mandag 31. januar 2022

«Oscar II» - fullasta med fjonge oljefolk i «Lykkeland»

 «Oscar II» i «Lykkeland» Foto: NRK.

 

Flott å sjå «Oscar II» seilande på Lysefjorden fullasta med fjonge oljefolk i «Lykkeland»-serien på NRK-TV søndagskvelden. Denne båten har eg opplevd som rutebåt ved kaien på Hjelmeland i min barndom, men den forsvant ut fjordafarten før eg blei stor nok til å oppleva å reisa med båten.


I «Lykkeland» er «Oscar II» ute med oljefolk som deltok på oljemessa i Stavanger i 1978. Men kor var «Oscar II» på den tid? Den eksisterte ikkje. Den tidlegare rutebåten var då blitt til fraktebåten «Havås» og gjekk i sandfart.


Slik ser «Oscar II» ut i dag. Foto: Erling Jensen.



I 1999 var den tidlegare dampbåten «Oscar II» klar for opphogging, men då greip pengesterke rogalendingar, med Daniel Øvstebø i spissen, inn og kjøpte båten. Nå blei båten restaurert og framsto til slutt omtrent slik den hadde sett ut rundt forrige århundreskifte. I 2004 kom den grønmalt og fin tilbake til sin gamle heimby Sandnes der den har hatt fast liggeplass i alle år etterpå.


Her er «Oscar II» i Gandsfjorden med dampen oppe.


«Oscar II» blei bygd ved Stavanger Støberi & Dok i Stavanger for Sandnæs, Stavanger Høgsfjords Dampskibsselskab. Dampbåten blei sett inn i rute mellom Sandnes og Stavanger, men den gjekk også i ruter p Høgsfjorden og Lysefjorden.


Her var det lasterom forut og salong akterut, og under dekk var det førsteplass med plysjsofa. På den tida var det klasseskilje på rutebåtane i Ryfylke.



Melding i Dagbladet Rogaland i 1947.

.

Sjølv om folk fann andre reisemåtar mellom Sandnes og Stavanger, gjekk «Oscar II» i ruta si heilt fram til 1952. Trafikken til og frå Dale sykehus var ein viktig del av inntektsgrunnlaget for at denne båtruta heldt det gåande så lenge.

Som ny hadde «Oscar II» ein dampmaskin som gav båten ein fart på ni knop. I 1946 blei dampmaskinen skifta ut med ein GM dieselmotor på 165 hk. I nyare tid blei det sett inn ein Mercedes motor på 280 hk. Den skal står i båten ennå.


Med unntak av krigsåra, var båten grønmalt i alle år heilt fram til 1952. Då overtok Jøsenfjord Rutelag båten og malte den svart. Dette selskapet mangla ein båt etter at «Ombofjord» hadde forlist. Selskapet hadde båten til 1955. Ingebrigt Hebnes kjøpte då båten og gav den navnet «Havås» som den hadde i alle åra etterpå sjølv om eigarane skifta.


Nå er «Oscar II» trygt tilbake på Sandnes og ligg for det meste i ro. Men den viste seg fram på fjernsynet på søndagskvelden. Fint syn!

1 kommentar:

  1. Det e vel den einaste båten Jøsenfjordselskapet har hatt så de ikkje har brydd seg med å setta sitt eget navn på? De sko vel bare ha an te dess at Årdalsfjord blei ferdige. Synd de nye eigarane ikkje valgte å restaurera an te sånn så an såg ut då, då kunne de fått ein meir autentiske båt.

    SvarSlett