lørdag 21. november 2020

Eldfinn har bakeri og sel steinbakte brød og saupskoltar

 


Eldfinn Austigard tilbyr 60 steinbakte brør frå eige bakeri i Årdal 
kvar fredag. 

Steinbakte brød, saupskoltar, utskorne eventyrfigurar og maleri. Den mangfoldige Eldfinn Austigard (67) har litt av kvart å by på når han åpnar i Skabelonen i hagen sin i Årdal kvar fredag.


- 60 brød pleier eg å baka kvar fredag. Eg har to brødsorter: Eit grovt med mykje korn. Dette kallar eg Årdalsbrød. Det har slått godt an. Det andre er eit lyst kneippbrød som eg kallar Såtå. Det er oppkalla etter ein av dei mange fjelltoppane våre, fortel Eldfinn.


Saupskoltane er det kona, Gunhild, som lagar. Desse blir også kalla gongkaker andre stader i fylket.


At kultursjefen i Hjelmeland plutseleg skulle stå fram som brødbakar på sine eldre dagar, kom vel litt uventa.  Dei fleste har lært seg å kjenna Eldfinn Austigard som mannen bak den årlege Kodejakta i Hjelmeland. Denne jakta får folk til å springa heiane rundt i sommarhalvåret for å få med seg dei ti turmåla som er med i opplegget. Dessutan er han mannen bak Eventyrskogen som blei den nye turistattraksjonen i Årdal etter at Ryfast gjorde Ryfylke landfast med Nord-Jæren. Det er han som har skore ut alle eventyrfigurane i skogen.


- Gunhild kom heim frå ein Sydentur for to-tre år sidan og hadde fått det for seg at ho ville ha eldhus i hagen. Eg var ikkje så veldig begeistra for dette. Men eldhus blei det med steinomn der ein kunne baka eigne brød. Før eg visste ordet av det, blei eg hekta på brødbaking.


Eldfinn reiste rundt i landet og samla kunnskap om baking i eigen omn og les haugevis av bøker om emnet.


I løpet av dei siste åra har han bygd opp det som blir kalt Skabelonen i hagen heime i Årdal. Her har Gunhild og Eldfinn teke mot bussturistar som har blitt traktert med kaffi og servert røvarshistorier frå Årdal. I sommar skulle det vore reine turistinvasjonen i bygda, men det kokte vekk i Corona-kålen.


Dermed blei det meir tid til brødbaking. Systera og broren til Eldfinn kjøpte kvar sitt brød og kort tid etter selde han brød til folk som oppdaga at det nye bakeriet i Årdal. Slikt hadde ikkje eksistert i Årdal sidan handelslaget la ned sitt bakeri for nesten 50 år sidan.


- Brøda blei rivne vekk. Ein dag var eg utseldt etter 15 minutt. Men andre fredagar har det gått tregare. Fyrst ved fire-tida har eg vore lens for brød. Det kan godt vera at dette berre er eit blaff. At kundene mine blir leie. Det veit eg ikkje, men eg har ingen planar om å slutta.


Fordi eg har hatt så mange timar å avspasera frå jobben i kommunen, har eg drive med brødbaking kvar fredag. Det er stadig ein god del timar igjen. Derfor kan eg halda på med dette inntil vidare. Men det er arbeidskrevande. Eg startar på torsdag ettermiddag og kveld med å laga deig og fyra opp i ovnen. Dessutan må eg opp midt på natta og fyra meir for at ovnen skal ha rette temperaturen når brøda skal steikast på føremiddagen.


Koss blir framtida for Eldfinn?


Nå har 67-åringen vore kultursjef i Hjelmeland i 11 år. Han kunne pensjonert seg, men likar seg svingodt på jobben med kjekke kolleger og ein rådmann som har vore veldig positiv til dette.


- I fjor tenkte eg at eg skulle slutta neste år. Det gjer eg dette året også. Me får sjå når eg blir 68 år, seier Eldinn Austigard som med sine gener truleg vil få mange år som pensjonist uansett når han går av. Faren Edvard blei 97 og mora Astrid blei 99 år.


Eldfinn Austigard i yngre dagar som sjef for busselskapet
Ryfylkeveiens Billag. Foto: Asgaut Ness.


At Eldfinn Austigard skulle enda opp som kultursjef i Hjelmeland var det vel ingen som skulle trudd for ein del år sidan. Han starta i arbeidslivet med å vera høgre hand for faren Edvard som var sjef for det lokale busselskapet, Ryfylkeveiens billag. Då faren slutta i 1977, overtok Eldfinn som sjef. Ryfylkeveiens billag blei oppkjøpt av Østerhus bilruter nokre år seinare. Då kjøpte Eldfinn og kona Gunhild busselskapet sin bensinstasjon og verkstad-bygning i Årdal og dreiv forretning her til 2007.


I 2005 fekk han kulturprisen i Hjelmeland for innsatsen i idrettslaget og som treskjerar og dessutan som sosial eldsjel.


Då han kutta ut som bensin-seljar, fekk han ein deltidstilling som kulturformidlar i Hjelmeland. I 2009 blei han kultursjef i Hjelmeland kommune. Der stortrivs han ennå og veit som du nå forstår, ennå ikkje kva tid han skal klara å riva seg laust og bli pensjonist. Det blir forresten sikkert travelt det også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar