![]() |
Postbudet på spark, Helene Bråthen frå Sauda, var første-sidestoff i Aftenbladet 13. februar 1980. |
Sjølv om ho måtte vassa i djup snø til langt oppå låra for å komma seg fram til ein del av postkassane, var ikkje dette nok til å stoppa postbud Helene Bråthen frå å fullføra ruta si i Sauda.
Dette skreiv eg i ein reportasje i Aftenbladet i februar 1980. Det kom ein mengde snø på den tida. Dermed kunne det vera vanskeleg å ta seg fram i indre deler av Ryfylke. Men dei innfødde var vane med snøvintrar og tilpassa seg forholda. Slik kunne ein laga avisstoff av.
For nokre dagar sidan blogga eg om landpostbudet frå Hylsfjorden som brukte traktor med firehjulstrekk for å levera posten til "kundene" sine. Helene Bråthen var gåande og syklande postbud i Sauda på sommarføre, men brukte sparkstøtting når snøen kom. Den var obligatorisk på vinterføre. Men postkassane var ikkje like tilgjengelege. Derfor måtte ho ut i den djupe snøen for å levera posten i mange av dei grøne postkassane. Ho måtte også vera obs på at det kunne komma takras.
Til vanleg brukte ho tre timar på ruta si frå Sauda sentrum over Fløgstad til Tråsavika mellom Sauda og Saudasjøen. Det blei to timar ekstra i desse dagane med all snøen og tungt føre. Men ho fekk ikkje overtidsbetaling fordi om ho blei forsinka. Ikkje var det noko Sauda-tillegg heller.
![]() |
Helene Bråthen måtte vassa i snø til låra for å komma fram til ein del av postkassane. |
Den dagen då eg var med henne på ruta, var sekkene fulle av "uvelkommen" post. Bileigarane fekk krav på årsavgift. I tillegg tok kooperasjonen sitt medlemsblad, "Vårt blad", mykje plass i postveskene.
Helene Bråthen hadde gjerne sett at det var betre brøyta på ruta hennar, men det var fleire enn henne som trong brøyting. Dei mindre vegane måtte venta til slutt, sa ho, og ville heller ikkje klaga på huseigarane som ikkje rydda vekk meir snø. Dei skulle jo på arbeid på morgonen og hadde andre ting å tenkja på. Ho trøsta seg med at det blei betre for kvar dag som gjekk etter snøfallet. Det var meir irriterande at snøen hindra postgangen til Sauda. Dermed gjekk det lenger tid før buda kunne starta på rutene sine.
- Jobben min er fin den. Eg får vera mykje ute og får frisk luft og trim gratis, sa ei smilande Helene Bråthen som aldri hadde blitt alvorleg skada på jobben sjøl om det hadde vore nokon fall av og til.
Slik gjekk dagane for postbudet i Sauda på vinterstid for 45 år sidan. Heilt forandra i dag når folk har fått e-mail og internett. Det hadde me ikkje høyrt om i 1980.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar