen i gata på den tida. Journalisten tok kontakt med den fyrste og beste:
"En Stavanger-dame kom oss aldri så lite i forkjøpet ved å bemerke til sin gemal: - Uff, se på han der med det marakkelse på hatten! Har du sitt någe så likt på ein kanarifoggel?
Men det forsto heldigvis bare vi, og ikke millionæren. Derfor gjorde vi bare et av våre høfligste bukk, presenterte oss pent og ba forsiktig om et par opplysninger. Hva han drev med i Amerika, for eksempel?
?No thank you, please leave me alone, you better make your own busness, sa kanarifoggelen.
Vi ble slett ikke fornærmet, men knipset et bilde i det herren snudde seg bort."
Mildred og Walter C. James frå Beverly Hills i California var meir imøtekommande mot RA-journalisten.
Dei sto utanfor ein kolonialforretning og diskuterte kor i all verda ein importerte kaffien frå.
Mannen var i olje-business. Om kona skreiv avisa at ho hadde øyenlokk med ein aldeles nydeleg, kvass lillafarge.
Ekteparet fortalte at dei reiste stort sett heile året. Og dei hadde vore i Norge før. I 1955, med «Stella Polaris».
"Olje-business, betyr det for Deres vedkommende at de "bare" eier grunnen der olje kommer opp?
- Yeah!"
Sentrumsbutikkane i Stavanger fekk ikkje den store omsetninga under cruisebesøket. I Bergen hadde dei oppnådd heilt andre resultat då slike flytande hotell kom på besøk. 300 000 kroner, omtrent 4 millionar i dagens kroneverdi, la passasjerane frå seg på nokon ettermiddagstimar i Bergen, skreiv Aftenbladet. Ein turist hadde kjøpt 120 lusekofter som kosta 120 kroner pr. stk.
På «Caronia» kunne passasjerane ligga i køya og telefonera jorda rundt.
Det var 700 telefon-apparat og 600 elektriske ur om bord.
Ein luksus utan like i 1959!